Politisk val på sitt beste – og verste

GJESTEKOMMENTAR: Valkampen viste at vi har eit lydhøyrt demokrati – og eit styringsproblem.

Publisert:
Svein Erik Tuastad
Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Bompengepartiet og Frode Myrhol, i midten, fekk sitt gjennombrot i denne valkampen og sette i stor grad dagsordenen – på beste demokratiske vis. Men kor bra er det? Elles frå venstre, stavanger-politikarane Bjarne Kvadsheim (Sp), Kari Raustein (H) og Jan Erik Søndeland (V). Foto: Marie von Krogh

Dette valet vart eit ekstremt val. Bom-opprøret feia alle dei fine valkamp-planane til partistrategar, rådgjevarar og spinn-doktorar av bordet slik at partia mista regien. Samstundes illustrerer det norske lokalvalet i 2019 godt eit viktig forskarfunn om korleis demokratia verkar i vår tid: Dei vestlege demokratia er svært lydhøyre for nye stemningar i veljarmassen, slik som bom-motstand.

Men valet viser også korleis prisen for eit lydhøyrt demokrati, er tendensar til politisk forfall.

Les også

Tuastad i juni: «Demokratiet er fornya; framgangen til bompengelistene og dei grøne gjer politikken meir representativ»

Riket som rakna

Forsommaren for eitt år sidan sat politikarane stort sett i fred og ro på partikontora sine, i Stavanger som elles i landet. Saksdokumenta handla om slike ting som kor vidt utbyggjarane av nye bustadblokker skulle få det akkurat slik dei ønskte eller ikkje. Kor mykje sol-, parkerings- og naboomsyn skal vi ta omsyn til? Men så laud ramaskriket frå bom-motstandarane på Nord-Jæren og gjorde slutt på freden.

Slaget ved Hafrsfjord for over tusen år sidan var avgjerande for samlinga av Noreg til eitt rike. Det viktigaste som skjedde i valkampen 2019, var derimot at det norske bom-riket gjekk opp i saumane, og det starta her kor nasjonen vart til. For tilfeldigvis var det ikkje langt frå åstaden for Hafrsfjord-slaget at partiet Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) vart stifta fredag den 12. desember i 2014, på Sunde i Stavanger. Rogaland fylkesting hadde vedteke at det skulle kome nye bom-ringar rundt Stavanger. Nei, begeret var alt fylt, tenkte initiativtakar Frode Myrhol.

Når veljarmakta mobiliserer

Valet handla om beger som renn over. I mars dette året fekk det politiske Noreg ei politisk jordskjelv-melding frå Bergen; ei meiningsmåling synte dramatisk framgang for FNB. I mai synte målingar jamvel at FBN i Bergen var det største partiet i byen. Det politiske jordskjelv-varselet slo omsider til. For Frp var oppslutnaden katastrofalt låg, først i Bergen, men fallande nasjonalt også. Alarmen gjekk.

Liknande skakingar skjedde fleire stader, bomring-opprøret vart ei nasjonal sak. Ei febrilsk tevling mellom FNB og Frp om sakseigarskapen til bom-opprøret varte heilt inn til mållinja.

Les også

Nå møtes bompengepartiene i retten

Demokratiet sitt janusandlet

Hendingsgangen syner oss janusandletet til det moderne demokratiet. Den eine sida viser det korrigerande, velfungerande demokratiet. I staden for berre å protestere og vere sinte, kanaliserte FNB motstanden inn i dei ordna demokratiske kanalane. Og det er først når veljarane gir så stor oppslutnad til dette partiet på meiningsmålingane, at dei andre partia reagerer, ikkje minst Frp, som sit med både finans- og samferdselsministeren. Til slutt vart resultatet milliard-overføringar for å få ned bom-utgiftene, og samstundes nye, auka løyvingar til kollektivtrafikk. I Rogaland førte det til vedtak om å fjerne den mest mislikte ordninga, rushtidsavgifta, kanskje alt ved årsskiftet.

Sett i eit demokratisk perspektiv, endar på denne måten det som starta som eit borgarinitiativ, opp som ein triumf: Demokrati-systemet verkar.

Men kor fornuftig politikk får vi når han vert til på denne måten?

Haltande styringsevne

Fornuftig politikk baserer seg på avvegingar av tunge saksdokument med konsekvensutgreiingar og opplysningar om samfunnsnytte. I ein avslørande artikkel nyleg syner den tidlegare statssekretæren for SV, Ketil Raknes, korleis samferdselssektoren har vorte eit hysterisk pengesluk utanfor normal politisk kontroll. For at alle partar i regjeringa skal kunne sole seg i glansen av vegopningar samen med lokale veg-, bru- og tunnel-aktivistar og skrytande avisoppslag i lokalavisene, med lobbyistane diskré i bakgrunnen, vert milliardane ausa ut. Men dei som betaler prisen, er utslitne sjukepleiarar, elevar som treng ekstraoppfølging og hardarbeidande, lojale kommunetilsette med ansvaret for utskifting av vassrøyr. For flytebruer og tunnelar udner vatn, og ny firefelts motorveg ved sidan av jernbanen, vil tappe ressursar frå utdanningssektoren, Forsvaret og velferda.

God styring krev velgrunna prioritering. Når regjeringa pøsar på med nye samferdsle-milliardar for å redde samarbeidsklimaet i regjeringa i staden for klimaet i naturen, då har vi eit styringsproblem.

Valkampen

Den sida av demokratiet kjem for lite fram i valkampane. Det gjeld i Stavanger også. Det er vel og bra at bilistar får mindre avgifter. Men det som ikkje er bra, er at våre lokale politikarar trur dei kan løyse trafikk-utfordringane med magisk tenking, slik Aftenbladets Harald Birkevold treffande kommenterte det. Eit sentralt spørsmål i valkampen lokalt burde vore: Når vi skal nå eit nullvekstmål for biltrafikken i Stavanger og Sandnes, kva er då det truverdige alternativet til rushtidsavgift? Transportforskarane er jo tydelege på at betre kollektivtilbod ikkje er nok. Det må restriksjonar til – i realiteten parkeringsrestriksjonar. Burde ikkje veljarane fått vite meir om desse før dei røysta?

Jau, demokratiet er lydhøyrt. Men prisen er sviktande styringsevne.

Les også

Harald Birkevold: «Ernas magiske medisin»

Les også

Trond Birkedal: «Får håpe politikerne ikke holder det de lover, da kan det gå bra likevel»

Les også

21 ordførerkjeder skal legges vekk etter jul. Her lager de nye.

Les også

Ingebjørg S. Folgerø: «Sludder og vås, cruiseskipene er ikke frikjent!

Publisert: