Mytar får spreie seg for lett i EU-debatten, som i Acer-saka om våre fossefall og EUs energipolitikk

GJESTEKOMMENTAR: Dersom Acer-debatten er ein forsmak på EU-debatten, er lærdommen at det meste er tillate, så lenge det er imot EU.

Publisert: Publisert:
Svein Erik Tuastad
Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Same kva EU-motstandarar og industriinteresser hevdar, handlar Acer (Agency for the Cooperation of Energy Regulators) ikkje om råderett over nasjonale naturressursar, men om eit europeisk samarbeid for betre utnytting av fornybar energi, i klimakampen. Foto: Shutterstock/NTB Scanpix

Brexit opnar for ein ny EU-debatt i Noreg også. Det er berre eitt år til Storbritannia går ut av EU. Den 29. mars 2019 må britane ha på plass først ein overgangsavtale med EU, og dernest ein ny, permanent avtale. Den siste tida har det her heime oppstått ein heftig debatt om Acer og den tettare tilknytinga til energimarknaden i EU. Dersom denne debatten er ein forsmak på EU-debatten, er lærdommen at det meste er tillate, så lenge det er imot EU. Slik bør det ikkje vere.

Eg skundar meg å føye til at eg sjølv er med i Europabevegelsen. Utgangspunktet mitt er altså at EU representerer eit verdifullt samarbeid. Men same for kva syn ein har på norsk medlemsskap, bør det vere ei felles interesse å få fram sann informasjon.

Les også

Europabevegelsen: «Norge vil få økt innflytelse med EUs energisamarbeid»

«Normalisering av løgner»

Ifølgje ein britisk biskop førte Brexit-debatten til «ei normalisering av løgner» og ei radbrekking av det anstendige offentlege ordskiftet. Alt bør ikkje vere lov i debatten, jamvel om det er mot EU, var poenget til biskopen.

Diskusjonen dei siste vekene om Acer og vår deltaking i EU sin energimarknad er eit godt døme på at ei faktaopprydding trengst i vår debatt også. For det handlar naturlegvis ikkje om å gje frå seg råderetten over nasjonale ressursar. Det handlar om å delta i ein marknad som alle har ei interesse av at fungerer godt. Det er på same måten som når norske verksemder sel fisk, maskinar, aluminium eller papir i den europeiske fellesmarknaden. Vi tar ikkje bort råderett til ressursar eller norsk eigarskap til eigenproduserte varer jamvel om vi godtar regulering av marknaden varene vert selde på. Utan standardar for kva varer skal innehalde, kva som er ulovlege stoff og korleis handelen skal gå føre seg, vert handelsmarknaden dysfunksjonell. Acer og EUs tredje energipakke dreier seg om å få ein kraftmarknad vi alt er med i til å fungere betre.

Verdiane som vasskrafta vår skaper, er for alle som bur i Noreg. Seriøse debattantar burde kunne vise vilje til å la fakta i staden for mytar styre debatten.

Les også

Arild Inge Olsson: «Dyr strøm? Venn deg til det»

Miljøet

Som Miljøpartiet Dei Grøne peikar på, til liks med mellom andre miljøstiftinga Zero, inneber politisk samarbeid at energipolitikken kan verte meir miljøvennleg. Regn, sol og vind utgjer fornybare energikjelder som ikkje forureinar, og som kan erstatte klimaskadeleg energi. Solenergi og vindenergi må produserast når det er fint vær eller vind. Då oppstår det eit energibehov når det er vindstille og regn. I Noreg kan vi då supplere med energien skapt av regnet, frå oppsparte vasskraftreservar i magasin.

Nasjonalt isolert miljøpolitikk er utdatert. Klimautfordringa er jo grenselaus i sin natur. Miljøpolitikken er meir enn noko anna politikkområda avhengig av at vi løftar blikket. Det gjer vi når regnet får supplere sola og vinden.

På veg mot ein ny EU-debatt

Før vi veit ordet av det, kan vi vere i gang med ein ny EU-debatt. Som ein av dei beste norske EU-kommentatorane, Kjetil Wiedswang (Dagens Næringsliv), har peika på, vil den avtala britane får, kunne opplyse eit nøkkelspørsmål i norsk EU-debatt. Så lenge ein er samd i at vi har interesse av friksjonsfri tilgang til den europeiske marknaden, finst det andre alternativ enn minimedlemskapet EØS eller det fulle medlemskapet i EU?

Britane kan få ei EØS-liknande avtale som er betre enn vår. Då har Brexit skapt ein ny situasjon for oss også. Då bør vi også trakte etter ei liknande avtale som erstatning for EØS, og det bør opne for ny EU-debatt.

Vel så sannsynleg er det at britane ender opp med ein handelsavtale som liknar Canada sin Ceta-avtale med EU. Ei slik avtale vil få meine er gunstig for Noreg. For norsk EU-debatt vil det ein gong for alle illustrere at det einaste realistiske alternativet til EØS er EU-medlemsskap.


Les også

Vindkraft-serien: «Norsk natur må vike for å gjøre Europa grønnere og tyske pensjoner tryggere»

Les også

Vindkraft-serien: «Derfor investerer ikke disse norske selskapene i vindkraft»

Les også

Vindkraft-serien: «Bare i Rogaland kan det bli 27 vindparker»


Eit sterkt EU

I Europa i dag står splittande og samlande krefter mot kvarandre som to magnetpolar. På den eine sida er lokomotivet i EU, eit samkjørt Tyskland og Frankrike, igjen på skinnene; det er godt nytt for EU. Men dei illiberale demokratia i Ungarn og Polen, høgrepopulismens frammarsj og kaospartia sin siger i Italia-nyleg representerer splittande krefter som ein motpol.

Som europearar flest, er nordmenn tente med eit sterkt og samla EU. Slik eg ser det, som tilhengjar av EU, burde vi korkje av moralske grunnar eller av omsyn til eigne interesser vere tilfredse med å overlate det europeiske samarbeidsprosjektet til dei andre europeiske landa. Vi burde bidra aktivt i det sjølve. Men same kva vi meiner om norsk medlemsskap i EU, må det vere eit mål å streve etter ein sakleg, sannferdig og edrueleg debatt.

Acer og tilknytinga til energipolitikken i EU handlar om slike tekniske ting som korleis frekvensytingar i kondensatorbatteri skal koordinerast, slik fagdirektøren Toini Løvseth (Alcoa) sa det i ein Dagsnytt 18-debatt nyleg. Noko har spora av i debatten når frekvensytingar i kondensatorbatteri vert vridd til å handle om utsal av det norske arvesølvet.

  • Nyheitsartiklar:
Les også

Fagforbund tror ikke EU vil straffe eksportindustrien for energi-nei

Les også

– Tusenvis av industriarbeidsplasser i fare

Les også

Ap stiller betingelser for å si ja til EUs energimarked, Industri Energi aksjonerer flere steder i landet

  • Debattinnlegg:
Les også

Kjerringer mot at EU skal styre strømmen

Les også

Folket, gjennom norske styresmakter, skal ha full styringsrett over naturressursane våre

Les også

Norge trenger et bedre grep om arvesølvet

Les også

Vi industriungdommer krever stortings-nei!

Les også

Arvesølvet vårt forblir norsk

Les også

Ikkje gi EU makta over krafta!

Publisert: