Inga naken sanning om Twitter

GJESTEKOMMENTAR: Nakenbilete av ein presidentson er ikkje særleg spanande. Men Twitter Files burde føra til viktigare debattar.

Det har vorte mykje styr etter at Elon Musk sikra seg kontrollen over Twitter.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Norske medium bidreg til konspirasjonsteoriar ved å ikkje skriva om Twitter Files, skreiv Roger Aarli-Grøndalen, ansvarleg redaktør i fagbladet Journalisten, i ein kommentarartikkel onsdag før jul.

For dei som ikkje har fått det med seg: Han siktar til avsløringar – nokre vil kanskje setja det ordet i hermeteikn – som har kome i etterkant av at Twitter sin nye eigar, den søkkrike Elon Musk, gav nokre handplukka journalistar tilgang til intern kommunikasjon i selskapet.

Blant dei journalistane er den tidlegare Rolling Stone-journalisten Matt Taibbi og også Bari Weiss, som tidlegare arbeidde i The New York Times, og som skapte ein heil del oppstuss då ho forlot den amerikanske storavisa og samstundes publiserte eit ope brev der ho skulda avisa for å ha svikta sine eigne prinsipp.

Det dei begge har til felles er at dei har markert seg som kritikarar av såkalla «kansellering» og av «woke-kultur». Det same har Musk gjort. Alle tre har dyrka ein outsider-profil, noko som gjer det naudsynt å minna om at me snakkar om ein av verdas rikaste menn og to journalistar som har lansert eigne plattformer med stort hell, og som har eit betydeleg publikum.

Eit sidespor

I kommentaren i Journalisten skriv Aarli-Grøndalen at det kan henda at Twitter Files viser seg å vera ein stor parentes. Likevel, meiner han at «ved å ikke nevne saken, bidrar vi til å gjøre lekkasjene viktige uten at det egentlig er et bevisst valg». Slik Aarli-Grøndalen ser det, kan det bidra til å forsterka allereie eksisterande antipatiar, og altså til å fremma konspirasjonsteoriar.

Og han har eit poeng. Twitter Files har vorte gjort eit stort poeng av på den amerikanske høgresida. Det same ser ein i ein del norske miljø der ein gjerne hentar inspirasjon frå amerikansk høgrekant. I desse er neppe tilliten til etablerte norske medium den største. Og der mistilliten finst, har konspirasjonsteoriar betre såjord.

Men eigentleg er konspirasjonsteoriane, som så ofte før, ei avsporing; og det sjølv om Twitter Files vert omfamna av ein del som meiner dei stadfester alt dei har trudd om mørke komplott.

Det mest interessante er
innblikk i amerikansk
informasjonskrigføring
i Midtausten.

Ingen kioskveltar

I skrivande stund – og dette er skrive før julefreden senka seg – har me fått nokre små innblikk i dei redaksjonelle vurderingane til eit viktig sosialt medium. Det skjer ikkje så ofte, og det er god grunn til at det burde vera interessant. Sosiale medium er ein viktig del av den moderne mediarøyndomen. Dei har makt. Betydeleg makt.

Problemet er at det ikkje er all verda me får vita no heller, og at lite av det me har fått vita eigentleg er særleg oppsiktsvekkande.

Me har fått litt innblikk i interne diskusjonar rundt Twitter si kortvarige avgjerd om å hindra spreiing av ein artikkel om e-postar på Hunter Biden sin laptop i avisa New York Post i 2020, ei uklok avgjerd som vart omgjort etter eit par dagar. Me har også fått skjermbilete som viser korleis Twitter har avgrensa spreiing av mellom anna Libs of TikTok, noko det ikkje er vanskeleg å argumentera for at var ei klok redaksjonell vurdering. Som Charlie Warzel i The Atlantic peikt på, er skjermbileta frå innsida av Twitter absolutt fascinerande som dokument, men dei fyrste Twitter Files-delane – som kom som twittertrådar, og ikkje artiklar – var «anekdotiske, utan kontekst og, dessutan, gamalt nytt».

Sidan har det kome fleire delar av føljetongen. Taibbi har vist eit skjermbilete som fortel, rett nok indirekte, at Joe Biden sitt valkamp-team var i kontakt med Twitter for å be dei sjå nærare på nokre meldingar. Det han ikkje fortalde var, at fleire av meldingane dei viste til var nakenbilete av Hunter Biden. Stolne nakenbilete.

Me har dessutan fått litt meir innblikk i diskusjonane før Donald Trump vart kasta av nettstaden, i kjølvatnet av storminga av den amerikanske kongressbygningen. Og me har fått vita at også FBI har gjeve beskjed til Twitter om det dei såg på som desinformasjon. Slikt er eigna til å skapa debatt i USA. Særleg sjokkerande er det likevel ikkje.

Det definitivt mest interessante som har kome så langt, er ein artikkel skriven av The Intercept-journalisten Lee Fang. Den gjev eit innblikk i amerikansk informasjonskrigføring i Midtausten, blant anna ved bruk av Twitter. Dessutan får me døme på intern kommunikasjon i Twitter i samband med ein The Washington Post-artikkel som sette søkjelys på det same i september 2022.

Reiser reelle problemstillingar

Sjølv om det som har kome ut av Twitter Files så langt ikkje eigentleg er all verda, og trass i at det heile er ein del av det som mest framstår som eit slags teaterstykke, sett i scene av ein av verdas rikaste menn, ligg det høgst reelle problemstillingar i botn.

Dei store sosiale media er mektige medieaktørar. Deira redaksjonelle vurderingar bør vera gjenstand for debatt, og det gjeld både for bruken av algoritmar og for korleis dei modererer innhald på plattformene sine. Men då er det kanskje meir interessant å få innblikk i korleis dei handterer dette frå dag til dag, enn korleis dei freista å handtera ein amerikansk president som søkte å hindra godkjenninga av eit val han tapte og som selde tilhengjarane sine ei løgn om valfusk.

Vil den nye Twitter-eigaren bidra til eit slikt innblikk? Eg tillet meg å tvila. Men det burde vera av interesse også for norske medium.


Publisert: