Meir enn kyllingpølsetoleranse

KOMMENTAR: Ingen kan meir om toleranse i praksis enn folk på små stader. Som Talgje.

På bedehuset på Talgje har ulike folk lånt og gitt kvarandre rom. Bokstavleg talt.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Folk på små stader kan mykje om toleranse i praksis. Dei veit at dei er meir eller mindre avhengige av dei andre i bygda for å leva eit godt liv der. For at ungane skal ha nokon å trena med, nokon å leika med, nokon å syngja i kor med, nokon som kan læra dei det du og skulen ikkje kan læra dei.

Ein toler kvarandre. Og ein hjelper kvarandre. Ofte på tvers av kva ein elles måtte stå for, tru på og leva for. Bygdedyret, som vi kjenner som ein stygg, dømmande mobb med mange ansikt, har også langt klokare ansikt. Ikkje bare fordi det er så synleg korleis du lever og kor mykje du tar ansvar for av det og dei som er rundt deg, men fordi du har kjent på kroppen at også du treng dei andre. Elles går det rett og slett ikkje rundt.

Kyllingpølsetoleransen

Det er lettare å kjenna seg tolerant og godhjarta i byen. Ein kan ha det som ein slags teoretisk moral, som ikkje krev særleg meir enn å hugsa å servera kyllingpølser dei to gongene i året du har barnebursdag. Resten av året kan du halda deg med dine eigne, viss du vil. Der dine livsval og dine standpunkt blir forstått og akseptert, og endå viktigare: Der dine val ikkje trugar andres livsval, tru og levemåte, verken i din eller andres kvardag.

Talgjetoleransen

Bygdefolk snakkar ikkje så mykje om toleranse. Dei driv med det i praksis. Dei veit kva det kostar, og dei veit kva det gir.

Som på Talgje. Der bedehuset har lånt seg ut til kyrkja. Der folk som har ulike måtar å praktisera si tru på, har lånt og gitt kvarandre rom. Bokstavleg talt.

Det er ikkje til å kimsa av.

Grensa nådd

Denne veka klarte ikkje styret i bedehuset dette lenger. Dei meiner Kyrkjas vedtak om å opna for vigsel av likekjønna par, er vranglære. Når Talgje i tillegg har fått ein prest som står for dette synet, var grensa nådd for medlemmer i styret i bedehuset.

Les også

Vil ikke la kirken bruke bedehuset på Talgje - mener likekjønnet samliv er vranglære

Dei ville avslutta samarbeidet, kasta ut kyrkjas folk, og vedta at ingen som har eit syn som tillet ekteskap mellom to av same kjønn skulle få tala i bedehuset. Dei kalte inn til ekstraordinært årsmøte.

Det må ha skapt opprør i bygda. Mellom 80 og 90 møtte opp. Det er omtrent halve øya. Styret sitt forslag møtte så mykje motstand at det ikkje nådde fram til avstemming. Dei valde å gå av. Det var dei unge, konservative som gjekk, og dei eldre, meir moderate som tok over.

Dei eldre vil bruka meir tid. Dei vil venta til årsmøtet i mars med å stemma over om ein skal endra vedtektene. Då har alle to månader på seg til å senda inn forslag til årsmøte, og etter det, tre månader til å gjera seg opp ei meining om forslaga.

Kanskje er det fordi dei som er litt eldre har røynt seg lenger i ei lita bygd, og veit meir om kva det kostar å skyva andre vekk. Ikkje veit eg.

Les også

Styret i bedehuset gikk på dagen da Talgje utsatte valget om kirken

Spenninga

Det blir ofte sagt at når saka om homofil vigsel vekkjer så stort engasjement, er det fordi kombinasjonen kyrkje og sex er pirrande for dei mange som ser dette utanfrå.

Det trur eg er altfor enkelt. For mange blir denne saka sjølve prøvesteinen på om Kyrkja står for at alt er av nåde, slik mange av oss har lært. Og at alt er kjærleik. Også frå Kyrkja til folk som ønskjer seg Guds velsigning over sine liv og livsval. Utan vilkår.

Samtidig er Bibelen full av levereglar, av råd om rett og galt. Og ikkje bare i Det Gamle Testamentet, før Jesu tid, nei, også i Det Nye Testamentet.

Dei som vel Bibelen som ei overbygning over livet sitt, og navigerer etter det, kan vel også kjenna seg små under Guds blikk. Kven er vel dei til å vita når ein skal forandra praksis for å kunna bevara løftene om at alt er av nåde, og når ein skal halda noko urokkeleg fast, sjølv om det smertar andre?

Denne spenninga er det ikkje først og fremst trykket utanfrå som skaper, den ligg i kristenlivet sjølv.

For kvar grense ein i Guds namn set for andre menneskes liv og livsvilkår, står ein i fare for også å endra Guds ansikt for dei som ser på.

For kvar velsigning ein vil hindra andre i å ta del i, gjer ein det endå vanskelegare for dei som ser på å tru at det er kjærleik, nåde og frelse det handlar mest om i kristne forsamlingar rundt omkring.

Det er framleis Talgje

Det går an å forstå at konservative kristne kjenner seg som minoriteten her. I den store, offentlege debatten er det dei homofile som tilsynelatande har alle med seg. Men når det kjem ned til lokale miljø, ned til enkeltmennesket, så vil eg påstå at det ennå er den homofile som er den minste. Den som står aleine.

For dei mest konservative kristne på Talgje kan det sikkert kjennast som at dei nå får storsamfunnet sine haldningar tredd nedover øyrene i eige rom.

Les også

Utbryterne vil danne ny forsamling på Talgje

Men det er framleis Talgje. Det er framleis eit lokalmiljø det handlar om, der praktisk toleranse mellom folk må finna stad, skal livet vera godt.

Det er å håpa at det avgåtte styret i bedehuset finn ein måte å leva med si overbevisning på, som ikkje splittar folk.

Elles sit ein igjen som eit bygdedyr som har mista sine kloke ansikt, og som bare lar seg leva med dersom alt og alle som tenkjer annleis held igjen, held seg tilbake, og gøymer sine ulike liv og livsvilkår.

Det er til alt anna enn velsigning. Det veit mange på Talgje.

Publisert: