Krafttak for kultur

GJESTEKOMMENTAR: Som kulturen må universitetet være aktuelt, me må utfordre og stimulere til undring.

Utstillinga «I skyene» på Stavanger Kunstmuseum vert nevnt som eit eksempel på kreativt samarbeid av rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger. Foto: Kristian Jacobsen

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

I studietida i Tyskland kom eg over og las boka «Der Baader Meinhof Komplex», om terroristrørsla som spreidde stor frykt på 1970-talet. Etter kvart blei leiarane fakka og fengsla, og Andreas Baader tok sidan livet av seg under rettssaka i Stammheim-fengselet hausten 1977. Men tilhengarane tvihaldt på at han blei myrda. Og det var denne versjonen Odd Nerdrum gav liv til i det storslegne og opprivande maleriet ‘Mordet på Andreas Baader’, som kom på Haustutstillinga i Oslo allereie i 1978. Slik kan kunsten bli både politisk høgaktuell – og ein tankevekkar til utfordring og undring. 

Innbyding til undring

Ei slik rolle ønsker eg meg og for Universitetet i Stavanger (UiS). At me skal være aktuelle, at me skal utfordre og at me skal stimulere til undring. UiS sitt engasjement for kulturfeltet har nyleg vore omfatta av uro. Det toppa seg då eit benkeforslag om å gjere ‘Kultur’ til ei fagleg temasatsing for UiS sin strategi mot 2030 blei nedstemt i styremøtet 11. juni.

Pressedekninga etterlet eit inntrykk av at kunst og kultur med dette blei sett i skuggen av styre og leiing når rettesnora skal leggast for den neste 10-årsperioden. Mi overtyding er tvert om at kulturfeltet har større merksemd ved UiS enn nokon gong.

Eit tema som teiknar seg for strategien ved Universitetet i Stavanger er ideen om «Eit opent universitet», eit universitet som delar raust frå eigne rekker, lyttar nyfikent til utviklinga i omverda, og som samarbeider tett med relevante aktørar frå samfunnet rundt oss. Under tittelen «UiS ut i kulturen» tok eg tidlegare i år til orde for at eit meir opent universitet bør bli ein integrert del av kulturlivet i Stavanger-regionen.

Dette er me no i full sving med å følgje opp. I møte med leiarane for alle fakultet med kulturrelaterte aktivitetar ved UiS har me invitert til innspel om korleis kultur kan bli reflektert i den nye strategien mot 2030. I tillegg har me drøfta korleis me best kan løfte, styrke og samordne dei kulturrelaterte aktivitetane ved UiS. Mange gode råd er tekne med vidare, både i strategiprosessen og til andre initiativ og utviklingsprosjekt.

Klaus Mohn er rektor ved UiS. Foto: Pål Christensen

Samarbeid og samhandling

Under leiing av prodekan Brita Strand Rangnes har me no etablert eit internt kulturutval, som arbeider vidare med samarbeid og samordning av kulturrelaterte aktivitetar her ved UiS. Til dette utvalet knyt det seg store forventningar, og me kan alle sjå fram til å følgje arbeidet deira med legge til rette for internt og eksternt samarbeid om kultturrelatert formidling og utveksling her ved UiS. I tillegg kom me til at UiS kunne trenge eit eksternt forum for kontakt med relevante regionale interessentar og ressurspersonar på kulturfeltet. Difor har me no involvert om lag 30 ressurspersonar til ein nyoppretta samhandlingsarena for kulturfeltet i Stavanger-regionen.

Samarbeid og samordning er vel og bra, men desse initiativa vil ikkje lykkast om dei ikkje gir opphav til ny aktivitet. Difor er ambisjonen at det skal spire og gro av konkrete prosjekt der UiS kan bidra i lag med andre institusjonar og ressurspersonar om ulike arrangement og aktivitetar på kulturfeltet i regionen.

Eit framifrå eksempel er utstillinga «I skyene» som blei lansert ved Stavanger Kunstmuseum tidlegare i år, mellom anna som følgje av eit tett og fruktbart samarbeid med forskingsgruppa The Greenhouse ved UiS. Dette samspelet fekk prege utstillinga, og resulterte i tillegg i ei flott bok (Silver linings: Clouds in art and science) med bidrag frå samtidskunstnarar og forskarar som utforskar skyer som fenomen i skjeringsfeltet mellom kunst og vitskap. Slikt vil me gjerne sjå meir av.

Eit anna godt eksempel er den årlege Bjergsted-konferansen, i regi av UiS sitt fakultet for utøvande kunstfag, i godt samarbeid med Stavanger kommune og samarbeidsutvalet i Bjergsted. Gjennom innlegg, samtaler og kunstnariske innslag har ein her sett søkelys på rolla for innovasjon i kunst, kultur og samfunn. Under fjorårets konferanse drøfta ein samspelet mellom kunsten og smartbyen, samt forholdet mellom verknaden av kunsten og kunsten sin eigenverdi.

Universitet og kultur

Når UiS siktar mot tettare integrasjon mot kulturfeltet i regionen så er det blant anna fordi kultur allereie er så tett integrert i alt me gjer og alt me er. Kultur er ein ibuande kvalitet og eit definerande kjenneteikn ved institusjonar som vår. Universitetet er kultur. Når temasatsingane for UiS sin strategi mot 2030 skal fyllast med innhald, så blir kultur difor ein sjølvsagt og kritisk ingrediens. Kva er vel «Læring for livet», «eit opent universitet» og «eit godt studie- og arbeidsmiljø» utan kultur? 

Kultur er noko me alle har eit forhold til, enten me vil eller ei. Kultur har eit vell av uttrykk - i oss og rundt oss. Kulturen trekk og skyv, skil og samlar, og krenker. Sjølv tenker eg gjerne at kunst og kultur er på sitt beste når ein blir utfordra. Det er når ein let seg utfordre at tanken blir skjerpa og at synsvinkelen stundom skakar, slik at ein lettare kan ta andre og nye perspektiv. Slik kan kunst og kultur gje innsikt og erkjenning.

Difor legg UiS no til rette for nye former for samarbeid og samspel mellom ulike institusjonar, kulturarbeidarar og kunstnarar i regionen. Difor håpar me no på enno større og sterkare engasjement, gjennom det nye Kulturutvalet, gjennom nye eksterne samarbeid, og ikkje minst gjennom høyringsprosessen for UiS sin strategi mot 2030.

Følg på Twitter: @mohnitor

Les også

  1. – Hvorfor Aftenbladet ikke burde ha kuttet ned på kunstkritikkene

  2. – Når politikere høvler ned kritikk

  3. – UiS må skifta personlegdom

  4. Sikter skyhøyt i flott utstilling

Publisert:
  1. Kultur
  2. Kunst
  3. Universitetet i Stavanger
  4. Gjestekommentar
  5. Universitetet i Stavanger (UiS)

Mest lest akkurat nå

  1. Hvor mange kan vi være i jule­selskapet? Regnes hjem­vendte studenter som del av hus­standen?

  2. Ett barnehagebarn i Stavanger smittet

  3. Smittekaos i Norges EM-gruppe: – Synd

  4. Farevarsel i Sirdal – kan komme en halv meter snø på ett døgn

  5. Retten: De tiltalte hadde ønske om å skade et annet menneske

  6. Vikings avgåtte styreleder: – Tror dette kan ha skremt folk fra å ville ta jobben