Eit nytt natursyn må til; me må sjå naturen som noko heilag

GJESTEKOMMENTAR: Me kan ikkje løysa den økologiske krisa før me oppfattar naturen på ein radikalt annleis måte.

Om me verkeleg kjende at naturen var heilag, kunne me då fått oss til å odla fram fleire titals milliardar broilerar kvart år i holocaust-liknande fabrikkar, monstrøse avartar med så abnorm vekstrate at knoklane tidvis knekk under vekta?
  • Jørg Arne Jørgensen
    Jørg Arne Jørgensen
    Lektor og religionshistoriker
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I år har jordas tilstand verkeleg kome i søkelyset. Innan 2020 kan to tredelar av dei dyra som fanst i 1970 vera borte. Orkanar herjar, regnskogane blir raserte, korallreva døyr i eit stadig varmare og surare hav der det snart er meir plastsøppel enn fisk. Og så vidare. Men kva gjer me når me faktisk kan visa at me tek dette på alvor? Lite og ingenting. Dei store, såkalla «ansvarlege» fossilpartia sopte inn dei aller fleste røystene ved stortingsvalet. Status quo. Vår generasjon vil nok bli hugsa som den som svikta når det gjaldt.

Det er ikkje tilfeldig at Satan blir framstilt som halvt dyr, med horn, bukkeskjegg og bukkebein.

Kva er naturen – eigentleg?

Dei unge verkar meir bevisste. Me snakka om desse tinga i klassen, då ein av elevane sa noko enkelt, men truleg heilt sant: Me kan aldri løysa økokrisa før me opplever naturen på ein helt annan måte! Dette handlar djupast sett om natursyn – vår oppfatning av kva naturen verkeleg er.

Grunnlaget for vårt natursyn ligg i kristendommen og dei andre monoteistiske Midtausten-religionane islam og jødedom, hevdar den danske religionshistorikaren Jens-André P. Herbener i boka «Naturen er hellig – klimakatastrofe og religion», som kom på norsk i fjor. For det fyrste set dei mennesket opp som noko unikt – skapt i Guds bilete, heva over resten av naturen, med rett til å herska over han. Som det heiter i 1. Mosebok: «Vær fruktbare og bli mange, fyll Jorden og legg den under dere! Dere skal råde over fiskene i havet og over fuglene under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorden.»

For det andre står Gud utanfor skaparverket, naturen er ikkje guddommeleg i seg sjølv. Desse religionane tok et hardt oppgjer med den «heidenske» oppfatninga av naturen som besjela og fylt av guddommelege vesen og krefter, som har vore sentralt i mest all religion til alle tider. Det er ikkje tilfeldig at Satan blir framstilt som halvt dyr, med horn, bukkeskjegg og bukkebein – som eit vrengjebilde av naturguden Pan. Sist, men ikkje minst: Jorda skal gå under i endetida uansett. Målet er å komma ein annan stad, til Himmelen.

For ordens skuld: Her snakkar me om tendensar på samfunnsnivå. Det finst mange miljøbevisste kristne som er glad i naturen som Guds skaparverk.

Eitt aller anna manglar i vår omgang med naturen. Han er tingliggjort og objektivisert.

Vitskapleg natursyn

Men er dette relevant i dag, når det kristne verdsbiletet er erstatta av eit naturvitskapleg? Ja. Naturvitskapens pionerar opererte innanfor eit kristeleg verdsbilete, og kjernen i det kristne natursynet vart vidareført: Naturen er verken besjela eller guddommeleg, og han er til for oss. Dette låg allereie i Francis Bacon, ofte kalla den moderne vitskapens far, sitt imperativ for vitskapen: Målet med kunnskap om naturen var å kunna utnytta han. Og då rovdrifta av naturen eksploderte etter den industrielle revolusjonen, fanst det få religiøse, filosofiske eller ideologiske motførestellingar. Tvert imot kan ein sjå det som ein kulminasjon av tendensen som låg i kristendommen.

Kan det vera at den djupaste grunnen til at me kan fortsetja slik, er at me ikkje opplever naturen som heilag? Som er eit ord som er så utdatert at me knapt tar det på alvor. Men eitt aller anna manglar i vår omgang med naturen. Han er tingliggjort og objektivisert. Om me verkeleg kjende at naturen var heilag, kunne me då fått oss til å odla fram fleire titals milliardar broilerar kvart år i holocaust-liknande fabrikkar, monstrøse avartar med så abnorm vekstrate at knoklane tidvis knekk under vekta? Kunne me vore i stand til å eta desse mishandla vanskapningane utan å kjenna skam? For å ta berre eitt døme.

Kva med dei store asiatiske religionane hinduismen og buddhismen? Dei set naturen høgare enn Midtausten-religionane.

Eit nytt natursyn?

Religion og spiritualitet har ei makelaus evne til å motivera for djuptgripande endringar. Men finst det noko religiøst eller spirituelt tankesett eit gjennomsekularisert samfunn kan venda seg til? Det ser ikkje oppløftande ut. Romantikken var det siste store straumdraget i vår kultur som såg noko åndeleg og heilag i naturen. Sjølv om ein ser restar av dette i New Age og liknande miljø, er det tvilsamt at dette vil kunna bli ein viktig politisk kraft til endring. Herbener er oppteken av urfolks naturreligionar som eit alternativ, men det er vanskeleg å sjå føre seg at slike religionsformer kan bli ei folkerørsle. Uansett kan ikkje 7 milliardar menneske leva som jegersankarar. Den tida er tapt.

Kva med dei store asiatiske religionane hinduismen og buddhismen? Dei set naturen høgare enn Midtausten-religionane. Ein har ikkje det absolutte skiljet mellom ein abstrakt, utanforliggjande Gud og naturen. Det guddommelege er til stades i skaparverket; kyr og andre dyr er heilage, samt elvar, fjell og skogar. Alle livsformer er likeverdige og heng saman i ei kjede av atterfødslar. Men det verkar ikkje som at slike religionar er tilstrekkeleg for å demma opp, Asia er i ferd med å bli fanga inn i det same destruktive levesettet som oss.

Når ein person brått blir ramma av alvorleg sjukdom, blir det ofte impulsen som skal til for å endra livsførsel totalt. Lat oss håpa at det er slik på samfunnsnivå òg. Men er det mogleg å ta den radikale snuoperasjonen som trengs, om me ikkje kjenner – akutt og djupt i oss sjølv – at me forgrip oss mot noko heilag?

Publisert: