«Og dette skjer på vår vakt»

KOMMENTAR: Frustrasjonen er stor blant mange av Frp’s lokalpolitikarar. For kva skal dei svara når veljarane spør dei om bompengar?

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

At Frp gjerne vil vera bilistane sitt parti, var tydeleg på landsmøtet. Men det er ikkje så tydeleg for veljarane for tida. Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

«Kommuneval handlar om dei nære ting,» sa Frp’s lengstsitjande ordførar nokonsinne, Terje Søviknes, for å senda Frp-arane på landsmøtet vidare ut i valkamp med mot og sjølvtillit. «Då trengst politikarar som vil skapa resultat, som lyttar med respekt, og så gjer det dei seier dei skal gjera! Det gjer Frp!»

Men mange lokalpolitikarar i Frp opplever at dei ikkje får gjera det. Det er bompengane det gjeld, sjølvsagt. Og det er ei kjernesak for dei.

Dei er i mot bompengar, dei stemmer i mot bompengar lokalt, men når dei ikkje fram og prosjektet kjem til Stortinget, er deira eigne stortingsrepresentantar med på å stemma det gjennom.

Regjeringssamarbeidet låser Frp i bompengesaka. Dei tapte den i forhandlingane med Høgre i 2013.

Veljarane ser det. Og snur seg for tida vekk .

Møter seg sjølv i døra

Frp gjekk beinhardt ut før valet i 2013. «Jeg kan garantere at det blir bompengefritt over hele landet», sa dåverande samferdselpolitikar Bård Hoksrud til Nettavisen i juni i 2013. «Vi skal i posisjon for å gjennomføre vår egen politikk. Det er ikke slik at våre programsaker skal i søpla for å få til kompromisser. Slutt å tulle!» sa partileiar Siv Jensen til fylkesårsmøtet i Oslo tidlegare same år.

Seks år seinare er vi på ein heilt, heilt annan stad. I følgje VG var det 170 bomstasjonar i Norge då Høgre og Frp kom til makta i 2013. I fjor var det 245, og regjeringa tok inn 11 milliardar i bompengar.

Då hjelper det ikkje stort at Siv Jensen i landsmøtetalen sin kom med 200 millionar kroner til å riva bomstasjonar for.

Byvekstavtalane skal i tillegg bidra til nullvekst i biltrafikken, og til at veksten i staden kjem på sykkel, på kollektiv, på gange. Bompengane har blitt ein skatt som også er med på å byggja ut dette. Omfanget har auka. Det har blitt dyrt for mange. Det rammar usosialt.

På ei meiningsmåling nettopp, fekk nei-til-bompengepartiet i Bergen ei oppslutning på over 20 prosent. Berre Høgre er større i Bergen. Frp fall til 3,9 i den same målinga.

«Og dette skjer på vår vakt,» sa ein av lokalpolitikarane på landsmøtet fortvila.

Det smertar

«Vi har gått høgt på banen då vi sa vi skulle fjerna bompengane. Det smertar at vi ikkje får større gjennomslag i regjeringa. Men vi har samferdselsminister og finansminister. Kom i oss møte med mykje pengar, og vi skal ikkje skuffa dykk,» sa delegat Jørn Inge Næss frå talarstolen.

Det er ein urettferdig måte å byggje vegar på, blei det sagt, det rammar unge i etableringsfasen hardast, blei det sagt, det er den mest usosiale tingen som nokon gong har blitt vedtatt, blei det sagt.

Og det blei seinare sagt at dei 200 millionane er rein symbolpolitikk. At det er vanskeleg når dei møter Frp’s eigen retorikk om bompengar blant veljarane - dei klarer ikkje svara opp.

«Vi blir målt på kva de gjer. De gjer ingen forskjell. De må slutta å stemma for på Stortinget,» blei det sagt. «Korleis skal vi svara ut at de stemmer ja når vi stemmer nei?»

På bergensk snakka ein fortvila om folkeopprør, og om heilt enorme konsekvensar når bompengane også når ut til Os og Sotra.

Fleire tok til orde for å bruka av dei 738 milliardane oljefondet har sopt inn i år. 100 milliardar skal vera nok til å kunna kvitta seg med all gjeld bompengane nå svarar for. «Vi må bruka av dei uventa ekstramidlane,» sa Carl I. Hagen, og fekk tilslutning frå landsmøtet. «Nå er det eit opprør i Norge. Vi risikerer at vi mistar eit stabilt styringssystem. Det er ein liten fare for demokratiet i visse delar av landet.»

Appellen

Landsmøtet gjekk inn for at bompengebetalande bilistar ikkje lenger skal finansiera anna enn veg, dei vil erstatta nullvekstmålet med utsleppsmål, noko dei trur veksten i elbilar og teknologisk utvikling vil ta seg av. Dei vil gå gjennom og justera byvekstavtalane, og sikra at ein vel dei rimelegaste løysingane for å få ned kostnadene for folk. Frp i regjering og stortingsgruppa skal blant anna føreslå å oppretta ei statleg tilskotsordning for viktige regionale vegprosjekt. Og landsmøtet krev at partiet på alle plan jobbar for å redusera og fjerna bompengeringane i byane, heiter det.

Arkitektane bak vedtaket, er Pål Morten Borgli og Leif Arne Moi Nilsen.

Men eg trur ikkje dette gjer det så veldig mykje lettare for lokalpolitikarane å svara for seg. Veljarane har lært seg å sjå etter handling og gjennomslagskraft, ikkje kva partiet meiner internt.

I Frp snakkar dei inderleg om at dei er ombodsmenn for folk. At dei skal stå folket nært, ikkje fagfolka eller systemet. Dei snakkar mykje om å gjera kvardagslivet enklare for folk. Om å fjerna skattar og avgifter. Om å kjempa for bilistane.

At det då ikkje skal vera dei veljarane snur seg til for å få vekk bompengane, er vanskeleg for ein engasjert lokalpolitikar. Dei skal ut i valkamp. Dei møter veljarar i augehøgde, og dei kan ikkje gi dei svar.

«Kjære Siv», sa ordførarkandidat i Tromsø, Bjørn Gunnar Jørgensen i sin appell - du bad om marsjordre frå oss. Her får du den: Bomstasjonane må fjernast for godt. De må stå opp, snakka med Høgre, Venstre og KrF, og krevja betydeleg meir gjennomslag på bompengar.»

Frp er i regjering, dei har samferdselsminister og finansminister, men har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt. Og alle ser det.

Les også

Frp fortviler over tapte bompenge-velgere

Les også

Ketil Solvik-Olsen angriper pressen, bompengeparti, Jonas Gahr Støre «og andre radikalere»

Les også

Sivs tale og folks kvardag

Publisert: