Giske bør sleppast inn att

GJESTEKOMMENTAR: Trond Giske frontar ein sosialdemokratisk populisme dei treng innanfor i Ap.

Trond Giske får alltid merksemd. Her i ein pause under årsmøtet i Nidaros Sosialdemokratiske Forum 1. februar.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Korleis bør Arbeidarpartiet handtere ein politikar som byggjer sin eigen maktbase og slår leiren sin opp i illojalitetens grenseland? Paradoksalt nok: Ved å klappe han inn att i den nasjonale varmen. Fem år i nasjonal metoo-karantene bør vere lenge nok. Den politiske tyngdekrafta må få verke.

Ein oppsiktsvekkjande tale

  • «La oss gjøre det på den gode gamle sosialdemokratiske måten. La oss ta styringen av samfunnsretningen tilbake i våre hender.»
  • «Viljen til politisk handling uteblir.»
  • «Kjære venner. Nidaros Sosialdemokratiske Forum tror ikke på det lenger. Vi vil ta styringen tilbake!»

Sitata er frå Trond Giskes årsmøtetale i Nidaros Sosialdemokratiske Forum i Trondheim 1. februar. Det var ein svært god tale. Giske stod, slik han sjølv oppfatta det, opp for dei ekte sosialdemokratiske verdiane mot dei som manglar politisk vilje. Samstundes var talen oppsiktsvekkjande ved i så sterk grad kritisere eiga leiing, om enn indirekte. Dei som Giske vil ta makta og styringa tilbake frå, det er jo hans eigne.

Det var som dei oppsummerte i Nytt på nytt på NRK: «Der [i Nidaros Sosialdemokratiske Forum] er alle velkommen. Det eneste kravet er at du må vere imot Arbeiderpartiets politikk. Og tro på Trond Giske.»

Illojal?

Er Giske illojal? Det kjem an på auga som ser. Eit svar er vel at han er på grensa til det. Han svekkjer tiltrua til partileiinga. Giske har ti års erfaring som statsråd. Han veit betre enn dei fleste at mange av dei problema som han angrip si eiga partileiing for, handlar om manglar, om det gjeld straum, personell eller ressursar. I denne situasjonen er utfordringa for parti med regjeringsmakt at eins eigne må bidra til å skape ei forståing for at politikken vert tilpassa mangelsituasjonen – i staden for å fyre opp under misnøya, slik Giske ofte gjer.

Samstundes er kritikken frå Giske politisk, og det er ein kritikk mange i partiet deler. For lokallag og medlemmer er det å diskutere feil med politikken ein del av oppgåva. Ein kan seie det er splittande av han, men så er jo meiningane i partiet splitta også. Det viktige er at kritikken skjer på ein konstruktiv måte. For leiinga i Arbeidarpartiet er utfordringa å få den politiske krafta som Giske representerer, til å bli verksam for dei i staden for mot dei.

Viktig allianse

Nidaros-talen var populistisk i form og retta seg mot ekspertane, mot internasjonale avtalar og mot dei politikarane internt som har overtatt styringa, ifølgje Giske. Han sjølv representerte dei gode, gamle sosialdemokratiske verdiane. Giskes politiske ideologi kan karakteriserast som ein sosialdemokratisk populisme.

Ved å fronte denne vert Giske eit talerøyr for svært viktige veljargrupper for Ap – for distrikts- og industrisosialdemokratane. I sosialdemokratiet i dag står desse i spenning til dei urbane, moderne middelklasseveljarane. Det luraste for Arbeidarpartiet vil vere å sameine desse to veljargruppene så langt det er mogleg.

Om Giske vart fjerna, ville det kunne bety splitting, det verste alternativet. Status Quo, der Giske sin kritikk symboliserer intern splitting, er også ugunstig. Alternativet som står att, er å integrere Giske og med det prøve å bygge bru mellom industri- og distrikts- Ap og dei urbane middelklasseveljarane.

Nye målingar viser at Giske har mange mot seg i Ap, men at han samstundes er rimeleg populær blant veljarane samla. Men ein ting er den prosentvise støtta til personen Giske i dag. Noko anna er ei strategisk interesse i å inkorporere veljargruppa som støtter Giske. For Ap må det vere det viktigaste.

I ei nyttekalkulering kan vi seie Giske og Arbeidarpartiet er to aktørar som har eit større potensial for gjensidig nytte enn dei no får realisert. På den eine sida har Giske noko Ap treng: Politisk kraft og truverd i industri- og distriktssegmentet. På den andre sida er dei Arbeidarparti-posisjonane Giske truleg framleis ønsker seg, på nasjonalt nivå. Det er som ein bytehandel: – Du, Giske, vil kunne få posisjonar. Men jobb for oss i Ap.

Ei tid for alt

Er ei forsoning mogleg, gitt trakasseringshistorikken til Giske og den låge lojaliteten? Dei stadige angrepa på sine eigne er splittande og vil på kort sikt hindre at Giske får toppverv. Demokratiet er sjølvregulerande, også i partia. Giske vil først kunne få nasjonale posisjonar når mange nok i partiet opplever at han er tilliten verdig. Då må han oppføre seg. I praksis kan det bety stortingsplass att i 2025 og kanskje sentralstyreplass.

Å ta Giske inn på Ap-laget nasjonalt vil kunne bli oppfatta som å ta for lett på metoo-sakene. Samstundes bør det i slike saker vere eit mål å plassere og ta ansvar og så gå vidare. Det er slik vi som samfunn gjer det for å legge ting bak oss.

I ei toppleiing trengst tillitsforhold. Men generelt må ikkje folk bli venner for å kunne vere i same organisasjon. I politikken må vi kunne handtere motsetningar og personspenningar. Elles er det demokratiet som vert skadelidande.


Publisert: