Klimakampen bør starte i vår eigen hage

KOMMENTAR: Me må snakke meir om inntektssida av klimarekneskapen.

Publisert: Publisert:

Hagedyrking etter regenerativ metode har vore i vinden dei siste åra. Foto: Carina Johansen

  • Mikkjell Lønning
    Journalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Dette har vore ei trist veke for miljøet. Ein rapport frå The World Meteorological Organization (WMO) har vist at uvanleg store skogbrannar i juni har ført til CO₂-utslepp på linje med det Noreg står for i løpet av eit år. Grunnen er hetebølgjer. Ei analyse frå Union of Concerned Scientists seier at det vil bli fire gongar så mange dagar med over 40 varmegrader i USA, fram mot 2050.

Vidare er klimadebatten prega av ulike typar skam. Me skal skamme oss for å fly, for å køyre bil – til og med for å strøyme video! Det er viktig å reflektere over forbruket vårt av både det eine og det andre, men dette er ikkje nødvendigvis den mest nyttige debatten. Moralisme er sjeldan eit effektivt verktøy.

Det verkar likevel innlysande at noko må gjerast. Uansett om ein trur på menneskeskapte klimaendringar eller ikkje, kan alle sjå at ting ikkje er heilt som dei skal vere.

Men kva kan me eigentleg gjere? Er det ikkje slik at Kina står for rundt 160 gongar meir CO₂-utslepp enn Noreg, og at utsleppa går i taket for kvart år? Jo, det er slik. Og er det ikkje slik at USA har trekt seg frå klimapliktene sine? Dessverre, ja.

Les også

Vannkraften kan ta en større klimarolle

Les også

NOx e NOx! Nå handler det om cruiseskam

Svaret kan ligge hos oss sjølve

Det betyr likevel ikkje at hendene våre er bundne. Ingen skal kunne seie at me ikkje står ovanfor ei sabla vanskeleg utfordring, men det er framleis lys i enden av tunnelen.

I eit politisk landskap der klimaspørsmålet er nedprioritert, er det på tide å ta saka i eigne hender. Vesle Noreg vil aldri kunne gjere opp for storlanda sine utslepp aleine. Men som spydspiss for andre? Kanskje.

Med jamne mellomrom kjem det klimarapportar om korleis skog, mark og hav kan ta opp nok CO₂ for å jamne ut utsleppa våre, dersom me maktar å ta bruk av det fantastiske potensialet som ligg i naturen. Sist i februar kom ein rapport fra ETH Zurich-universitetet som seier at dyrking av ein billion tre vil kunne fange opp ti år med menneskeskapte utslepp.

Dette må begynne med deg og meg. I hagen vår, i nærmiljøet. I skogen bak huset, på det ubrukte taket til blokka eller i beddet langs gatekanten.

Me veit at tre tar opp CO₂. Me veit at sjøen tar opp CO₂, og me veit at bakken tar opp CO₂. Karbon er livets bindemiddel, og meir karbondioksid er positivt for naturen – så lenge det held seg der, og ikkje for mykje forsvinn opp i atmosfæren. Forsking visar at auka CO₂-nivå i landbruksjorda kan gjere mikrolivet meir produktivt. Klarar me å styrke mikrolivet, blir CO₂-opptaket auka igjen. Det går i ein positiv sirkel.

Dette kan faktisk me som individ gjere ein del med.

Les også

Globalt forbruk av porno står for 55 prosent meir CO₂-utslepp enn fastlands-Noreg

Tilbake til naturen

Regenerativt landbruk, pløye- og sprøytefritt landbruk med fokus på å bruke naturen sine eigne prosessar for å dyrke, er teknikkar me kan bruke i eigen hage. Viss me plantar tettare, nyttar kompost i staden for plantemiddel, og stoppar kjøp av klimafiendtleg torvjord frå hagesentera, kan me faktisk fange store mengder CO₂ i hagane våre. Ved hjelp av dekkvekstar for å unngå naken jord, og eit mangfald av ulike plantetypar, vil me auke produktiviteten i jorda og etter kvart opptaket av CO₂. Det handlar berre om å lære av naturens eigne prosessar. Faktisk er det vist at å legge kompost rett oppå bakken, utan å grave i det heile, kan fungere like godt for plantane som vanlege bedd.

Kven som helst kan plante nokre jordbær eller salatplantar så lenge dei har ein kvadratmeter eller to med plass. Slik får me både meir mat og utetid, samtidig som me minskar fotavtrykket vårt på klimaet.

Agroskogbruk, treplanting rundt landbruksjord, er òg noko me kan lære av på heimstaden vår. Planting av buskar og tre i eigen hage kan både bidra til å gjere hagane våre vakrare og meir klimavenlege. Det fører til mangfald i hagen, og tiltrekk insekt som igjen hjelper dei andre plantane.

Mange byar nedover Europa har satsa tungt på treplanting i det siste. Sjølv tusla eg nokre dagar gjennom Praha sist månad, og det var direkte slåande kor mykje grønare det er der enn i norske storbyar. Å sjå lyset presse seg gjennom trekronene i dei eldgamle gatene, gjorde byen både triveleg og trygg.

Les også

«Garantert ren strøm» er et gigantisk bedrag

Mobilisering for miljøet

Tunge løft blir lettare viss me står saman. Eg trur dei fleste av oss forstår at politikarane ikkje vil klare å kutte CO₂-utsleppa våre med 30 prosent på elleve år, så lenge me ikkje gjer nokre drastiske tiltak sjølv. Det er uansett mykje vanskelegare å minske utslepp ved å kutte i næringar. Slikt møter motstand. Tar me derimot eit større ansvar for å føre CO₂ tilbake til jorda, der den høyrer heime, gjer me noko alle kan vere med på. Skal me mobilisere støtte, må det skje med eit meir konstruktivt utgangspunkt enn å seie at andre bør skamme seg over at dei drar på ein og anna ferietur. Me kan gjerne reise meir med tog, men det er andre måtar å løyse problema våre på.

Ikkje overraskande er det særs kontroversielt å legge ned oljenæringa. Jobbane til folk og økonomien i landet står på spel. Men kor mykje skade kan me eigentleg gjere ved å ta fram spaden, grave litt i hagen, kjenne molda gli gjennom fingrane, med sola smilande ned mot oss? I verste fall kjem me oss oftare ut, og hagen eller nærmiljøet blir trivelegare.

Allereie har kommunar i Rogaland begynt å satse på både treplanting og klimavenleg landbruk. Får me kopla dette på tvers, vil det spreie seg utover regionen, landet, og kanskje utover landegrensene. Det er trendy å vere grøn. Klimakampen er blitt noko me kan samlast om. Maktar me å spisse debatten mot noko alle kan ta del av og kjenne eigarskap til, kan me gå frå å påføre andre skam, til å vere stolte over kva nordmenn gjer for klimaet.

Publisert:

Les også

  1. NVE skjerper kravene til involvering av lokale interessenter

Mest lest akkurat nå

  1. Fuglesensasjon på Jæren: – Det føles som å hoppe i strikk

  2. Bodø/Glimt rystet AC Milan – så slo italienerne tilbake

  3. Begge lag har scoret 5 hver

  4. Er god for nesten 3 milli­arder: Sørlendingen har tredoblet formuen

  5. Pengeinnkrever gikk inn i feil hus

  6. Da viruset kom til Norge, tok Ingeborg (47) grep. Personer med fedme rammes hardere av korona, viser ny forskning.

  1. Miljø
  2. Klima
  3. Landbruk
  4. Hage
  5. Klimapolitikk