Minst blant dei minste

KOMMENTAR: Små hundar som nektar å innsjå at dei er små, kan ein både bli i godt humør av, og litt bekymra for. Det er litt sånn med Venstre også.

Venstres partileiar Guri Melby ved opninga av partiets landsmøte fredag. Foto: Venstre

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

«Vi er det einaste partiet som kombinerer fridom for den enkelte, med ansvar for kvarandre. Og ikkje berre i Norge, men over heile verda,» seier Guri Melby.

Ho er nesten ved slutten av talen sin til landsmøtet i Venstre. Den har handla om ungdommen. Om rusreforma, om å hjelpa dei som treng hjelp, heller enn å straffa. Om å sikra arbeidsplassar og gjera dei grønnare, ved å samarbeida med næringslivet, ikkje spenna bein for dei. Om å få ned klimautsleppa, utan å spenna bein for oss i kvardagane våre. Om å gi småbarnsforeldre barnehagegaranti, og oss alle garanti for å få fullføra vidaregåande skule.

Venstre vil ikkje berre kjempa for meir fridom og like mulegheiter for alle, dei vil at vi, vanlege folk, skal forstå at dei også er opptekne av å løysa kvardagsproblema våre.

Knusande

Der har dei altså eit stykke veg å gå. Dei vakna til første landsmøtedag med ei knusande meiningsmåling frå NRK. Venstre er nede på 2,9 prosent. Dei er minst av dei minste, minst av dei som kjempar for å karra seg over den magiske sperregrensa på 4 prosent. Både MDG og Rødt ligg over dei, KrF også.

Hadde målinga vore eit val, ville Venstre ha mista seks av åtte stortingsrepresentantar. Berre Guri Melby frå Oslo og Abid Raja frå Akershus ville ha klart seg. Og kor dei kjem frå, demonstrerer neste problem: På denne målinga er dei eit reint byparti. Eit Oslo-parti. Mens Senterpartiet har fotfeste overalt, i heile landet.

I tillegg er jo partiet i regjering med Høgre (og KrF, sjølv om dei nesten ikkje syns). Så sjølv om landsmøtet for eksempel skulle slutta seg til den einstemmige programkomiteen sin i å stansa utdeling av nye olje- og gasslisensar, så er det ikkje så lett å tru på at dei ville få det gjennom.

I regjering, på en vanleg kvardag. For i regjering har dei nemlet slutta seg til å vidareføra ein stabil og langsiktig petroleumspolitikk, noko leitepolitikken skal bidra til. Og i den same regjeringa blir det understreka at nye, lønnsame funn er viktige for å oppretthalda velferdssamfunnet.

Og i målinga til NRK, er Høgre åtte gonger større enn Venstre.

Spriket

Så har vi liberale Venstre. Der alle har si eiga meining. Der det kom inn 1400 endringsforslag til valprogrammet. Før landsmøtet.

I forslaget til program vil ein ha med at barnehagebarna skal læra om ulike seksuelle legningar, dei er opptekne av å få på plass samisktalande politimenn, landsmøtet skal diskutera om cannabis bør seljast på polet, om sterkøl og vin skal seljast i butikk, og om burhøner skal forbys. Fridom for alle, også hønene.

Det siste er ikkje Guri Melby heilt sikker på kva ho skal meina om, sa ho til NRK i Politisk kvarter fredag morgon, og svarte difor at «vi må sikre at hønene blir godt tatt vare på.» Det er jo slett ikkje komisk å vera opptekne av god dyrevelferd, men sagt på den måten, høyrer nok ingen som driv med husdyr sånn til kvardags at Venstre faktisk har satt seg inn i problemstillinga, også sett frå næringa si side.

Viss vi blir i dei same folkas kvardag, vil Venstre sannsynlegvis også vri landbruksstøtta i meir klimariktig retning. Dei meiner Norge har stort potensial for dyrking av planter, belgfrukter og insekt til menneskemat, og vil at kjøt- og mjølkeproduksjon helst skal skje i fjord- og fjellstrok. Unge Venstre vil støtta utvikling av kjøtproduksjon i laboratorier,

Det er kanskje berre mindre statement, kanskje ikkje så avgjerande for partiet sjølv, kanskje viktigare for dei å diskutera enn å gjennomføra. Men til saman kan alt dette fort spenna bein under Venstres planar om å få fram at dei veit korleis dei skal skapa arbeidsplassar i distrikta - i motsetning til Senterpartiet og SV, får vi tru, og at dei forstår det der med kvardagen.

Magemålet

Det var det med magemål. Det er kanskje ikkje heilt tida for å diskutera om ein skal selja cannabis på vinmonopolet akkurat nå, mens skepsisen til rusreforma utanfor partiet går i om den vil gjera det lettare å hekta dei yngste på dop.

Sett utanfrå burde dei vore skikkeleg bekymra nå, skikkeleg opptekne av å framstå med ein politikk langt fleire veljarar frå langt fleire stader i landet ville stilla seg bak.

Det siste der, var vel det Guri Melby prøvde på, i talen sin til landsmøtet. «De neste månedene,» sa ho til slutt, «er det jobben vår å vise at vi er partiet som både har løsningene på de store utfordringene, og er partiet som er best til å lytte til folks bekymringer og utfordringer i hverdagen».

Akkurat nå er det veldig lite som tyder på at det siste er sant. Og det skal voldsomt med lytting til, frå Venstre si side, for å gjera det sant.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  2. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  3. – Kor nært kan du koma folk over heile landet, utan å mista retninga?

  4. – Det handlar om å bli store nok til å klara seg utan SV. Utan å bli ufine mot Ap

  5. «Ingen skal måtta ned på kne for å få vera del av eit fellesskap, Tix»

  6. – Kjøtt­kake­kranglar er for dei friske. Det hjelper ikkje sjuke

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Guri Melby
  3. Cannabis
  4. Klimapolitikk
  5. Distriktspolitikk