Ingenting er over

KOMMENTAR: Lørdag kveld står den røde og den blå sida i KrF heilt likt, med 71 delegatar kvar. 16 vil bli i opposisjon.

Knut Arild Hareide fekk fleire for sitt syn i Hordaland KrF enn venta. Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Når superhelga i KrF nærmar seg slutten, står Rogaland KrF ennå som einaste fylkeslaget som lot makta rå og fleirtalet ta alt. Dei andre store, Hordaland og Agder, sørgde for å stemma fram utsendingar også frå mindretalet. Det same gjorde Trøndelag, Sogn og Fjordane, Troms, og Møre og Romsdal.Andre har gjort det før, og sjølv om Finnmark sender 4 røde og ingen blå, stemmer det overeins med stemminga i fylkeslaget - reint fleirtal.

Uavgjort

Lørdag kveld står den røde og den blå sida heilt likt, med 71 delegatar kvar. 16 vil bli i opposisjon.

Sundag skal Nordland KrF velja sine 6 delegatar, på måndag vel Akershus, Vestfold og Oslo til saman 23 delegatar, på tysdag avsluttar Østfold med å velja dei siste 8.

Partileiar Knut ArildHareide har hatt ei betre helg enn han frykta.

Les også

Direkteblogg: KrFs «superhelg»

Les også

Hareide fikk fem delegater fra eget hjemfylke

Les også

Trøndelag KrF avviser frykt fra Hordaland

Mange skjer i sjøen

Men hjelpe meg, så ueinige dei er, og hjelpe meg, så mange skjer det er i sjøen før minipartiet kanskje kan finna ro og styrke og fast grunn under føtene. Som vel er målet.

Ingen av utsendingane reiser med bunde mandat. Dei skan skifta meining. Også under landsmøtet. Sannsynlegvis stemmer ein der først over om ein skal gå i regjering eller ikkje, blir svaret ja, må dei som helst ville fortsetja i opposisjon, velja side. Alternativet er å stemma likt over alle tre. Dei som då er på den tapande regeringsida viss du ennå heng med, vil kanskje heller bli i opposisjon enn å gå heilt over på den andre sidas regjering.

Om avstemminga blir skriftleg eller ikkje, kan også bety noko - er den skriftleg, veit ingen kven som stemte kva. Då er det lettare å skifta meining.

Rogalandsmakta kan avgjera

Ein tredel i Rogaland KrF ville til venstre. Hadde dei gjort som dei andre fylka etter dei har gjort, ville dei altså send 10 blå og 5 røde, pluss fylkesleiaren, som er blå. Dei valde »The winner takes it all»-prinsippet, og sender 15 blå og ein rød.

Det er fullt muleg at måten Rogaland valde å stemma på, blir avgjerande for KrFs vegval, og sender KrF til høgresida for å forhandla om regjering. Vårt fylkeslag er stort, men populariteten i eige parti må vera utruleg liten akkurat nå.

Les også

Simpelt blått fleirtal i Rogaland KrF

Abortsaka

La oss seia at dei vinn, at partiet held seg samla, Hareide går, Ropstad blir ny leiar, og saman går denne vesle flokken til Erna Solberg for å forhandla om plass i regjeringa hennar. Og sjølve hjartesaka, er endringar i abortlova.

Under Rogaland sitt fylkesårsmøte brukte fleire Erna Solbergs opning for å forhandla om abortlova som argument for å gå til henne. Eg vil tru dei fleste av dei alt var på den sida. Men det er ei hjartesak for KrF, dette. Det var nestleiar Kjell Ingolf Ropstad som kasta abortkortet inn i striden. Og begge nestleiarane, både Ropstad og Olaug Bollestad, bruker det med større og større tyngde for kvar dag som går.

Det er paragraf 2c i lova det er snakk om, som opnar for sjølvbestemt abort også etter grensa på 12 veker, viss det blir avdekka alvorleg sjukdom hos fosteret, herunder Downs syndrom. For KrF er dette sjølve kjerna i kampen mot sorteringssamfunnet - dei vil ikkje at eigenskapar ved fosteret skal vera ein grunn til å ta abort. Menneskeverdet er ukrenkeleg, og alle menneske like mye verd. Det er sjølvsagt eit legitimt standpunkt.

Men det er ikkje bare KrF denne saka er viktig for. Både Frp og Venstre, Solbergs regjeringskameratar, reagerte kraftig på at ho tok opp abortkortet i kampen for å få KrF på si side. Frps Åshild Bruun-Gundersen kallar det etisk og moralsk forkasteleg å bruka kvinners rett til abort som kasteball i eit politisk spel, Venstres Abid Raja understrekar at dette er ei ekstremt viktig verdisak, og appellerer til dei andre partia på Stortinget om å stengja den døra Solberg vil opna.. «Vi kan ikkje endra abortregelverket fordi om eitt parti ønsker det,» seier Raja.

Det er ikkje over, då heller

Skal ein tru reaksjonane frå Frp og Venstre, er det svært lite sannsynleg at KrF vil vinna fram. Kan Erna Solberg verkeleg køyra så hardt over dei ho alt har i regjering, for å få med KrF? Kva skulle dei andre i tilfelle ha igjen for det? Og høyrest det ikkje alt her ganske smaklaust ut, å driva politisk byttehandel om abortlova?

Statsminister Erna Solberg verkar ofte tonedøv når politikk blir hjartenært og kjenslene sterke. Ho oppfatta neppe kor mye bråk det ville bli om legars mulege reservasjonsrett mot å visa kvinner vidare til abort, og ho forstod slett ikkje kva Sylvi Listhaugs Facebookutspel om Aps påståtte omsorg for terroristar gjorde med folk og politikk. Har ho fått med seg at det ikkje bare er KrFs kjensler og hjarter ho får til å banka sterkare med dette, men også kjensler og hjarter i eige parti, hos Venstre og Frp, hos opposisjonspartia og hos mange, mange, mange veljarar?

Og så? Viss KrF ikkje får gjennomslag? Skal dei då snu seg rundt igjen, bli i opposisjon, eller gå til venstresida? Mens Hareide alt har gått av?

Den tynne linja

For mange utanfor KrF går det ein tynn linje mellom partiet som opptekne av å forsvara menneskeverdet og dei stemmelause, og opptekne av å tvihalda på rolla som formyndar, der deira syn, om flokken har blitt aldri så liten, skal bestemma over andres liv i store spørsmål og vegval. Her kunne dei, paradoksalt nok, finna saman med ganske store deler av venstresida si haldning: - vi veit eigentleg best kva som er riktig for folk flest, og bør difor bestemma ganske mange ting for dei.

Men i denne saka vil dei sjølvsagt krasja fullstendig.

Ingenting er over, sjølv om Hareide har hatt ei fin helg og Rogaland KrF kanskje likevel får brukt makta si slik dei vil.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  2. – Bønn til Stor­tinget: Vedta rus­reforma!

  3. «Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!»

  4. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

  5. «Styrings­iveren til Høgre kan stykka eit barn opp i små­bitar»

  6. «Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson