Den farlege nedturen for demokratiet i USA

KOMMENTAR: Åtaket på Kongressen i Washington, D.C. for eitt år sidan betydde slutten for Donald Trump i amerikansk politikk. Trudde eg. Så feil kan ein ta.

6. januar er det eitt år sidan ein rasande mobb gjekk til åtak på kongressbygningen i Washington. Nokon fortente å døy.
Publisert: Publisert:

6. januar er det eitt år sidan me fekk sjå scener eg aldri hadde trudd me skulle oppleva: Tusenvis av rasande demonstrantar gjekk til åtak på kongressbygningen i USAs hovudstad. Demonstrantane meinte Donald Trump var den verkelege vinnaren i presidentvalet i november 2020. Nå braut mobben seg inn i bygningen i eit forsøk på å hindra den formelle kåringa av Joe Biden som valets vinnar.

I USA har visepresidenten ansvaret for denne seremonien. For ein gongs skuld nekta Mike Pence å bøya seg for presidentens urimelege og vanvitige krav. Han godkjende valresultatet. Og mens demonstrantane braut seg inn, og Pence og dei andre livredde folkevalde gøymde seg, gjekk Trump til åtak via Twitter og skreiv at Pence «ikkje hadde motet til å gjera det som skulle vore gjort for å forsvara landet og grunnlova».

I folkemengda kunne ein høyra folk ropa, taktfast: «Hang Mike Pence!» På plenen utanfor hadde dei sett opp ein symbolsk galge.

På sosiale medium hadde folk på førehand diskutert kven som burde hengast først. Demokratanes leiar Nancy Pelosi? Høgsterettsjustitiarius John Roberts? Visepresidenten?

Fem menneske døydde som følgje av åtaket den dagen. 150 politifolk blei skadde. Fire politifolk har seinare teke sitt eige liv. Mange slit framleis med etterverknadene etter den dagen.

Trumps rolle

«Ver der, ver ville», tvitra Donald Trump. Og mobben følgde oppmodinga og storma Kongressen 6. januar 2021.

Kva gjorde den sitjande presidenten? Han hadde oppfordra folk til å møta opp.

«Be there, be wild!», tvitra han 19. desember. På sjølve dagen talte han til demonstrantane utanfor Det kvite huset og gjentok den feilaktige påstanden om at valet var stole av Demokratane. Han avslutta med ei oppfordring om å gå opp til kongressbygningen og gi Republikanarane der «stoltheita og motet dei treng for å ta landet vårt tilbake».

Så gjekk han inn og såg opprøret spela seg ut – på tv. Han fekk mange oppfordringar om å gripa inn i galskapen. Sonen Donald Trump jr. var blant dei som teksta stabssjef Mark Meadows og skreiv: «He’s got to condemn this [shit] Asap.» Men det skulle gå timevis før Trump gjorde noko.

Eg tok feil

Var det éin ting eg var sikker på då denne vanvitige dagen var over, så var det dette: Nå er det definitivt over for Donald Trump i amerikansk politikk. Nå er han avkledd, tenkte eg. Her har verda fått sjå resultatet av eit fire år langt åtak på demokratiske institusjonar og prosessar. Dette viser kva løgner og konspirasjonsteoriar, polarisering og manipulering fører til. Så gale kan det gå. Ingen politikar som har stilt seg i spissen for noko sånt kan overleva politisk. Tenkte eg.

Men så feil kan ein altså ta. Trass eit hovudfag i samanliknande politikk og aaaltfor mange timar brukt på å følgja med på amerikansk politikk frå Trump entra scenen som presidentkandidat.

Nedover

Kvar tredje amerikanar trur at Donald Trump eigentleg vann presidentvalet i 2020, og heile to av tre republikanske veljarar trur på «den store løgna».

Og mens eg trudde – eller håpa – at 6. januar 2021 skulle markera eit slags botnpunkt for det moderne amerikanske demokratiet, har det sidan då på mange måtar berre gått nedover. Eitt år seinare er ikkje løgnene og konspirasjonsteoriane borte. Dei er – tvert om – blitt forsterka. Nesten tre av fire republikanske veljarar (73 prosent), og éin av tre amerikanarar, trur nå på løgna om at Biden vann på grunn av valfusk – og at Donald Trump dermed er den faktiske vinnaren av presidentvalet, ifølgje ei meiningsmåling frå Monmouth University frå november 2021. Dette trass tallause omteljingar, 60 rettsvedtak og null faktisk dokumentasjon på at påstanden skulle stemma.

Og Trump sjølv? På ingen måte ute av amerikansk politikk. Ikkje blei han dømt i riksrettssaka som følgde. Eitt år etter åtaket er han den udiskutable leiaren for Det republikanske partiet. Såpass at knapt nokon republikansk politikar – i Senatet, Kongressen eller blant andre med ambisjonar – lenger tør å markera avstand til han eller koma med kritikk. Det blir nemleg rekna som ein effektiv måte å avslutta si eiga politiske karriere på.

Dermed stiller eit heilt parti seg på side med løgna om kven som vann det legitime og frie presidentvalet – og i å snakka ned dramatikken i det som skjedde 6. januar. Det republikanske partiet har gått i autoritær, antidemokratisk retning, hevdar statsvitar Hilmar Mjelde til NTB.

Les også

Gunnar Grendstad: «Neste gang er valgkuppet ’lovlig’»

2024?

Og ikkje nok med det. Den mest sannsynlege presidentkandidaten for Det republikanske partiet i 2024 – og ein ganske sannsynleg vinnar – er Donald Trump.

Dette lover svært dårleg for det amerikanske demokratiet. Landet som er vår viktigaste allierte, som lenge var den store, globale leiestjerna for demokratiske rettar og fridom, har dei siste ti åra rast på Freedom House sin demokratiindeks. Og er det éin ting som er sikkert, så er det at fallet vil halda fram om Trump får ein ny periode som president.

Men før den tid er det store spørsmålet dessverre dette: Om Republikanarane får fleirtal i Representantenes hus og Senatet ved mellomvalet til hausten, kven vil då forsvara eit valresultat som viser at den demokratiske kandidaten vinn presidentvalet i 2024?

Vil åtaket på det amerikanske demokratiet då koma innanfrå eller utanfrå veggane i kongressbygningen?

Eg har jo tatt feil før. La oss håpa at eg tek feil igjen.

Publisert: