Cruise-kontroll − eller framleis billegsal av Noreg?

GJESTEKOMMENTAR: Einspora iver etter kortsiktig inntekt og åtgaum frå utlandet gjer at Noreg går på billegsal.

Publisert: Publisert:

«Problemet er at premissane for politikkutforming ikkje tek nok omsyn til kostnadar og ulemper av cruise-trafikken for samfunnet rundt. Cruise er for billeg», skriv Klaus Mohn. Foto: Fredrik Refvem

  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Sommaren er på hell, og me som la ferien til Noreg, kunne glede oss over den varmaste og turraste sommaren i manns minne. Men det er ikkje berre nordmenn som kan glede seg over ein flott feriesommar. Straumen av turistar frå utlandet blir stadig større, til glede for lokalsamfunn og næringsliv i byar og lokalsamfunn.

Cruise-skipa har det for enkelt

Spesielt gjeld dette cruise-trafikken, som no opplever kraftig vekst i både anløp og passasjerdøger i Noreg. På landsbasis har talet på cruise-turistar blitt dobla gjennom dei siste 10 åra, medan Stavanger har sett ei femdobling gjennom same perioden. Men ikkje alle synest at utygla auke i cruise-trafikken berre er av det gode. Stadig fleire argumenterer for at direkte inntekter og smålåtne ringverknadar ikkje lenger står i stil med ulempene denne turismen medfører.

Auken i cruise-trafikken kjem etter årelang marknadsføring, og har god støtte frå politisk hald, ettersom turismen er halden fram som ein næringsveg å satse på når oljeveksten ebbar ut. Inntekter og oppsider får stor plass i tilrådingar frå næringspolitisk hald. Problemet er at premissane for politikkutforming ikkje tek nok omsyn til kostnadar og ulemper av cruise-trafikken for samfunnet rundt. Cruise er for billeg.

Ingen har spurt breiare lag av folk i Stavanger kva dei ville betalt for å sleppe terror-gjerda.

Økonomi er meir enn rekneskap

Dei fleste vil være einige i at utsikt har ein stor verdi, og i bustadmarknaden blir denne kvaliteten prisa i kroner og øre. Når Gamle Stavanger misser utsikten på grunn av cruise-skipa, inneber dette eit tap for dei som bur og ferdast der. Dermed ser ein at den store aktiviteten kan medføre økonomiske ulemper og kostnadar som ikkje er reflekterte i budsjett og rekneskap hjå dei som faktisk tek avgjerder for cruise-trafikken.

Det same gjeld for terror-gjerda på havna, som reduserer bykvaliteten og trivselen i Open Port-byen Stavanger. Men ingen har spurt breiare lag av folk i Stavanger kva dei ville betalt for å sleppe desse gjerda. Festival-euforien og cruise-turismen endrar heile bybiletet på sommarstid, frå avslappa småby til sirkus og dyrehage. Men om denne transformasjonen faktisk er ønska av hotellnæring, handelsstand og folk flest, er neppe godt nok sjekka.

Les også

John Peter Hernes (H): «Flytt cruisebåtene!»

Presset mot allmenningane aukar

At næringsinteresser som tener på cruise-trafikk vil male si eiga kake, bør ikkje overraske. Desto viktigare er det at politikarane er på vakt, slik at planar og politikk kan balansere omsynet til denne delen av turistnæringa mot breiare omsyn til anna næringsverksemd, bymiljø, natur og breiare samfunnsinteresser. Uroa rundt cruise-trafikken føyer seg inn i eit større mønster. Sjølv i Noreg, med enorme areal per innbyggar, ser ein stadig oftare at næringsutvikling kjem i konflikt med natur- og samfunnsinteresser.

For havbruksnæringa har den kraftige auken i aktiviteten skapt utfordringar for fiskehelsa i merdane, der eksplosjonen av lakselus og andre sjukdommar rammar laksenæringa hardt, samstundes som dei utgjer trugsmål mot villaks og sjøaure i fjordsystema våre. Regjeringa har erkjent at denne næringa neppe betalar nok for bruken av fellesressursane våre, og difor har ein sett ned eit utval for å vurdere hardare skattlegging av den ekstraordinære innteninga i denne næringa.

For gruvedrift og mineralverksemd har me hatt konfliktar dei siste åra knytt til redusert naturkvalitet, til dømes gjennom fjerning av fjell til pukkverk. I tillegg har ein sett uro ved etablering av ny gruveverksemd i Naustdal og i Repparfjorden, der spesielt fjord-deponering av overskotsmassar har sett mange sinn i kok.

Kroneksemplet på spenning og konflikt mellom næringsverksemd og breiare samfunnsinteresser gjeld likevel Lofoten, der næringsinteresser i mange år har arbeidd for opning for olje- og gassutvinning. Men igjen er det motstand, frå turistnæringa, frå fiskerinæringa og frå natur- og miljøinteressene. For samfunnet er spørsmålet om dei direkte inntektene frå denne type verksemd er større enn summen av ulemper, kostnadar og risiko for naturen, for andre næringar og for samfunnet elles.

For cruise-trafikken kunne ein fastlegge eit passande omfang av årlege anløp i norske byar og bygder.

Regulering kan balansere omsyn

Læreboka i samfunnsøkonomi seier at når eit produkt eller ei teneste er omfatta med større kostnadar og ulemper for samfunnet enn dei som møter private aktørar, så bør det offentlege gripe inn med regulering. Det klassiske tiltaket er ilegging av ein skatt for å redusere aktivitet og forsyning til eit nivå som er i tråd med breiare samfunnsøkonomiske omsyn.

Ubunden utvikling i næringsaktivitet og forbruk kan medføre ulemper og kostnadar for natur og samfunn som får for lite merksemd hos dei som ivrar mest for vekst og næringsutvikling. Difor er det at ein skattlegg produkt og tenester som forureinar i produksjon eller forbruk. Ei spesifikk skattlegging av forureining gjev i tillegg ein spore til føretak og hushald for å bøte på akkurat denne utfordringa.

Hardare regulering og prising av fellesgode som luftkvalitet, bymiljø, utsikt og natur vil få større merksemd frå politikarane våre i tida som kjem. Om forureinar skal betale, bør nemleg betalinga og kompensere for «forureining» i vidare forstand. Dette vil gje høgare prisar på varer og tenester som forringar kvaliteten av omgjevnaden. Og når prisane stig, vil forbruket gå ned til eit aktivitetsnivå som kan balansere omsynet til økonomi og arbeidsplassar mot omsynet til samfunnsaksept og bærekraft.

For cruise-trafikken kunne ein fastlegge eit passande omfang av årlege anløp i norske byar og bygder, og gjerne spreie desse utover året på eit vis som dempar opphopinga gjennom sommaren. Deretter kunne ein auksjonere bort anløpa, dato for dato, mellom cruise-operatørane. Dette ville gje full kontroll med aktivitetsnivået. I tillegg ville ein få ei klar påminning om at dagens politikk og praksis inneber at Noreg går på billegsal.

  • Følg på Twitter: @mohnitor

Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her

Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her

Les også

Cruisebåtene på vei ut av Vågen

Les også

Bellona: – Det er vi som får søppel-skipene

Les også

– Skal driveren for reiselivet i Rogaland være cruiseturisme eller verdiskapning?

Les også

– Vi må ønske cruiseturistene velkommen

Les også

Reiselivskribent: «Norsk reiseliv står ved et veiskille: Hva med Lysefjorden?»


Åsbjørg Self (67) har Stavangers beste utsikt i noen minutter hver dag før, cruiseskipene legger til kai. Foto: Paul S. Amundsen

Kineserne kommer. Og amerikanerne. Og tyskerne. 1,3 milliarder turistreiser på verdensbasis. Nå går alarmen om overturisme også i Norge.


Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Regler for utbetalinger til politikere og partier er kjent ulovlig. Det kan få landsdekkende konsekvenser

  2. Ett nytt smittetilfelle i Stavanger

  3. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  4. Elbiler må betale mer

  5. Rødt legger lokk på saken. Slik forklarer Stavanger-politikeren hvorfor hun bryter ut

  6. Følg med på nyttår rundt i distriktet på våre webkameraer

  1. Luftkvalitet
  2. Gamle Stavanger
  3. Cruisetrafikk
  4. Klaus Mohn
  5. Gjestekommentar