Politisk barometer juni 2017: Taktskiftet frå Venstre kjem truleg for seint

Dei raud-grøne har eit solid overtak i snitt av ti nasjonale meiningsmålingar i juni. Venstre er under sperregrensa for fjerde månad i 2017.

Publisert: Publisert:

Høgre-leiar Erna Solberg (tv), Frp-leder Siv Jensen, KrF-leder Knut Arild Hareide og Venstre-leder Trine Skei Grande (th) på veg ned trappa etter det første møtet av regjeringsforhandlingane mellom Høgre, Krf, Venstre og Frp på Radisson Blu i Nydalen i 2013. Ifølge snittet av meiningsmålingane i juni, innhenta av pollofpolls, har dei fire partia mista 248.000 veljarar sidan den gong. Foto: Cornelius Poppe/ NTB scanpix

  1. Leserne mener

Det mest imponerande med meiningsmålingane i juni, berre ein kort norsk sommar unna stortingsvalet 11. september, er at begge regjeringspartia greier seg så godt etter måten.

Kjerneveljarane viser at dei trur på det blå-blå prosjektet, den mest borgarlege regjeringa i norsk historie.

Men dessverre for statsminister Erna Solberg så har begge dei borgarlege eller ikkje-sosialistiske støttepartia (særleg Venstre, men også i noko mindre grad KrF) motbør. Samla sett vert det solid overvekt til raud-grøn blokk (92 av 169) på Stortinget i juni, viser ti nasjonale meiningsmålingar innhenta av val-nettstaden pollofopolls.

Les også

Politisk barometer mai: Kvar stemme tel

Les også

April-barometer 2017: Raud-grøn-gult spelerom

Les også

Meiningsmåling for Rogaland: Veljarane straffar dei borgarlege

Venstre vil vera både radikalt og borgarleg - går det i hop?

Sp-framgang har stogga

Ap og Sp har aleine 82 mandat av 169 stortingsplassar og kan trygt lena seg enten på SV eller på KrF til hausten. Sjølv om den mest ekstreme framgangen for Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum ser ut til å dempa seg drygt to månader før valdagen, vil alt over 10 prosent vera ein siger for både han og partiet.

I skuggen av rivaliseringa mellom dei to statsminister-kandidatane Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) har også Raudt auka jamt i vinter og vår og er inne med to mandat på fleire målingar. SV er over sperregrensa nok ein månad og ville ha overteke utjamningsmandata til Venstre, mellom anna i Rogaland, dersom snittet av juni-målingane var valresultat.

Eit taktskifte hos Venstre

Inn mot sommaren har Venstre-leiar Trine Skei Grande endra taktikk. Ho vil legga bak seg budsjettbråket frå i fjor haust og tonar ned avstanden til Framstegspartiets klima- og innvandringspolitikk. Politisk redaktør i Dagens Næringsliv, Kjetil B. Alstadheim, har rett i at partiet no har gått frå å vera bråkebøtte til å ville vera besteven. Det var tydeleg å sjå på den felles pressekonferansen med dei fire borgarlege eller ikkje-sosialistiske partileiarane tidlegare i juni og ein rørande Facebook-formidla seanse med Solberg og V-leiaren på Trine Skei Grandes kjøkken i Gamlebyen i Oslo måndag kveld.

Det er eit heilt bevisst taktskifte. Venstre-leiaren vil no snakka mest om dei positive sidene av borgarleg samarbeid. Derfor vart det også fram og tilbake om jordbruksavtalen i Stortinget - der Venstre brått hoppa tilbake til Frp og Høgre i beste vingle-Venstre-stil.

Men Venstre er berre besteven med Høgre. Bakgrunnstala viser knapt noko parti som står lenger frå Venstre-veljarane enn Frp.

Dessutan spørst det om ikkje taktskiftet kjem for seint. Venstre-leiaren har skapt grunnleggande utryggleik rundt det borgarlege samarbeidet etter valet. Og dersom Venstre og Høgre er "bestevænna" som barnestjerna Celine ville ha sagt det, kvifor ikkje like godt røysta på originalen, nemleg Høgre, og få endå meir borgarleg politikk med Frp på laget?

Styrking av Raudt og tilnærma utradering av Venstre tyder ei polarisering av norsk politikk frå hausten av.

I Norge har makta tradisjonelt gått via sentrum sidan Arbeidarpartiet mista reint fleirtal aleine eller saman med SV. To av dei gamle sentrumspartia slit tungt. No er det Arbeidarpartiet som er sentrum saman med Senterpartiet, men pressa til venstre av SV og Raudt. På motsett side vil Frp og Høgre mobilisera tungt på sine kjernesaker.

Solberg held reform-løfta

Høgre har kanskje ikkje greidd å skapa stor populær aksept for sine mange reformer, men Solbergs parti har vist seg å stå støtt på løftet om å endra Norge.

Framstegspartiet har stort truverde hos sine kjerneveljarar på mellom anna asyl-, innvandrings- og flyktningpolitikk, forutan lov og rett. Fylkesmålingane i juni viser solide tal for Frp, ikkje minst på Vestlandet. Kristeleg Folkeparti derimot slit på fleire fylkesmålingar, ikkje minst i Midt-Norge. Sp gjer det godt sjølv i gamalt borgarleg landskap i Akershus.

Ei stor ulempe for det borgarlege endringsprosjektet er at me i stor grad trivst slik me har det i verdas mogleg rikaste og sertifisert lukkelegaste land. Ein stemme på Ap og i endå større grad Sp er å røysta på å bevara eller rettare sagt ønska å bevara meir eller mindre samfunnet slik me har det no. Det er ekte konservativt og vil truleg vippa valet i borgarleg disfavør.

I Rogaland er Ap nærmast å mista fjerdemandatet, mens SV er nærmast å ta fast mandat (manglar snaut 3000 stemmer).

Publisert:
Plan MDG er ingen sikker suksess for Venstre