Populære medium i koronatrøbbel

KOMMENTAR: Koronakrisen har fått lesarane til å strøyma til etablerte medium – og annonsørane til å flykta. Overlever mediemangfaldet viruset?

Publisert: Publisert:

Mediebransjen har bede om ein eigen tiltakspakke for å koma gjennom koronakrisen. For mens lesarane strøymer til, flyktar annonsørane.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Eigentleg skulle eg vore i Tønsberg i helga. Stiftinga for ei kritisk og undersøkande presse (Skup) skulle arrangert sin årlege konferanse, og eg hadde meldt meg på. Det var endåtil 30-årsjubileum i år. Men, som så mykje anna: Årets konferanse blei avlyst.

Skup-konferansen er det fremste faglege forumet for norske journalistar. Det er ein dugnad der 700–800 norske journalistar i løpet av ei helg kan velja mellom ein myriade av fagseminar med dyktige fagfolk innan journalistikk – og der Norges gjævaste journalistprisar blir delte ut.

Ingen av foredragshaldarane får betalt. I staden for å halda arbeidsmetodar, triks og innsikter for seg sjølv, er heile ideen å dela kunnskap med kollegaer og konkurrentar. Målet er at alle skal kunna bli betre.

Delekultur

Det har vore mange store, utanlandske namn på besøk på Skup. Men aller størst glede, inspirasjon og nytte har eg hatt av å høyra på norske kollegaer fortelja korleis dei har jobba fram viktige journalistiske saker.

Også Aftenbladet har vore representert på programmet. I 2016 vann Aftenbladet Skup-diplom for «Glassjenta», og Thomas Ergo, Rune Vandvik og Hans Petter Aass hadde seminar om korleis dei hadde jobba fram dette gigantiske prosjektet. Året etter fekk dei òg Den store journalistprisen.

Alle metoderapportane til alle som melder seg på konkurransen om årets Skup-pris, blir i ettertid lagt ut på nettet, slik at alle kan gå inn, lesa og læra.

Aftenbladet-journalistane (f.h.) Rune Vandvik, Thomas Ergo og Hans Petter Aass vann ikkje berre Skup-diplom for «Glassjenta» i 2016, i 2017 vann dei òg «Den store journalistprisen», den største medieprisen i landet, for det same graveprosjektet. Harald Stanghelle (t.v.) frå Norsk Redaktørforening delte ut prisen i Trondheim Foto: Finn E. Våga

Ressurskrevjande

Om det er éin ting som står lysande klart for meg etter å ha vore deltakar på Skup gjennom fleire år, så er det kor mykje tid, pengar, kunnskap og innsats som ligg bak journalistikk av høg kvalitet.

Det er her koronakrisen kjem inn, både som ein illustrasjon av kor viktig det er med mange og oppegåande journalistiske miljø rundt om i landet – og kor sårbart dette systemet er.

For mens land etter land stenger ned og innfører ekstreme tiltak mot den usynlege fienden, strøymer lesarane til dei etablerte media i tal ein knapt har sett maken til før. Aftenbladet.no har aldri tidlegare opplevd så høg lesing som dei siste vekene. Hundrevis har teikna abonnement.

Demokratifunksjon

Den kolossale oppslutninga viser ikkje berre at korona er eit tema som naturleg nok opptek veldig mange menneske. Det viser også at folk stoler på dei tradisjonelle media som truverdige informasjonskanalar i ei tid med forvirring og krise. Sjølv om det i Trumps tid har kome på moten å skjella ut og mistru «mainstream media», viser lesar- og sjåartala dei siste vekene at svært mange har stor tillit til informasjonen, diskusjonen og analysane i dei redaktørstyrte kanalane. Media oppfyller rett og slett sin heilt avgjerande funksjon i eit levande og opplyst demokrati.

For stoffet du får presentert her, er altså kvalitetssikra på ein heilt annan måte enn «ekspertisen» som byr seg fram på Facebook eller Twitter. Ein del av desinformasjonen på dei nye, sosiale media har vist seg å vera så lite truverdig, så direkte helsefarleg, at Twitter har gått til det ekstraordinære skrittet å ta noko av det redaktøransvaret dei så lenge har prøvd å unngå. Dei har fjerna utsegn som står i skarp kontrast til fakta og helseråd frå Verdas helseorganisasjon. Slik har både Brasils president Jair Bolsonaro og Trumps advokat Rudi Giuliani fått sletta fleire av sine postar.

Dårlege nyheiter

Det var dei gode nyheitene.

Her kjem dei dårlege: Sist veke kom dei første permitteringane i norske aviser. Avisa Nordland i Bodø permitterte ni, Nordlys i Tromsø har permittert 11, Romerikes Blad sju, og ifølgje Medier24.no er kvar tredje medarbeidar i norske lokalradioar nå permitterte. I Stavanger er det allereie ei god stund sidan TV Vest permitterte alle seljarar 80 prosent og redaksjonen 50 prosent.

Ting tyder på at dette berre er starten. Medieforskar Erik Wilberg ved BI har spurt norske medieleiarar korleis koronakrisen påverkar dei. Nesten halvparten av dei redaksjonelle leiarane som har svart, seier at det er aktuelt med permitteringar.

Annonsefall

Parallelt med at lesarane strøymer til avisene, flyktar nemleg annonsørane. Begge delar er logisk. Lesarane vil ha sannferdig informasjon, mens bedrifter som opplever svært usikre, økonomiske tider, nøler med å bruka pengane på annonsar.

Dermed er økonomien i mediebransjen i bratt nedgang – samtidig som lesartala aldri har vore større. Og dermed er mediebransjen blant dei mange som har bede regjeringa om ein eigen tiltakspakke – så langt utan å ha fått det.

Blant det som i alle fall ikkje hjelper for at dette skal gå bra, er å opna alle artiklane – til dømes om korona – for alle, altså også for dei som ikkje abonnerer på ei avis. Somme har teke til orde for dette som ein del av den nasjonale dugnaden. Men journalistar kan altså ikkje jobba gratis, like lite som legar, sjåførar eller dei som jobbar på matbutikken.

Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera, – både nå og i framtida.

Og så får me berre håpa krisen går over og annonsane kjem tilbake før det er for seint.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Journalistikk
  3. Kommentar
  4. Medier