Det store tabuet og den store draumen

GJESTEKOMMENTAR: Kortet avvist, inga dekning på konto, å ha dårleg råd eller vere blakk. Kjært barn har mange namn. Eg har alltid vore blakk.

Vi tar enorme risikoar og må leve med skiftande inntekt, for vi er avhengige av berre ein ting, vår eigen kapasitet til å lage kunst.
  • Kristin Auestad Danielsen
    Kristin Auestad Danielsen
    Forfattar og dramatikar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Og det kan vere mange grunnar til pengesorger. Arbeidsløyse. Dårlege investeringar. Sjukdom. Endringar i familien. Det kan vere mange grunnar til pengelukker også. Forskotsarv og lotto-gevinstar. Flaks i investeringar.

Eg har alltid vore blakk. Iallfall ganske ofte. Studentlivet glei over i eit forfattarliv med tilsvarande livsstil. Studielån gjekk over til ulike forfattarstipend. Eg har levd med korte tidshorisontar, frå hand til munn, det har vore gode tider, og det har vore dårlege tider. Fordi det har vore ein ting som har vore viktigare enn alt anna: Å skrive bøker, dikt, teaterstykke. Å skrive har vore viktigare enn å tene pengar.

Utfordringar

Å leve av å skrive er eit privilegium. Det er eit meiningsfullt liv. Eg arbeider fritt. Skriv om det eg måtte ønske. Kan velje samarbeidspartnarar. Eg er inni ei evig skattejakt etter gode idear og univers. Eg er heldig, og eg veit det.

Men viss eg blir sjuk eller har skrivetørke, er det hardt. Forfattarar er sjølvstendig næringsdrivande og lever av det vi produserer. Vi må sørge for oss sjølve viss vi blir sjukemelde eller mister oppdrag. Vi tar enorme risikoar og må leve med skiftande inntekt, for vi er avhengige av berre ein ting, vår eigen kapasitet til å lage kunst. Det Knut Olav Åmås kallar «økonomiske høyrisiko-tilværelser».

I 2005 debuterte Kristin Auestad Danielsen med diktsamlinga «Alle i Norge, i tre, i hengekøyer». Ut frå biletet å døme såg ho lyst på forfattarlivet då.

Då eg hadde gitt ut mi første diktsamling, møtte eg eit av mine store forbilde på eit forfattararrangement. Eg roste ho for dei fantastiske bøkene ho har skrive. Vi snakka meir, og så fortalde ho korleis ho budde. Ho fortalde at ho ikkje råd til stor nok leiligheit for seg og ungane. Ho måtte sove i stova. Eg hugsar kor overraska eg blei. Tenk å ha det sånn. Eg hugsar eg sa «wow», og at ho lo. Det er eit møte eg aldri gløymer.

For det kan vere hardt å følge draumen. Det kostar. Ein blir kreativ, ja, men risikerer også å bli fattig. Då kan det gå mykje i reparasjonar og brukt-butikkar, få impulskjøp og god middagsplanlegging. Nei, karbonavtrykket treng ein ikkje ha dårleg samvit for.

Då eg flytta heim til Rogaland for seks år sidan, var alt tydelegare enn nokon gong. Då eg klaga mi naud til mi kjære mor, sa ho lakonisk: «Kor i verda kan ei åleinemor som livnærer seg som poet rekne med å kome inn på boligmarknaden?» Kanskje det var eit poeng i det.

Dama i banken sa det same. Eg fortalde om alle dei gode utsiktene eg hadde. Prisar og stipend eg hadde fått. Allslags gode skussmål for mitt makelause talent. Ho smilte håpefullt og spurde etter faste inntekter. Eg kunne vise til likningar med svært skiftande inntekt. Unnskylda meg med at eg hadde hatt ein periode med skrivesperre. «Ja, ja, sa ho. Får håpe du møter ein mann med hus.» Det var ei fornedrande erfaring. Men eg så gjorde. Fann kjærleik med hus. Men det er ei heilt anna historie.

Tannlegen min roste meg også for å ha følgt draumen min. Då ho sa det, tenkte eg kun på tannlegen sin Tesla eg hadde passert på veg inn dørene, og på feriebudsjettet som ville ryke og gå rett ned i dei to rotfyllingane. Det kjendest ikkje som ein draum. Det var hardt. Men for mitt vedkommande skal eg ikkje klage. For eg har valt det heilt sjølv.

Når eg fortel folk at eg er forfattar, kan dei bli fjerne i blikket og fortelje kor heldig eg er som følger draumen min. At dei sjølve har draumar om å starte si eiga bedrift. Sende inn ein patentsøknad. Starte kafé. Å kunne ta fri når ein ønsker. Vere fri. Vere sin eigen sjef. Det kan setje i gang eksistensielle samtalar om kva ein lever for. Kva som er meininga med livet.

Vanlege, gode liv − og draumen

For du har den sjølvvalde fattigdommen, og så har du den strukturelle fattigdommen. Vi er ein region som er styrt av strukturar som ligg utanfor vår kontroll. Oljeprisen.

Då oljeprisen fall i 2015, mista tusenvis av folk her i regionen jobben. Tusenvis av folk blei oppsagde. Acne-butikken la ned og Tango melde om merkbart fall i sal av sjampanje.

Og det å ha dårleg råd blei ein main stream problematikk. Det ein hadde råd til før, var ikkje mogleg lenger.

Plutseleg begynte folk å snakke om draumar, om å gjere ting annleis. Dei hadde mista jobben og såg etter mogelegheiter. Og det har vore hardt for mange å gå frå å ha god jobb til permittering og arbeidsløyse. Det er vanskeleg å gå ned i levestandard. Iallfall når bustadlånet er basert på lønna ein hadde då oljeprisen var på topp.

Nasjonalbibiotekaren vår, Aslak Sira Myhre oppmoda oss i 2016 om ikkje å følge draumen. Han oppmoda oss om å leve vanlege liv, og at det er heilt greitt.

Kanskje oljekrisa i 2015 kan få oss til å gjere begge deler. Gjere oss bevisste på kva som er gode liv, og kva som er ein draum. Vil du risikere å selje huset for å starte kafeen? Kanskje vi kan få eit større mangfald i korleis vi lever gode, vanlege liv. Å gå ned i levestandard kan vere å gå opp i draumar. Det kostar å følge draumen. Men det kan også vere eit vanleg og godt liv.

Les også

  1. – Kunstnarar må tena meir pengar sjølv

  2. Natasja Askelund: «Spekter-toppen går på den smellen privilegerte mennesker som henne pleier å gå på»

  3. Natasja Askelund: «Vi må få tid til å lage kunst»

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Kristin Auestad Danielsen
  3. Kunst

Mest lest akkurat nå

  1. Full krangel om Norges største gondol til 500 millioner. Bak står Spotify-investorer.

  2. Tidligere proffsyklist Chris Anker Sørensen døde i ulykke: - Uforståelig og ufattelig

  3. Kjøpte rekkehus alene i en alder av 24: – Jeg er ikke noe god på økonomi, men er fornuftig

  4. – De truet med å sende meg tilbake om jeg ikke var snill

  5. Snart leverer Erna Solberg sin avskjedssøknad. Slik blir Norge styrt til Støre tar over.

  6. Viking-talentene til kvartfinale