Livsløgna i norsk politikk

GJESTEKOMMENTAR: I fleire tiår har norske politikarar lytta til klimaforskarane. Og så gjeve blaffen.

Publisert: Publisert:

Heilt sidan valkampen i 1989, då eg var ni år, har Ap snakka om å «ta vare på jorda» og Høgre om å «forandre for å bevare». Og framleis, snart tre tiår seinare, har dei ikkje teke konsekvensane av det me veit om klimaendringane. Her Ap-leiar Gro Harlem Brundtland og Høgre-leiar Jan P. Syse i ein debatt før 1989-valet, som enda med regjeringsskifte og at Syse avløyste Brundtland som statsminister. Foto: Knut Nedrås, NTB Scanpix

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Me har hatt ein uvanleg sommar. Det har vore rekordvarmt. Ikkje berre i Noreg, men på heile den nordlege halvkula. Skal ein tru klimaforskarane – og det bør ein – kjem me til å få fleire av dei. «Dei gamle vêrrekordane høyrer til i ei verd som ikkje lenger eksisterer», sa den amerikanske meteorologen og klimaforskaren Martin Hoerling til Washington Post i slutten av juli.

Jo da, det er forskjell på vær og klima. Været er det me ser når me kikkar ut vindauga, sola som sleikar oss i ansiktet når me ligg på stranda eller regnet som piskar over oss når me må ut med hunden ein vestlandskveld i oktober. Klima er dei forventningane me kan ha til været. Det me kan rekna med. Og klimaendringane medfører at me kan rekna med meir ekstremt vær.

Sommaren 2018 bør ikkje berre ha vore til nytte for å få oss ut i sola. Den bør også ha vore ein vekkar.

Når skal politikarar frå dei store og såkalla ansvarlege partia høyra på klimaforskarane?

Livsløgna i norsk politikk

I ein artikkel i Dagbladet seier Bjørn Samset, forskningsleiar ved det velrenommerte Cicero Senter for klimaforskning, det følgjande: «Det finnes ingen enkle løsninger. Vi må også gjennomføre de ubehagelige tingene.»

Han legg til: «Og for Norges del betyr «ubehagelig» at vi i framtida ikke kan leve av olje og gass.»

Samset seier det er opplagt at bruken av kol, olje og gass må dramatisk ned: «Og da er det for dumt at jeg skal stoppe der, og vente på at noen skal forstå at det også vil påvirke markedet for norsk olje og gass.»

Tore Furevik ved Bjerknessenteret for klimaforskning ved Universitetet i Bergen omtaler det i same artikkel som ei livsløgn å tru at oljeverksemda me planlegg passar innanfor Paris-avtala: «Vi kan ikke tillate nye felt. Vi kan muligens unytte felt som allerede er utbygd og i produksjon. Resten må stoppes.»

Smak på det ordet: Livsløgn. Når ein veit at det skildrar tilstanden i norsk politikk, er det eit rimeleg hardt ord.

Medan me alle er opptekne av dei siste forviklingane i den dårlege dramaserien «Solbergs ministre», er dette spørsmål me burde vera opptekne av: Når skal politikarar frå dei store og såkalla ansvarlege partia høyra på klimaforskarane? Når skal dei seia noko tilsvarande? Når skal dei byrja å gjera noko med det? Kor er den politiske leiarskapen når me treng han?

Kor mange år skal det eigentleg ta å gå frå prat til praksis?

«Pass på den»

I 1989 var eg ni år gamal. Det året var det stortingsval i Noreg. Lat meg minna om nokre av valplakatane til Arbeidarpartiet i det valet. På ein plakat var det ei fargerik teikning og orda «Arbeid og miljø». Under stod det: «Fra prat til praksis.» På ein annan plakat var det bilete av hender som strekte seg opp mot himmelen, og teksten: «Krav til innsats for felles framtid.» To år seinare – i kommunevalet i 1991 – hadde Arbeidarpartiet ein plakat med ei hand som heldt jordkloda og teksten «Pass på den.»

De har prata om dette sidan eg var ein liten gutunge. No er eg sikkert på full fart inn i midtlivskrisa.

Eg skal røpa noko for både Arbeidarpartiet og Høgre: I yngre år var eg mørkeraud. I dag er eg eigentleg plassert trygt i det store sentrum av norsk politikk, der de båe også er å finna. Eg er sosialdemokrat, iallfall på det viset John Lyng noko sarkastisk kommenterte at me alle er det her til lands. Eg har vakse opp i eit av verdas rikaste, tryggaste og beste land. Det er i betydeleg grad dykkar forteneste, med god hjelp frå oljepengane. Eg ynskjer meg ein trygg velferdsstat, og gode rammer for norsk næringsliv. Eg har lita tru på revolusjonære prosjekt, sjølv om Høgre-politikarar i valkampen valde å kalle meg revolusjonær, sikkert som ein del av skremmebiletet på kva slags skumle folk Arbeidarpartiet kanskje måtte samarbeida med.

Vel, i både lokalpolitikken i min heimkommune og i fylkespolitikken i Hordaland har eg få problem med å samarbeida med nokre av dykk, og blant politikarane dykkar finst det folk eg har stor respekt for, og óg folk eg vil kalla venar.

Men sanninga er at eg ikkje berre er sosialdemokrat. Eg er ein svært, svært skuffa sosialdemokrat. Og grunnen til at eg er skuffa, er at ingen av dykk har teke sjølve grunnsetjinga i konservatismen på alvor. «Forandre for å bevare.» Høyrest det kjent ut, Høgre? I møtet med den største utfordringa i vår tid har de rett og slett ikkje synt den naudsynte endringsvilja, og det sjølv om de har prata om det sidan eg var ein liten gut. Kor mange år skal det eigentleg ta å gå frå prat til praksis?

Eg byrjar å verta sint.

Galskapen

Kanskje er underteikna – som det heiter i kommentarfelta – i Miljøpartiet Dei Gale. De har ikkje gjeve meg all verdas alternativ. Den verkelege galskapen er å lata det skura og gå med business as usual, når utfordringane me står over som sivilisasjon er alt andre enn vanlege. Og eg skal vedgå: Det er i ferd med å få meg til å verta meir enn berre skuffa. Eg byrjar å verta sint.

(Øyvind Strømmen representerer Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland fylkesting 2015–2019. I Samnanger kommunestyre representerer han Bygdalista. Red.mrk.)

  • Tidlegare gjestekommentarar av Øyvind Strømmen finn du her
  • Andre tidlegare gjestekommentarar finn du her
Les også

Forskere: Vanskeligere å kontrollere global oppvarming enn antatt

Les også

Hilde Øvrebekk Lewis: «Verden er i brann»

Les også

Klimaforsker om juli-rekord: – Skremmende


Publisert:

Les også

  1. Øyvind Strømmen: «Framtidas flyktningkrise, valkamptemaet det var stille om»

  2. Øyvind Strømmen: «Anders Lange, en glemt naturverner»

Mest lest akkurat nå

  1. – Du skrur på tv, og der ser du bussen din

  2. Han har skrevet mange fabelaktige bøker. Denne er så bra at det knapt kan gjøres bedre.

  3. – Ikke i tvil om at dette var et drapsforsøk

  4. Tar grep for at skolen skal holdes åpen

  5. Er det forsvarlig å reise mellom ulike kommuner slik situasjonen er akkurat nå? Vi svarte på lesernes spørsmål

  6. To nye smittetilfeller i Stavanger

  1. Gjestekommentar
  2. Øyvind Strømmen
  3. Klima
  4. Politikk
  5. Klimapolitikk