Telefonsal bør bli forbode!

KOMMENTAR: Dei fleste meiner telefonsal er noko herk. Likevel held frivillige organisasjonar og bedrifter fram med å irritera oss grenselaust, lura på oss dårlege avtalar og tigga minstepensjonistar til ruin.

Ring, ring. Kven kan det vera? Ikkje så sjeldan er det ein seljar med søt stemme i andre enden.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
    Frilansjournalist
Publisert: Publisert:

Kvifor får desse telefoniglene halda på? I tillegg har telefonseljarane mage til å forstyrra i ulvetimen. Du er nett komen heim frå jobb. Då ringer det frå ukjent nummer. Du svarar vanlegvis ikkje på slike, men sidan du ventar ein viktig telefon, gjer du eit unntak. «Snakkar eg med Heidi?» Den silkemjuke smiskestemma i andre enden er ikkje å ta feil av.

Fasttelefonens blodsugarar

Du har heller ikkje vore lenge i stova til gamle foreldre før det ringer i telefonen, anten i fasttelefonen eller i seniormobilen som ligg i jakka til far din. Det er ikkje den snille heimehjelparen som ringer. Det er organisasjonen som samlar inn pengar til den blinde guten som treng ein hund, ein bamse, ein bil, eller kva veit eg. Og det er jo snilt nok …?

Gamle folk blir triste og gåvmilde av blinde barn. Og det kan eg skjøna, men eg blir òg trist av det utidige ringekøyret mot eldre menneske som ofte også er einsame og ikkje snakkar med så mange andre enn innsmigrande og pågåande telefonseljarar gjennom ein lang dag.

Å bli påprakka eit produkt heilt uførebudd på telefon kan umogleg vera god salsskikk, for er du først hekta i snakkegarnet til desse seljarane, er det fort gjort å seia ja til eit eller anna tulleprodukt, – fordi du er svolten eller midt i ei tankerekke.
Les også

Tomt i reiret? Kva med ein attpåklatt?

Les også

Kven ringer barnehagen først når barnet spyr? Mor eller far?

Slutt å flå bestemor!

Men det mest opprørande er at ofte går det aller meste som minstepensjonistane gir, til telefonsalfirmaet, – og ikkje til den blinde guten. Foreldra dine sukkar og skjønar ikkje at så mange enno ringer, etter at dei reserverte seg mot telefonsal.

Rundt 2,1 millionar nordmenn har reservert seg mot telefonsal i Brønnøysundregistera. Står du i dette registeret, er det forbode å kontakta deg, men lova gir unntak dersom du alt er kunde eller givar hjå den aktuelle bedrifta/organisasjonen. Dette er ein veikskap i lova som mellom anna har blitt kritisert av Forbrukertilsynet.

Forbrukartilsynet får kvart år mange klagar på telefonsal, dei fleste gjeld oppringingar til folk som har reservert seg mot dette anten i Reservasjonsregisteret, eller direkte hjå den som ringer, opplyser seksjonssjef i tilsynsavdelinga, Nina Elise Dietzel.

Ofte er det eldre som blir utsette for særleg frekke og pågåande telefonseljarar, ifølge fagbladet Bistandsaktuelt. I 2015 skreiv bladet om ei eldre kvinne som blei fakturert for 55.000 kroner frå 25 ulike ideelle organisasjonar i løpet av fem månadar, sjølv om ho hadde reservert seg mot telefonsal.

Les også

Vågar du seia ja til ein journalist på ein dårleg hårdag?

Les også

Mitt liv med flyskrekk

Sjølv har eg til nå lagt inn 113 telefonnummer frå seljarar på telefonen. Somme har namn som «selgerrrr­rrrrrrrrrrr­rrrrrrrrr». Eg kunne lagt inn langt fleire.

Maset frå ei oppsagt avis

Forbruksforskingsinstituttet Sifo har dokumentert at nordmenn mislikar å bli oppringde av telefonseljarar frå frivillige organisasjonar. Det gjeld særleg dei eldre. Dei gamle gir mest og blir òg oftast ringt opp av telefonseljarar.

Og kva med innvandrarar som nesten ikkje kan norsk? Å bli påprakka eit produkt heilt uførebudd på telefon kan umogleg vera god salsskikk, for er du først hekta i snakkegarnet til desse seljarane, er det fort gjort å seia ja til eit eller anna tulleprodukt, – fordi du er svolten, midt i ei tankerekke, fordi du er einsam, fordi du er godhjarta, fordi du er naiv, fordi du ikkje skjønar halvparten av det som blir sagt, eller fordi du rett og slett vil bli ferdig med samtalen.

Bedrifter som nyttar telefonseljarar, burde gå i skammekroken, som avisa Vårt Land, til dømes. Eg var abonnent der ein kort periode. Då eg sa opp, begynte ringinga. Å du, som dei ringde! Frå fleire ulike nummer. Avisa tedde seg som ein forsmådd beilar. At ei oppsagt avis tek kontakt med ein eks-abonnent ein gong i året, er éin ting, men fleire gonger i månaden minner om trakassering. Og nei, eg kjem aldri til å abonnera på Vårt Land igjen.

Dette er delar av kontaktlista på telefonen min. Her har eg lagt inn nummeret til 113 seljarar.

113 seljarar på telefonen min

Sjølv har eg til nå lagt inn 113 telefonnummer frå seljarar på telefonen. Somme har namn som «Selgerrrrr­rrrrrrrrrrrrrrrrrrr». Eg kunne lagt inn langt fleire. Som eigar av eit enkelt­person­føretak er eg, som våre gamle, ekstra ettertrakta vare for telefonseljarar.

Straumseljarar er blant dei som ofte nyttar pågåande telefonsal, og dei er overrepresenterte i klagestatistikken. Straumselskapet Tibber, derimot, går motstraums. Dei hadde i fjor ein kampanje mot telefonsal med emneknaggen #SisteRing. Målet deira er at sal via telefon skal bli forbode i Norge, slik det til dømes er i Tyskland. Tibber-direktør Edgeir Vårdal Aksnes skreiv dette i ein kommentar i Dagbladet i fjor:

«Faktum er at du får ikke den gode dealen gjennom telefonsalg. Den finnes ikke. Det er ikke annet enn et virkemiddel i en utgått forretningsmodell, som norske selskaper utnytter grovt. Og vår bransje – energibransjen – troner på toppen av verstinglista.»

Svært upopulært

Tibber har, saman med Norstat, gjennomført ei undersøking (og denne har ikkje skjedd via telefon, understrekar selskapet). Konklusjonen er at 70 prosent av dei som deltok, meiner at telefonsal burde vore ulovleg. 85 prosent meiner at bedrifter som driv med slikt sal, ikkje er på kundane si side.

I januar i år bestilte Tibber ei ny Norstat-undersøking som viste at 44 prosent av deltakarane har kjent seg lurt av telefonseljarar. Ifølge Tibbers pressekontakt Eunice Aguilar Helge, satsar deira selskap på vekst gjennom ryktebørsen frå nøgde kundar. Ved å tilby eit bra produkt med gjennomsiktige vilkår, treng ein ikkje ty til tvilsame salsknep, slik som telefonseljarar som lurer inn nye kundar med tilfeldige lokketilbod.

På nettsida Innsamlingskontrollen kan du sjekka om organisasjonar som driv telefonsal, er «grøne» eller «raude». For å bli «grøn» må organisasjonen la minst 65 prosent av dei innsamla pengane går til formålet.

Les også

  1. Overstrøy­mande minne­ord er til å bli flau av

  2. – Eg trur koronakrisa har dunka liva til urbane menneske inn i ein rytme som minner meir om våre bygdeliv

  3. Folk får piggane ut av sure nynorskfolk. Difor bør nynorskingane alltid vera glade og luka ut ord som det lenge har grodd mose på.

  4. – Har me så god sjuke­løns­ordning at me pressar oss mindre enn me burde?

Publisert:
  1. Telefonsalg
  2. Tibber
  3. Forbrukertilsynet
  4. Norstat
  5. Telefon

Mest lest akkurat nå

  1. Melder om snø i etter­middag

  2. Varsler 5 kroner kilo­wattimen rundt middagstider

  3. Nå slipper de å bygge «Undheimsti» på Eigerøy

  4. Dette sa Gunnarsson som fikk Brekalo til å koke over

  5. David Brekalo: – Jeg gjorde en feil og vil beklage til alle

  6. Slik vil Norled revolus­jonere elekt­riske hurtig­båter