Utdanning til undring

GJESTEKOMMENTAR: Avvising av forsking og vitskap legg vegen open for tankeløyse og populisme.

Publisert:
Klaus Mohn
Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH

«Me burde alle ønskje oss studentar som er evig nyfikne, skamlaust engasjerte og svoltne på kunnskap og forståing,» skriv Klaus Mohn. Biletet er frå semesterstart ved UiS i fjor. Foto: Håvard Tanche-Larsen Knutsen

Du merka kanskje at det var fullmåne på fredag. Kjente du deg bitte litt annleis? Humøret tok kanskje ei vending til det verre. Kanskje sov du litt mindre godt, eller kanskje du kjente deg litt uvel. Ei rekke myter gjer seg gjeldande om månen sin verknad på psyke og åtferd. Felles for dei alle er at dei ikkje har brei støtte i forskinga på området.

Fornuft i forfall

På tilsvarande vis forkastar forskinga det meste av alternativ medisin, okkultisme og ikkje minst astrologi. Sannkjenninga av slike innsikter har samstundes ein lang og sterk tradisjon. 2000 år etter at Jesus blei født er oppslutninga stadig stor om kunnskap som saknar vitskapleg underbygging. Framveksten av kunnskapssamfunnet ser heller ikkje ut til å bremse interessa for meir eller mindre vilkårlege vinklingar på tilværet. Skepsisen mot vaksinar grip om seg, me trur på englar, skrømt og mirakel, og me sett kryss i taket over kvar firkløver me finn.

Gjennom dei siste åra har det blitt meir vanleg at politikarar viser ryggen til forskinga, når kunnskapen ikkje passar med politikken, eller når opportunismen tek overhand i fiskinga etter stemmer. Støtt og stadig ser ein næringspolitikarar og næringsinteresser som er skeptiske til forsking på naturforvaltning, miljøvern og berekraft. I USA har president Trump twitra om den påståtte samanhengen mellom vaksiner og autisme, som er avsanna gong på gong frå forskarhald. Og her på våre kantar vinglar politikarane i møtet med klimakrisa for å sanke stemmer til haustens lokalval. I det postmoderne informasjonssamfunnet har det blitt meir vanleg å ture fram utan å tenke seg om.

Tilliten er ikkje lenger like sterk til kunnskap basert på forsking. Ei sak er at erkjenning av ulike slag kan gjere seg gjeldande mellom folk flest. Verre blir det om politikarane let seg leie av innsikt som ikkje kan etterprøvast. Framgangen for populismen i det politiske landskapet er eit faresignal, og set vitskapen under press. Om ikkje politikarane held fast ved det vitskaplege grunnlaget for kunnskapsbygging, så risikerer ein ei utvikling der politikken blir påverka av vilkårlege overtydingar og regelrett vranglære.

Krav til kunnskap

Trua på det overnaturlege vil ofte sjåast som ein privatsak. Når interessa for fenomen av det meir okkulte slaget først skyt fart i breiare lag av samfunnet, så kjem ein likevel ikkje unna ei vurdering av kva rolle staten skal ta i omgangen med alternativ til vitskapleg kunnskap. Spørsmålet blei aktualisert tidlegare i vinter, då norske styresmakter gav offisiell godkjenning til fagutdanning i astrologi. Dermed vil Statens Lånekasse for utdanning gje lån og stipend til studentar som vil lære seg å lage horoskop.

Regelverket for fagutdanning i vidaregåande skular set i dag ikkje krav om at studiet skal være fagleg og sakleg forsvarleg, og tek heller ikkje omsyn til etiske forhold og implikasjonar ved utdanningane som skal vurderast. Dette inneber i prinsippet at jamvel prinsesse Märtha Louise sin engleskule kunne blitt godkjent for finansiering via Lånekassen.

Heldigvis er situasjonen ein annan for utdanningsprogram på universitetsnivå, med klare krav om at undervisninga skal være forskingsbasert. Dette inneber at utdanningstilbodet blir utvikla i tråd med det siste og beste av innsikt opparbeidd gjennom vitskaplege metodar. Som eit element i ålmenn danning skal studentane samstundes opparbeide evne til kritisk refleksjon over sjølve grunnlaget for utviklinga av kunnskap.

Akkurat evna til undring og refleksjon blir av mange peika på som særskilt viktig for å demme opp mot tankeløyse på samfunnsnivå. Inspirert av den tyske filosofen Hannah Arendt, har den amerikanske filosofiprofessoren Elizabeth Minnich skrive boka The evil of banality: On the life and death importance of thinking, ein einaste lang appell til den samfunnsmessige verdien av å tenke.

Ein bærande idé hjå Minnich er at omfattande fråvær av tenking og refleksjon kan leie til at individ og samfunn går på autopilot, som i sin tur kan gje opphav til populisme, omsynslaus maktbruk og jamvel vondskap. Difor, meiner Minnich, er det så overveldande viktig å legge til rette for eit utdanningssystem som stimulerer studentane til å grunne, ikkje berre over det dei lærer, men og over eigne tankesett og åtferd. Berre slik kan ein løfte utdanning til noko meir enn opplæring.

Slå ring om refleksjonen

I ei tid der populismen breier om seg og skepsisen mot elitane er på frammarsj blir det ekstra viktig å styrke kåra for uavhengig produksjon av kunnskap basert på vitskap og forsking. Rolla for universiteta i utviklinga av politikk og samfunn vil dermed bli viktigare enn nokon gong.

Difor burde me alle ønskje oss studentar som er evig nyfikne, skamlaust engasjerte og svoltne på kunnskap og forståing. Som ikkje slår seg til ro med fastlåste dogme, ikkje let seg binde av fordommar og som ikkje bøyer av for autoritetar. Som ikkje let seg krenke av provoserande tankesett, men møter usemje med ope sinn, sakleg argumentasjon og kunnskap basert på vitskapleg tradisjon og metode.

Det beste me kan ønskje oss for arbeidsliv, politikk og samfunn er kandidatar som veit å tenke på eiga hand, som har mot til å seie frå når keisaren er utan klede – og som har tryggleik til å ta vanskelege val når det trengst, for seg sjølv og andre. Som ikkje er drivne av eit tankelaust jag mot vinning, men av eit reflekterande søk mot meining.

Følg på Twitter: @mohnitor

Les også

Klimaskygge

Les også

Handelshøgskolen til sentrum

Les også

«Tid for å ta seg saman»

Publisert: