Etter kriser: Oppbrot frå leirbålet

GJESTEKOMMENTAR: Vil krisetillegget veljarane har gitt til Høgre vare ved?

Publisert: Publisert:

Høgre og Erna Solberg flyg høgt i meiningsmålingane, drive av oppslutnaden om tiltaka mot koronakrisa – så lenge det varer Foto: Fredrik Hagen, NTB scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er åtte dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Når farar truar, samlar vi oss ved leirbålet. Kva er planen til høvdingen?

Det er ikkje rart at opposisjonspartia har vorte sjalu på regjeringa og rampelyset som dei viktigaste korona-ministrane har fått. Det er som om ministrane dagleg stig ned til folket med ein ny autoritet gitt til dei utanfrå, – om det enn er tale om ekspertar, ikkje høgare makter.

Men no skjer det gradvis eit oppbrot frå leirbålet; normale sider av politikken vender tilbake. Vil veljarvandringane vi har sett då vare ved?

Eit blikk på veljarvandringane under tidlegare kriser i Noreg, og dei andre skandinaviske landa, kan gje ein peikepinn.

Les også

Tuastad: «Pizzademokratiet leverer! Politikken i Noreg i særklasse i demokrati gjennom dialog og diskusjon»

Krisetillegg i Danmark og Sverige også

I koronakrisa har oppslutnaden om Høgre auka med 7 prosentpoeng (Poll of polls). Det er ein ekstrem auke i løpet av ein så kort periode. Det kan vere verdt å peike på at auken i oppslutnad om det dominerande regjeringspartiet i Sverige og Danmark er nøyaktig like stor som det Høgre og Erna opplever.

Sosialdemokratar styrer i både Danmark og Sverige. Når dei får det same kraftige løftet på meiningsmålingane som det Høgre får i Noreg, indikerer det at det er sjølve samlingsposisjonen som oppnår auka støtte, meir enn måten regjeringspartia ber seg åt på.

Særleg interessant er det at også i Sverige, der ekspertane i endå større grad enn hos oss spelar førstefiolinen, er framgangen til sosialdemokratane på over 7 prosentpoeng, så langt.

Eit anna interessant trekk som gjeld for både Noreg, Sverige og Danmark, er at det vi kan kalle dei nasjonalkonservative eller høgrepopulistiske partia, går kraftig tilbake. For Framstegspartiet og Sverigedemokraterna har tilbakegangen vore på fire prosentpoeng. Dansk Folkeparti har også gått tilbake, jamvel om dette partiet frå før er temmeleg svekt.

Les også

Tuastad: «Visst må vi diskutere styremaktene, ikkje minst i krisetider!»

Utøya-effekten var kort

Etter Utøya-terroren sommaren 2011 auka veljaroppslutnaden om Arbeidarpartiet nesten ti prosentpoeng på ein månad. Skilnaden i oppslutnad før juli og resten av året var på mellom fire og fem prosentpoeng. Men då eitt år var gått, og før den kritiske rapporten til Gjørv-kommisjonen vart lagt fram i august 2012, var Arbeidarpartiet sin oppslutnad igjen på nivået partiet hadde før Utøya-terroren.

Eit blikk til Sverige viser at der hadde sosialdemokratane framgang i same perioden. Det tyder på at effekten Utøya-terroren og den nasjonale sorgprosessen hadde på norske veljarar ikkje var langvarig.

Eit interessant trekk, og der det kanskje var ein meir langvarig effekt, gjaldt oppslutnaden om Frp. Frp og alle norske parti var alle like skaka over terroren, men diskusjonen i den første fasen etter terroren var meir lågmælt enn til vanleg, ikkje minst om innvandring. Frp hamna på defensiven og vart svekt hausten 2011. I motsetnad til kva som skjedde med Sverigedemokraterna og Dansk Folkeparti, var oppslutnaden om Frp sommaren 2012 framleis 5 prosentpoeng lågare enn året før.

Les også

Aftenbladet mener: «Koronatiltak svekker åpenhet og rettssikkerhet»

Når systemet sviktar

Ei krise som derimot gav eit byks på målingane til dei skandinaviske nasjonalkonservative partia, var flyktningkrisa hausten 2015. Desse partia vart som ein korreksjon veljarane kunne gå til då systemet svikta. Både i Sverige og Noreg gjekk dei nasjonalkonservative fram med mellom fem og ti prosentpoeng, samanlikna med halvåret før krisa. Eit halvt år etter at krisa nådde toppen årsskiftet 2015–16, gjekk dei noko tilbake att, men låg likevel fleire prosentpoeng over oppslutnaden før krisa.

For sosialdemokratane var det motsett. Dei gjekk tilbake både i Noreg og Sverige.

Les også

Ståle Økland: «Vi snakker for mye om korona»

Finanskrisa

Finanskrisa frå sommaren 2008 var ikkje like einerådande i ordskiftet som dei andre krisene, og den vara lenger. Sysselsettingskatastrofen ramma særleg Sør-Europa; i Noreg brukte vi «gullkortet», altså oljepengane, som dåverande finansminister Kristin Halvorsen frå SV sa.

Jamvel om også andre saker spela inn, er det ein interessant observasjon at i den mest kritiske fasen i finanskrisa hausten 2008 og våren 2009, gjekk alle dei dominerande regjeringspartia i Noreg, Danmark og Sverige markant fram på målingane. Her er det likskapar med dagens situasjon.

Les også

Klaus Mohn: «Rør ikkje oljeskatten!»

Lærdom: Effektane varer ikkje

«Krisetillegg» er ein risikabel veljarvaluta. Medan kriser først fører til samling om det trygge, kjem det før eller sidan ein ny fase som fører med seg å granske hendingsgangen i kritisk lys.

I hovudsak synest veljarvandringane under krisene ikkje til å gje varige endringar i partioppslutnaden. Ein grunn til det er at i krisene vert dei vanlege hovudmotsetningane sette i skuggen. Men når situasjonen normaliserer seg, gjeld dei same hovudmotsetningane som før, – og dei avgjer oppslutnaden om partia.

Les også

Kristian Kise Haugland: «Etterpådårskapen»

Forandringas paradoks

Du kan aldri stige ned i den same elva to gongar, peika filosofen Heraklit på. Elva forandrar seg heile tida og er aldri den same. Men, forklarte han, sett frå ein annan vinkel er elva alltid den same.

I politikken etter kriser dukkar smått om senn andre typer saker opp att og kallar på merksemd. Politikken hamnar tilbake i dei gamle spora, jamvel om historia er endra.

Så paradokset til Heraklit gjeld for politikkens elv også.

Publisert:
  1. Korona-viruset
  2. Solberg-regjeringen
  3. Politikk
  4. Gjestekommentar
  5. Svein Erik Tuastad