Ka då – ittepå oljå? Kan veksten vare ved når oljeverksemda peikar ned?

GJESTEKOMMENTAR: Betre utdanning og produksjon av kunnskap kan vise seg avgjerande for den økonomiske framtida i Stavanger-regionen.

Nyleg drøfta Klaus Mohn, professor i petroleumsøkonomi, framtidsutsiktene for regionen i eit møte i Næringsforeningen. Her skriv han om kva han meiner må til. Foto: Jarle Aasland

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Vêret på Vestlandet er i sanning skiftande på denne tida av året. Stundom kan dagane være blanke, med klåre fargar og eit utsyn som strekk seg vidt. I neste no kan regnet styrte og gjere kvardagen tung og grå. Regnet sildrar i rennesteinar, lurar seg ned i jorda, leitar seg fram til bekkane og fyller til slutt opp elvene. Og over alt ser ein at vassføringa stig når vatnet buldrar mot havet.

Økonomien som ei elv

Med litt innleving kan økonomien rundt oss sjåast som ei elv. Påfyll kan ein få gjennom oppsving i verdsøkonomien, medan internasjonale nedgangstider vil ha ein dempande verknad på aktiviteten og sysselsettinga.

På tilsvarande vis gjorde oppdaginga av superlønsam olje for 50 år sidan at næringsutviklinga på Vestlandet fløymde opp, med høg vekst i aktivitet og sysselsetting som resultat. Med forbigåande avbrot frå år til år har medgangen vart i fleire tiår.

Den positive samanhengen mellom oljeutvinning og økonomisk vekst er ikkje sjølvsagt. Andre delar av verda er full av døme på at rikdom på naturressursar har undergrave vekstevna i mange land, og i tillegg lagt grunnlag for auka korrupsjon, politisk uro og konflikt. Dette er kjernen i den såkalla ressursforbanninga.

Men i Noreg har me mykje forsking som peikar mot at oljeverksemda i hovudsak har vore til gagn, både for vekst og velstand. Det betyr ikkje at oljeverksemda er utan negative verknadar, men at nettoeffekten på økonomien er positiv. Dette betyr heller ikkje at me hadde vore lutfattige utan oljen, men at me måtte ha tilpassa næring og tæring meir som våre naboland. Det har trass alt ikkje gått så aller verst, det heller.

Flaumtoppen er nær

Mykje tydar no på at olje- og gassaktiviteten etter kvart vil falle, som følgje av at ressursane nærmar seg uttømming og/eller fordi ein meir karbongjerrig energimarknad vender seg bort frå fossile brensel. Spørsmålet blir dermed: Kan veksten i Stavanger-regionen haldast ved lag?

Det meste av forskinga på området har teke for seg økonomiske verknadar av oljeverksemd i tida for oppbygging og drift. Men enkelte arbeid har ein der merksemda er vendt mot tida etter at oljeaktiviteten har passert toppen og ressursinntektene peikar nedover. Trass alt er det dette som er mest relevant for dei neste 50 åra.

Dei fleste slike studiar er frå USA. Her har ein sett på kommunar og regionar der utvinning av olje har vore viktig i tidlegare tider, men ikkje i dag. Fleire nye slike arbeid konkluderer med at ressursrike regionar får større vanskar enn andre med å halde aktivitet og sysselsetting ved lag i tida etter at ressursutvinninga tek slutt.

Regionar som er spesialiserte mot ein spesifikk naturressurs, kan få vanskar om denne ressursen blir uttømt lokalt. Men om kompetansen kan nyttast mot den same ressursen i andre regionar, vil resultatet bli betre. Her heime ser ein jo tydeleg korleis Stavanger-regionen har nytt godt av vidareutviklinga av oljeverksemd i havområda lenger nord.

Ingen plass å gøyme seg

Verre er det om verda vender seg mot akkurat den ressursen ein har spesialisert seg i. Ein upublisert fersk studie tek for seg regionar i Europa der næringsverksemda var retta mot utvinning av kol under og etter den industrielle revolusjonen. Hovudresultatet er at økonomien i dag er vesentleg svakare i slike regionar enn i regionar som ikkje har drive med utvinning av kol i tidlegare tider. Igjen er konklusjonen at ressursrike regionar sakkar akterut når festen er over.

I forklaringar av slike variasjonar i økonomisk aktivitet mellom regionar tyr ein ofte til forskjellar i utdanning. Ressursrike regionar peikar seg ut med lågare utdanningsnivå enn andre regionar, og dette legg ein dempar på utviklinga i produktivitet, verdiskaping og sysselsetting. I tillegg peikar enkelte studiar på at einsretting av næringslivet mot naturressursar kan redusere etableringa av mindre, nyskapande føretak, med lågare innovasjonstakt som resultat.

Etter festen kjem testen

Desse mekanismane har tankevekkande relevans for Stavanger-regionen, som har ein næringsstruktur som er vridd mot olje og gass, og der straumen av nye utbyggingsprosjekt etter kvart vil peike ned.

Her er nivået på lønene høgare enn i resten av landet, og dette skapar ei særleg ulempe for føretak som ikkje er vendt mot oljenæringa. I tillegg kjem at nivået på utdanning er lågare i Stavanger enn i andre norske storbyar, der både universitet og høgskular har lengre historie enn i Stavanger. Kombinasjonen av høge løner og utdanning under middels er urovekkande for utsiktene på lengre sikt.

På årsfesten i oktober kunne Universitetet i Stavanger notere 54 nye doktorgradar. Skal regionen gå godt etter fall i oljesektoren, trengst betre, meir og meir mangfaldig utdanning, konstaterer Klaus Mohn – den neste UiS-rektoren. Foto: Mari Løvås/Universitetet i Stavanger

På lang sikt vil potensialet for verdiskaping avhenge av ressursane ein rår over, samt evnen til å utnytte dei effektivt. Med ressursar tenker økonomar på arbeidskraft (humankapital), eigedom og anlegg, maskinar og utstyr, infrastruktur og naturressursar. Utnyttinga – eller produktiviteten – vil avhenge av kvaliteten ved ressursane, der fleksibilitet og omstillingsevne blir eit eige kvalitetsmål både for humankapital og realkapital.

Betre utdanning og produksjon av kunnskap kan vise seg avgjerande for den økonomiske framtida i Stavanger-regionen. Eit godt tilpassa utdanningstilbod gjev betre kompetanse og kapasitet i arbeidsstyrken, og legg til rette for høg yrkesdeltaking og god omstillingsevne. Saman med relevant forsking kan dette gje eit godt grunnlag for innovasjon, nyskaping og produktivitet. Dette gjer den vidare utviklinga av Universitetet i Stavanger til ei viktig samfunnsoppgåve i åra som kjem.

(Nyleg vart Klaus Mohn tilsett som ny rektor ved Universitetet i Stavanger frå og med 1. august 2019. Red.mrk.)

Følg på Twitter: @mohnitor

Les også

Klaus Mohn: – Superlønnsomheten i oljå vil vi ikke se i de nye næringene

Les også

Magasin: «Ungdommens olje-nei»

Les også

Da oljesmellen kom, ba fortvilte fedre om råd – så mistet Nav-sjefens egne barn jobben

Les også

Hilde Øvrebekk «Vår største svakhet ligger i at vi gir opp»


Les også

  1. Klaus Mohn: «Menneskeleg kapital må styrkast, skule og utdanning må sjå lengre enn til gårsdagens lærdom»

  2. Klaus Mohn: «Klimaspel om oljeverdiar»

  3. Klaus Mohn: «At samfunnsøkonomane kallast festbremsar, betyr ikkje at dei alltid tek feil»

  4. Klaus Mohn: «Oljefondet er den nye oljen»

Publisert:
  1. Klaus Mohn
  2. Gjestekommentar
  3. Sysselsetting
  4. Universitetet i Stavanger (UiS)
  5. Økonomi

Mest lest akkurat nå

  1. Hvor mange kan vi være i jule­selskapet? Regnes hjem­vendte studenter som del av hus­standen?

  2. Farevarsel i Sirdal – kan komme en halv meter snø på ett døgn

  3. Smittekaos i Norges EM-gruppe: – Synd

  4. Begge dømt til for­varing for drapet på Sigbjørn Sveli

  5. Vikings avgåtte styreleder: – Tror dette kan ha skremt folk fra å ville ta jobben

  6. Ny million­gave til lege­utdan­ning i Stavanger