Trur du på Gud? Talar vitskapen eigentleg imot å gjere det?

GJESTEKOMMENTAR: Talet på folk som seier dei trur på Gud, går nedover, ifølge undersøkingar. Men kva slags spørsmål er dette eigentleg?

Publisert: Publisert:

Filosofen Bertrand Russell meinte at sidan Guds eksistens ikkje kan bevisast, kan me ikkje gå ut frå at det finst ein Gud. Der er han ikkje åleine. Men trengst det bevis? Foto: NTB scanpix

  • Jørg Arne Jørgensen
    Lektor og religionshistorikar
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Trur du på Gud? Dette er eit spørsmål alle har fått. Eg har alltid kjend meg litt ukomfortabel med det spørsmålet. Fordi det er så uklart. Eg veit rett og slett ikkje kva dei meiner. Verken «tru» eller «Gud» er enkle omgrep. Det kan vera svært varierande kva ein legg i dei.

Gud og tekanner

Filosofen Bertrand Russell har lansert analogien «Den flygande tekanna»: Om ein person hevdar at det går ei tekanne i bane mellom Jorda og Mars, må han eller ho skaffa bevis for dette. Det er ikkje opp til oss andre å motbevisa det. Spørsmålet om Gud finst er i prinsippet likt, hevdar Russell, og sidan det ikkje finst bevis for Gud, må me forkasta den hypotesen.

Ei av tidenes mest selde bøker om Guds eksistens byggjer på den same tankegangen. I boka «Gud, en vrangførestilling» går Richard Dawkins endå lengre enn Russell. Så lenge «hypotesen Gud» ikkje kan verifiserast vitskapleg, er det å tru på Gud ei vrangførestilling, eit alvorleg psykiatrisk symptom.

Men analogien sviktar fordi han byggjer på ein banal oppfatning om Gud som truleg ikkje samsvarar med slik kristne eller religiøse flest oppfattar det. Gud er ikkje eit vanleg fenomen i den fysiske verda. Heile poenget er at Gud er transcendent, overskridande. Tilværets kjelde, opphav og urgrunn. Verdssjela. Noko slikt. Om Gud finst er rett og slett ikkje eit empirisk spørsmål, som det heiter på fint, noko ein kan finna ut av med å observera og måla. For å ta ein metafor: Karakterane i ein roman kan ikkje finna forfattaren innanfor romanuniverset.

Gud liknar altså ikkje på ei flygande tekanne. Ikkje på nokon måte. Men denne måten å tenka på er blitt vanleg, og både Dawkins og Russell blir ofte trekte fram i diskusjonar om Guds eksistens.

Tru og skepsis

Kva meiner ein så med å «tru» på Gud? I dag verkar det som at mange meiner at tru berre handlar om å ta eit standpunkt om noko me ikkje kan vita sikkert. Eg trur det blir sol i morgon, du trur det blir regn. «Helde føre», som jærbuen seier. Men religiøs tru er noko heilt anna. Det finst eigentleg ikkje gode norske ord, men tillit eller tiltru kan vera betre.

«Tru kan flytta fjell», heiter det. Den kjende atomfysikaren Werner Heisenberg skreiv dette om å tru: «I denne sammenheng betyr tro naturligvis ikke å holde dette eller hint for sant; tro betyr alltid: Jeg tar min beslutning, og jeg vil sette mitt liv inn på det! Da Columbus drog ut på si første reise mot vest, trodde han at verden var rund, og så liten at han kunne reise rundt den. Dette var ikke bare en teori for ham, han satte sitt liv inn på det.»

Tru kan med andre ord vera den ultimate sjølvoppfyllande profeti. Du må tru på noko for at det skal bli verkeleg.

Når det gjeld vitskaplege spørsmål, er skepsis derimot honnørordet. «Scepticism is the default position» (skepsis er standardposisjonen/utgangsposisjonen), seier vitskapshistorikaren Michael Shermer. Og i forskinga er dette sjølvsagt fornuftig. Når det gjeld konkrete fakta, bør ein ikkje «tru» noko som ein ikkje veit (rimeleg) sikkert. Men kanskje det ikkje er så lurt å ta eit slikt vitskapeleg-skeptisk utgangspunkt når det gjeld det heilt overordna – om verda har meining og formål, om det finst nokon Gud osb. Då er det kanskje meir fruktbart å leggja dette til grunn.

For å ta eit døme: Om eg lurer på om kona mi elskar meg, er det ikkje slik at det naturlege utgangspunkt er at ho ikkje gjer det. Det vil forma relasjonen min til henne, slik at synet bekreftar seg sjølv – ho vil ikkje elska ein sånn kald og ufølsam mann. Då blir jo hypotesen min om kjærleiken sann, på grunn av mi eiga innstilling. Og det er lite som kan motbevisa denne «sanninga» om at kjærleiken ikkje finst.

Grunnhaldning til verda

Kanskje det er slik at du, på same måte som at du må tru på kjærleiken for at han skal bli verkeleg, må tru på det guddommelege for at det skal bli verkeleg. For mi innstilling til verda, min grunnleggjande idé om korleis verda fungerer, styrer korleis eg oppfattar og tolkar verda. Og dermed korleis verda verkar på meg. Og kanskje til sjuande og sist korleis verda i det heile tatt verkar…!

Om du møter verda med ei grunnhaldning om at ho er utan djupare meining, og at det ikkje finst ei høgare kraft, – ja, då vil det nok effektivt forhindra at du finn noko. Men om dette faktisk finst, og om det skal bli ein realitet, er det kanskje slik at du må venda merksemda i denne retninga, vera open for det. Med andre ord – du må tru.

Men er dette nøydd til å vera ei såkalla «blind tru»? Finst det ingen grunnar for å tru på Gud? Jo. Det finst filosofiske argument, det finst religiøse erfaringar og djup intuisjon. Religionar har trass alt funnest over heile verda til alle tider. I så måte er ikkje spørsmålet kvifor nokon framleis trur på Gud, men kvifor så mange ikkje lenger vil tru på Gud. Kvifor ein oppfattar det som det logiske utgangspunkt. Kvifor ein ser på det som eit vitskapleg spørsmål.

For min eigen del må konklusjonen bli: Eg «trur» på «Gud». Trur eg.

Les også

Charlotte Rørth kunne ikke Fadervår, fikk se Sønnen

Les også

Jørg Arne Jørgensen: «Visjoner og vrangforestillinger»

Les også

– Ikke alle barn i lukkede trossamfunn får skader

Les også

Brasiliansk VM-stjerne: «Hvorfor har Gud gitt meg så mye talent, hvis ingen vil at jeg skal bruke det?»

Les også

Martin Aalen Hunsager: «Utydelig om dialog i kirken»


Publisert:

Les også

  1. – Nei, vaksiner er IKKE som sprøytemiddel i kroppen

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: - Livet sier «stopp litt nå» til meg

  2. 13 fikk bot på E39

  3. Lærere med hovedfag klarer ikke løse nye eksamensoppgaver for matematikk i videregående: - Vi føler oss maktesløse

  4. Streikende bussjåfører: - Vi står her til vi får et skikkelig tilbud på bordet

  5. Hytta er 15 minutter hjemmefra: – Veien er kort, men jeg har følelsen av å være langt til fjells

  6. Kommunen har gjeld til langt opp over ørene: - Uten den lave renta hadde dette vært en økonomisk katastrofe

  1. Gjestekommentar
  2. Jørg Arne Jørgensen
  3. Religion
  4. Filosofi
  5. Forskning og vitenskap