Julestemningsrapport frå sofaen

KOMMENTAR: Sygt travel ennå? Ikkje hatt tid til å sitja i sofaen eit sekund? Her er eit lite julefilmnotat, i tilfelle du ikkje når å sjå slikt sjølv.

« Viss du er veldig sånn Jennifer Lopez- eller Mariah Carey-pen, med stort og ofte litt fortapt blikk, har du heilt sikkert vunne lokale missekonkurransar der ein gong for lenge sidan.»
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det finst folk som ikkje har det så sygt travelt. Folk som får god tid til å sjå julefilmar heile desember, både på TV6 og Netflix og Altibox og ein del andre nokså kjende, men kanskje ikkje alltid så anerkjende stader.

Så til alle de som heilt til nå har hatt det sygt travelt på kjøpesenteret, på jobb, på juleavslutningar og på heilt sygt mange hyggelege og trendy og tradisjonsrike sy-di-eiga-julepølse-i-godt-lag-kveldar, her er eit lite julefilmsamandrag frå oss andre. Og her kunne eg vel skrive noko litt fint om vi som valde vekk stresset og tok oss tid til å setja oss ned i sofaen. Men det er eigentleg frå oss som ikkje hadde noko betre å ta oss til. Eller frå meg, då.

Første del

Du, som akkurat nå blei gjort til hovudpersonen i dette samandraget over alle amerikanske julefilmar vist på ein skjerm i heimen nå i desember, må aller først kunna visa djup motvilje mot å reisa til ein eller annan svært, svært liten stad.

Ein sånn stad der alle kjenner alle, alle hugsar kven som har reist derfrå, alle meiner noko om kvifor dei gjorde det, og alle veit kva dei heller burde ha gjort. I tillegg veit dei sjølvsagt kven som er gift med kven - altså av dei som har blitt verande - kvifor dei er det, og kven dei heller ville ha vore gifte med. Denne vesle staden heiter noko som sluttar på Springs, Falls, eller bare -field. Det er pub, diner, skule, eit arbeidsformidlingskontor og snart jul der. Sikkert kyrkjer også, men dei er ikkje så viktige for julestemninga.

Du er forresten dame. Du er sjølvsagt ei pen dame, for vi snakkar jo filmroller her. Viss du er veldig sånn Jennifer Lopez- eller Mariah Carey-pen, med stort og ofte litt fortapt blikk, har du heilt sikkert vunne lokale missekonkurransar der ein gong for lenge sidan. Vore balldronning eller noko. Viss du er i denne kategorien, er denne vesle staden heimplassen din. Som du forlot. Grunnen til at du kjem tilbake, er veldig ofte at du rota deg borti ein mann som anten drakk, slo, eller døydde. Gjerne minst to av tre. Jo penare blikk, jo verre mann. Difor må du flytta heim til mor eller far. Sjeldan begge to. Far har du krangla med før du drog. Mor ville du aldri bli som. Det veit mor.

Det kan godt vera du er ganske kunstnarisk også, i tillegg til pen. For eksempel at du er veldig flink til å syngja, eller dansa, eller kan setja opp teater eller sy kostymar til julespel på eit nivå som ingen andre på denne vesle staden nokon gong har vore i nærleiken av.

Andre del

Sjølv om dei andre damene, dei som ikkje drog, blir frykteleg misunnelege på deg, får du via ein eller annan bakveg lov til å vera med litt på det der julespelet. Du smyg deg blygt og stille inn, og alle barna elskar deg umiddelbart. Du må hugsa at du er jo pen, litt kua av han der fæle mannen, veldig talentfull med julespel, og med eit blikk stort nok til at alle barn kan spegla seg i det. Du har eit barn sjølv også. Eitt einsamt, stille eitt.

Så finst der ein mann. Eller, det finst mange, men det finst alltid ein som er penare enn alle dei andre. Som kan meir. Som driv for seg sjølv. Som alltid har sett deg. Sjølv om du nok ikkje la merke til han den gongen du var balldronning. Eller i alle fall ikkje forstod at det var han som var mannen.

Du bruker litt tid på å forstå det nå også, for ein sånn film skal jo helst vara i minst halvannan time. Litt uti får du noko du før - og her snakkar vi om eit veldig nyleg før - kanskje bare dagar - ville sett på som draumetilbodet. Draumejobben i storbyen, kanskje.

Tredje del

Du reiser. Sånn at du kan innsjå at alt du vil ha, alt du kan drøyma om i livet, faktisk finst på den vesle staden som sluttar på Falls. Det er der dei har forstått sjølve livet. Det er der dei held saman, det er der dei hjelper kvarandre, og det er der mannen som forstår barnet ditt er. Han, som ein einsam, men veldig sosialt intelligent mann snikrar møblene sine i fred og alltid har elska bare deg.

Sånn. Då er det bare for deg å pitla deg tilbake til Spring Falls. Sånn at det kan bli jul på skikkeleg. I bakgrunnen skoiar ein elskeleg bestefar. Som har vore gift med bestemor i femti år, og visste i det han såg henne at det var henne for alltid, og det hadde han heilt rett i. Difor har han jo rett i mye anna også, og kan koma med små visdomsord om livet og sånt i det han går forbi med juletreet under armen. Og ja, møbelmannen har i mellomtida på sitt stille vis hjelpt barnet ditt og gitt henne nytt mot. Sjølv forstår du plutseleg kvifor mor di valde som ho gjorde.

Alternativa

Det finst forresten ei anna type dame også, i sånne julefilmar. Ei veldig flink og pliktoppfyllande karrierekvinne. Ho er pen på ein så uangripeleg måte at det fort blir usympatisk. Ho har også motvilje mot å koma til Fallsprings. Ho kjem anten for å bli sjef på fabrikken og få den så effektiv at den ikkje trengst lenger, eller for å vera med kjærasten sin heim. Noko ho må, for å følgja planen dei to har lagt om eit vellykka liv.

Ho treffer møbelsnikkaren, ho også. Og så går det som det går. Det blir jul.

Sånn. Det var vel alt. Når du bare oppsøkjer noko du har skikkeleg dårlege vibbar for, skikkeleg kjipe grunnar til å gjera, og folk du har behandla skikkeleg dårleg, finn du både kjærleiken og julestemninga.

Men det kan jo vera det er enklare bare å ta seg ein liten tur ut av huset eller hybelen din. Stå utanfor og kikk inn. Kan vera det er julestemning der nå.

Les også

  1. Tru og mistru

  2. Det vaksne veit

  3. Å, så feigt eit fleirtal på Stortinget!

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Jul
  3. Mariah Carey
  4. Jennifer Lopez
  5. Netflix