Det totalitære er latterleg heilt til det blir totalitært og forbyr alt som er latterleg

GJESTEKOMMENTAR: Har me no berre eit tiår på å hindra at det går gale for demokratiet?

Heilt uavhengig av ideologi og politisk samanheng, det er likskapar mellom det patetiske og mislukka «ølkjellarkuppet»i München i 1923, eggja til av Adolf Hitler og hans folk, og den patetiske og mislukka storminga av Kongressen i Washington i 2021, eggja til av Donald Trump og hans folk. Glir det over denne gongen? Foto: Bundesarchiv (t.v.) og Shannon Stapleton, Reuters/NTB

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Eirik Magnus Fuglestad
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar
Publisert: Publisert:

Ein gjeng fanatiske konspirasjonsteoretikarar og jødehatarar forsøker å gjera statskupp i eit av dei største demokratia i verda. Nokre av dei er kledde i uniform og ber kryptiske symbol på kroppen. Dei mislukkast, og han som eggja til kuppet, blir stilt for retten. Sjølv om det var dramatisk og tragisk – folk mista livet, – blir heile affæren gjort narr av i ettertid. «Slikt går ikkje an. […] Ein gjeng med pøblar. […] Marginalt og konspiratorisk.»

Dette er ikkje ei oppsummering av marsjen mot Capitol Hill i Washington DC i USA 6. januar 2021, – men av det som i ettertid er vorte heitande «ølkjellarkuppet» i München i Tyskland 8. november 1923.

Drivkrafta bak det mislukka og teatralske kuppforsøket var Adolf Hitler. Ti år seinare vart han Tysklands diktator, valt på demokratisk vis. Det heile enda i den totale krigen og holocaust.

Det totalitære er latterleg heilt til det blir totalitært og forbyr alt som er latterleg.

Adolf Hitler tilbake Bürgerbräukeller i 1934, eitt år etter at han fekk demokratiet til å gjere han til diktator. Foto: AP/NTB

Eit kostymeparty?

Ikkje for det at trugsmålet frå Trump ikkje blir teke på alvor. Kommentariatet, og det som trumpistane sjølv avfeiar som dei «politiske korrekte media», nærast kappast om å vera imot Donald Trump. Men det er stadig noko latterleggjerande over det heile. Storminga av Kongressen, sa ein engelskspråkleg kamerat av meg, såg mest ut som «a fancy dress party gone wrong» – som eit kostymeparty som utarta.

Det ligg ein fare i dette. Det er farleg å latterleggjera vår eiga samtid og tru at me er unnatekne lagnaden og historia sin gang. Men det er ikkje så rart, det er vanskeleg å sjå vatnet me svømmer i.

Tida det tek

Slik tenkjer eg meg det må ha vore på 1920- og 30-talet også. Alle desse som såg på Hitler som ein klovn. Det er velkjent at dei tyske statselitane og borgarskapet trudde at Hitler kom til å moderera seg så snart han fekk makt, og då kunne dei kontrollera han, trudde dei.

Like velkjent er det at dei hardaste kritikarane av Trump og rørsla bak han i dag blir latterleggjort og avviste så snart det ropast «fascist!». Det er klart at Trump ikkje er så galen, det går då an å snakka med han, kan enkelte seia. Og no skal eg snart slutta å dra historiske parallellar, dette blir den nest siste:

Det var jo ganske mage som meinte at Hitler var ein fornuftig statsmann som det gjekk an å snakka med. Men ikkje lenge etter at den statsminister Neville Chamberlain hadde kome heim til Storbritannia med «peace in our time»-bodskapen, så invaderte Hitler Polen, – og andre verdskrigen var eit faktum.

Poenget er dette: Det tek tid før det totalitære får overtaket. Det skjer gradvis, og ofte via demokratiske prosessar, – og ofte kjem det frå utkantane i samfunnet, frå det som ofte blir sett på som latterlege outsiderar. Me ser det ofte ikkje for kva det verkeleg er før det er over oss. Då er det for seint.

Nokre av nazistane under rettssaka etter «ølkjellarkuppet». Adolf Hitler nummer fire frå høgre, midt i biletet general Erich Ludendorff, Ernst Røhm er nummer to frå høgre. Rettssaka gjorde nazipartiet kjent i heile Tyskland. Foto: Wikimedia Commons

I Landsbergfengselet i 1924 etter ølkjellarkuppet året før. Frå venstre: Adolf Hitler, Emil Maurice, Hermann Kriebel, Rudolf Hess og Friedrich Weber. Hitler vart dømt til fem år i fengsel, men slapp fri etter ni måneder. Foto: Bildarchiv Preussischer Kulturbesitz

Usikker overgangstid

Det er ikkje tvil om at me no lever i ei overgangstid. Og overgangstider tek tid. Dei siste tretti åra, frå eg vart fødd fram til no, har verda gått frå å stå mellom to politiske og økonomiske system – eit demokratisk-kapitalistisk og eit totalitært-kommunistisk – til å bli eit kaos utan system. Nye ting oppstår, alt er i endring. Og i politikken kan alt skje.

I denne samanhengen er det at me må forstå trumpismen, populismen og konspirasjonsteoriane som no slår rot. Ulike røyndomsforståingar kjempar om definisjonsmakta. No kryp den nye forståinga fram frå ytterkantane og nærmar seg sentrum. Men den røyndomsforståinga som til ei kvar tid har hegemoni, har ein ibuande tendens til å stempla dei nye trendane som latterlege.

Det er dette som er farleg, – men også positivt på same tid. For når alt kan skje, kan Trump skje, og det som mykje verre er. Men det er òg mogleg for reelt progressive krefter til å stå fram. Det som er viktig i ein slik situasjon som me no lever i, er at samfunna våre får halda fram med å vera som ein teaterscene der politiske motstandarar får framføra argument mot kvarandre på like fot, – og at mobben i salen ikkje får storma scenen.

Dette er ikkje mine tankar, dei høyrer til filosofen Hannah Arendt (1906–1975), som mellom anna skreiv storverket «Origins of Totalitarianism». Dette fordrar at me tek det latterlege seriøst.

Og no?

Den aller siste historiske parallellen, som eigentleg er den første, kjem no:

Kva om storminga av Kongressen i USA er vår tids ølkjellarkupp? Kva om dette er den latterlege starten på det som til slutt blir den totalitære slutten?

Har me no eit tiår på å førebu oss på å ta det rette valet, på å rusta oss mot det som kjem?

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Populisme
  3. Politikk
  4. Eirik Magnus Fuglestad
  5. Demokrati

Mest lest akkurat nå

  1. Stig Løset og naboene går glipp av hundretusener i støtte

  2. Kapteinen døde - skip til kai i Randaberg med sju koronasmittede om bord

  3. Kristine (29) har gjort et utradisjonelt karriereskifte

  4. 20 millioner ubrukte vaksinedoser i EU

  5. Ett kritisk hensyn stopper Iselin Nybø fra å flytte 140 stat­lige arbeids­plasser fra Oslo til Rogaland

  6. Aktor krever 12 års fengsel: - Han fikk begge guttene til å tro at deres verste mareritt var en drøm