Mitt liv med flyskrekk

KOMMENTAR: Mi flyskam er ikkje som andre si, eg skjemst ikkje fordi eg flyg mykje, eg er flau fordi eg ikkje flyg i det heile.

Forsking viser at stadig færre nordmenn lir av flyskrekk. Og no kan dei truleg alle snart flyga så mykje dei har lyst til igjen. Men ikkje alle ser gleda i å flyga. Foto: Pål Christensen

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Eg har berre tatt fly to gonger i livet mitt. I løpet av ei veke i februar 1988 flaug eg fram og tilbake frå London.

Det er ikkje noko eg til vanleg snakkar høgt om. I mange år har eg skamma meg over flyskrekken min og misunnt dei som oppsøker krittkvite strender langt av garde, og har ovale helger i europeiske storbyar. I så mange år har eg skamma meg, at dei som flyg har byrja å skamma seg over å reisa med fly. Eller dei sa i alle fall at dei skamma seg, inntil pandemien lamma flytrafikken, og gjorde det meste av flyskamma overflødig.

For meg er det uforståeleg at nokon frivillig set seg inn i ein trong stålsylinder for å dra ei mil opp i lufta. Eg let meg alltid fascinere og forundre over kor avslappa, ja endåtil glade (!), mange flyplass-passasjerar verkar når dei blir intervjua på tv. Det ser ut som dei berre ventar på ein ganske vanleg hurtigbåt eller buss.

Eg vel mine redsler

Imens åra går og eg berre ser flya sine kvite kondensstriper på himmelen, køyrer eg gladeleg Riksveg 13, der steinane kikkar olmt på meg frå kvar ei ur. Det heng ikkje på greip, eg veit jo det. Men der er det mine eigne hender eg ser rundt rattet.

Hjernen min veit at det nesten ikkje er farleg å flyga, men fantasien min nektar å tru det. For risikoen er kanskje null, men du har jo alltid skjebnen. Ein av favorittfilmane mine er bisart og paradoksalt nok Snakes on a plane, som gir meg fare på fare i godvond kombinasjon. Fly er klaustrofobi og ein stad du er heilt utan kontroll, med mindre du sit i sofaen og ser andre er hysteriske i skylaga.

Frykta for tronge rom blei vekt i meg då eg som lita ikkje kom meg ut av eit toalett på skulen. I noko som verka som endelause minutt stod eg og herja med beistet av ei dør som ikkje ville rikka seg. Så eg tar ikkje heis heller, eg. Eg går så langt det skal vera i trapper. Heilt til topps i Oslo Plaza, om så er.

Lufta er full av folk

Når barna er ute og flyg, er det eit merakkels å følgja med på Flightradar-appen på telefonen, der flya før pandemien låg tette som flogesvermar over Europa. Ved å følgja nøye med på flighten, innbiller mor seg at ho har ein viss kontroll. Mi tankekraft held flyet oppe. Men like lite som eg kan stansa eit steinras med nevane, kan eg berga eit fly som fell frå skyene.

Då familien drog på cruise i Middelhavet for nokre år sidan, reiste mor i huset tre dagar før, og kom heim tre dagar etter dei andre. Å reisa sakte langs landjorda, gjorde at eg heilt sikkert opplevde meir, der eg skrangla meg gjennom Danmark i varme bussete, og vogga meg over havet frå Esbjerg til Harwich. Heim att fekk eg testa Eurostar og milevis av anna europeisk jernbanenett, mens eg las ein del bøker og tenkte ein del tankar. Ferie er ein ting, karrierekvinne kunne eg aldri vore.

Å ha flyskrekk har gjort at eg har kjent meg som eit utskot. I Norge er eg jo definitivt det. I 1986 sette 5 prosent av nordmenn aldri sine bein i eit fly. Dei hadde det forskarane kallar alvorleg flyskrekk. I 2015 var det berre 0,5 prosent som aldri flaug. I 2021 er det truleg berre meg igjen.

Snakes on a plane er ein så dårleg film at han er god. For meg med flyskrekk er det ei nyting å sjå andre kava på, medan eg sit trygt på landjorda i sofaen. Foto: Ukjent

Eg og alle dei andre

Men eigentleg er det dei som flyg som er utskota, viss ein ser stort på det. I 2018 hadde 89 prosent av folk i verda aldri floge, så me er ganske mange som ikkje er å finna i dei øvre luftlag. Nordmenn flest reiser med fly til utlandet minst ein gong i året. Berre mellom 2 og 4 prosent av folk i verda flyg så ofte til eit anna land.

Pandemien har gjort at livet mitt, som lenge har vore i utakt med andre sine, ei stund verka å vera meir i takt med omverda. Folk flest har vore kortreiste. Kanskje fleire i framtida skjønar at det korkje er bra for klima eller klokka å dra til ein by langt borte for eit to timars møte, sjølv utan flyskrekk.

Eg som går her på landjorda og sullar, gjer kanskje det rette med tanke på klimaet, men eg gjer det ikkje av dei rette grunnane. Eg kan ikkje skryta på meg noko større klimasamvit enn gjennomsnittsnordmannen, for eg køyrer langt og mykje med dieselbil.

No stålset eg meg for all flygelysta som snart vil slå ut i full blom att når folk har fått det andre stikket. Ein reddhare som meg tenkte først å droppa heile vaksinen. Eg er redd korona også, men vaksinen kom med ein dato, og det var litt skummelt. Men så blei eg forkjølt, eller kanskje det var korona? Då fekk eg litt lyst på vaksine, heilt til dagen kom.

Då eg stod i køen utanfor idrettshallen, kjendest det litt som å venta på eit fly. Eg flaug i alle fall på fantasiens viltre venger der eg stod, det var ikkje måte på kva som kunne skje meg etter stikket.

Filmplakaten til Snakes on a plane som gjekk på kino i 2004. Foto: Ukjent

Med i flokken

Så sat eg der og pusta alvorleg bak munnbindet, saman med tretti-førti andre på sirlege stolrekker i idrettshallen. Det kjendest litt som ein film, men var det ikkje. Folk rundt meg såg glade ut i auga då dei fekk stikket. Kanskje fordi dei tenkte på alle flyturane dei skulle ta. Eg hadde ikkje lyst på korkje sprøyte eller flytur, men let likevel sjukepleiaren stikka meg i armen eg ikkje søv på.

Og eg overlevde. Eg lever framleis, faktisk. Eg svevde nesten ut av vaksinelokalet. For eg greidde å vera sjef over fantasien, og no er eg i alle fall ein del av den store vaksinegjengen.

Kanskje eg ein dag kan sveva på skikkeleg? Saman med alle dei andre der oppe? Men det er jo ikkje bra for klimaet, så eg blir nok her nede.

Eller skal eg la livet få neste stikk?

Hjernen min veit at det nesten ikkje er farleg å flyga, men fantasien min nektar å tru det. For risikoen er kanskje null, men du har jo alltid skjebnen. Ein av favorittfilmane mine er paradoksalt nok Snakes on a plane.

Les også

  1. – Har me så god sjuke­løns­ordning at me pressar oss mindre enn me burde?

  2. – Eg trur koronakrisa har dunka liva til urbane menneske inn i ein rytme som minner meir om våre bygdeliv

  3. Tre styrepils i 60 knop

  4. «Eg er glad eg ikkje er eit husdyr. Då hadde eg levd farleg, for eg er ei høne som er i ferd med å gå tom for egg.»

  5. Debatten om bok­omslaget til Hadia Tajik starta med eit lesar­brev i Aften­bladet. Det viser kva spreng­kraft det kan ha å skriva og meina noko

  6. Berre knapt 30 prosent av kjeldene i avisene er kvinner. Og det er ikkje berre journalistane sin feil

  7. Menn heiar på menn og kvinner heiar på dei same mennene. Difor har du mindre sjanse til å vinne pris om du er kvinne

  8. Ein barnehage i Gjesdal begynte å ringe far først når eit barn blei sjukt. Då skjedde noko uventa

Publisert:
  1. Fly
  2. Flyplass
  3. Flyskam
  4. Kortreist

Mest lest akkurat nå

  1. Mandag åpnes Vågen for trafikk igjen: – Det er en katastrofe for bransjen og sentrum

  2. Rekordmange sendes ut av landet: – Trodde jeg kom inn uten problemer

  3. – Det er uverdig for norsk politisk debatt at Frp skal måtte ta avstand frå nazistar

  4. Derfor bør du tenke deg om to ganger før du hopper i sjøen like etter at det har regnet

  5. Unge konservative i kirken føler seg i mindretall – nå lager de sitt eget nettverk

  6. Dette skjer i OL mandag 2. august