Regjeringa sitt grøne industriløft er ei grøn ansiktsløfting
GJESTEKOMMENTAR: Regjeringa sit vegkart for grønt industriløft er eit skalkeskjul for svak klimapolitikk.
- Klaus MohnRektor og professor, Universitetet i Stavanger

Den globale oppvarminga fører med seg store utfordringar og dilemma for oljenasjonen Noreg. I klimapolitikken har me sett hemningslaust høge mål, med sikte på utslepp nær null i 2050. I mellomtida skjer det lite. Altfor lite. Utsleppa er i beste fall stabile, og no begynner det å haste noko alvorleg.
Å levere, eller la vere?
Å redde klimaet vil bli både vondt og vanskeleg. Og desto lenger ein stikk hovudet i sanden, desto verre blir det å ta grep. Likevel vel dei fleste av oss å sjå bort. Me held fram som me stemnar så lenge politikk og marknad ligg til rette for utvinning og omsetting av fossile brensel.
Fleirtalet av veljarane meiner framleis at oljeverksemda bør utviklast, snarare enn å avviklast, at fellesskapen sin del av inntektene skal gå til Oljefondet og at oljerikdommen ikkje skal øyremerkast anna enn nordmenn og våre behov over statsbudsjettet.
Politikarar som har eit anna syn enn veljarane, vil tape i val. Difor er det at politikarar i posisjon lèt som om klimapolitikken er smertefri, at klimaet kan reddast utan at me vil merke det, og at oppsidene ved klimapolitikken er større enn utfordringane knytt til global oppvarming. Ei alternativ forteljing tek dei rett under sperregrensa.
Koalisjon av interesser
Det er likevel nærliggande å tenke at når den enorme rikdommen vår har det same opphavet som klimautfordringa, så gir det oss eit moralsk imperativ til å bøte på situasjonen. Med ei sterk sak er klimainteressene likevel i mindretal. I mellomtida blir politikken dominert av næringsliv og fagrørsle, aktivitet og sysselsetting, verdiskaping og vekst.
Regjeringa si lansering av eit vegkart for grønt industriløft kan sjåast som eit forsøk på føre hovudinteressene saman rundt nærings- og klimapolitikken i Noreg. Her er målet nemleg å utvikle dagens og morgondagens industri på eit vis som gjer oss mindre avhengige av olje og gass, og samstundes støtte opp om ambisjonane for klimapolitikk i Noreg og internasjonalt.
Arbeidsplassar, vekst og verdiskaping, altså – hand i hand med ambisiøs og effektiv klimapolitikk. Som suksessfaktorar trekk ein fram grunnleggande føresetnadar som naturressursar, kompetanse, teknologi, infrastruktur og politiske rammevilkår.
I god norsk ånd skal satsingane bli realiserte i partnarskap mellom styresmaktene, partane i arbeidslivet, kunnskapssektoren og EU. Regjeringa peikar likevel ut sju næringsområde som mål for særleg innsats, – i tilfelle næringslivet sjølv skulle vere i tvil om kva for næringar som er verdt å satse på, kanskje?
Aftenbladet mener: «Stort politisk lederskap trengs»
På jakt etter oppdrag
Regjeringa sitt vegkart for grønt industriløft føyer seg inn i eit moderne tankesett som etterlyser større statleg engasjement, i næringspolitikken, i kapitalmarknaden og i produksjon og forsyning av kunnskap. Utgangspunktet er å løyse store samfunnsoppdrag ( «missions») gjennom meir aktivistisk politikk frå staten si side overfor ulike delar av økonomi og samfunn.
For dei som er engasjerte i berekraft og klima, kjem tankegodset rundt samfunnsoppdrag som utgangspunkt for statleg pengebruk som bestilt. Nærings- og arbeidsliv er med, så lenge staten følgjer opp satsingane med økonomiske bidrag som kan gje betre lønsemd, mindre risiko og fleire arbeidsplassar. Når miljø- og klimarørsla slår lag med partane i arbeidslivet, er det vanskeleg å stille seg i vegen, uavhengig av kvaliteten på satsingane.
Ikkje mange av dei 100 tiltaka
for grønt industriløft vil redusere
utsleppa av drivhusgassar,
ikkje eingong innan 2050.
Frå nøytralitet til aktivisme
Den meir aktivistiske næringspolitikken frå Støre-regjeringa markerer eit brot med den lett nyliberalistiske tradisjonen som har prega økonomi og politikk i vestlege land gjennom dei siste 30 åra. Her har staten blitt rådd til å samle seg om næringsnøytral politikk for forsking, infrastruktur og rammevilkår, og la næringslivet sjølv avgjere kva for teknologi og næringsverksemd som eignar seg best for vekst og vidareutvikling.
Samstundes står me i ei særeigen tid. Utsiktene for olje- og gassverksemda får motvind frå ressursknappleik og klimainteresser. Når regjeringa har valt å verne olje- og gassnæringa mot avvikling, så kjem behovet for å kompensere. For det er vanskeleg å forsvare utvikling av olje- og gassnæringa om ein ikkje samstundes er minst like ambisiøs når det gjeld grøn næringsutvikling.
Betre for økonomien enn for klimaet
Nye politiske vindar set no store samfunnsoppdrag i sentrum for merksemd og prioriteringar i staten sine utgifter til investeringar og forbruk. Fremst i rekka av slike samfunnsoppdrag står kanskje grøn omstilling, som respons på klimautfordringa. Resultatet er ei rekke krav og forventningar om at ressursrikdommen no bør kanaliserast mot vidløftige satsingar som skal bidra til grøn omstilling og andre store samfunnsoppdrag, som til dømes er avleia av FN sine mål for berekraftig utvikling.
Om me ikkje lykkast i å nå våre eigne mål for reduksjon i utsleppa av klimagassar, får me trøyste oss med at me har ei olje- og gassnæring som er utvikla, ikkje avvikla – og at me i mellomtida har blitt ei grøn industrikjempe. For det er ikkje mange av dei 100 tiltaka i vegkartet for grønt industriløft som vil bidra til å redusere utsleppa av drivhusgassar på norsk territorium, ikkje eingong innan 2050. Sjølv om ein lett kan få eit anna inntrykk, må nok oppsummeringa bli at vegkartet for grønt industriløft stakar ut ein kurs som er betre for næringslivet enn for klimaet.
Twitter: @Mohnitor