Heng de heilt med, NRK?

KOMMENTAR: Det er smitte i langrennstroppen, rett før OL. Vi forstår godt kva det betyr. Men eg er litt usikker på om NRK Dagsrevyen veit at vi forstår.

Det blir litt mykje, NRK. Litt nærsynt.
Publisert: Publisert:

Javel, NRK. Dette blir ganske flaut, også for meg, for eg kjem til å koma med ein masse sjølvsagte greier. Ting alle veit. De også. Så det blir eit slags ritual.

Koronasmitte

Det gjeld det der med koronasmitte i langrennstroppen. Onsdag blei det kjent at ikkje berre sprint-trenar Arild Monsen var smitta, men også utøvarane Heidi Weng og Anne Kjersti Kalvå. OL i Beijing opnar lørdag 5. februar, og det er jo berre OL kvart fjerde år, for nokre er det nå eller aldri, for alle er det eit viktig mål i karriera som toppidrettsutøvar. Vi forstår kva som står på spel.

NRK Dagsrevyen bruker dei åtte første minutta av sendinga si på saka. Frå Seiser Alm blir det rapportert at stemninga er alvorsprega, og ber preg av stor usikkerheit. At utøvarane ikkje veit kva som vil skje. Vil dei få positiv test? Utøvarane blir intervjua Dei kan stadfesta at dei ikkje veit korleis dette vil gå. Heime blir toppidrettssjef Tore Øvrebø interjuva. Reportar Ingerid Stenvold slår fast at dette er ei krise for dei utøvarane som blir sjuke. Øvrebø forsikrar om at dei blir godt tatt vare på, og at dei som er rundt, forstår at utøvarane kan bli fortvila. Dei får omsorg.

Neste dag, rett før Dagsrevyen, blir det kjent at også Simen Hegstad Krüger er smitta. På nytt blir det den aller, aller viktigaste saka Dagsrevyen klarer tenkja seg. Men berre tre minutt denne gongen. Sportskommentator Jan Petter Saltvedt er invitert i studio, og slår fast at vegen til startstreken i OL berre blir lenger.

Sorg og knuste draumar

«Planene endres stadig, smitten herjer, lagkamerater er i sorg over tre utøveres knuste drømmer. Nå må utøverne som lever i det uvisse i Italia få hjelp,» meiner ekspertar NRK har snakka med same kveld.

NRK-ekspert Fredrik Aukland er bekymra, dette er ei enorm påkjenning for laget, som kan få sportslege konsekvensar. NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn forlangar at alle utøvarar som treng mental hjelp, bør få det fort som fy, mens idrettspsykolog Henrik Herrebrøden fryktar energilekkasje. «Hvis man for eksempel sover dårlig i flere netter og over tid er det kjempedumt.» Jo jo. Det er jo det. Kjempedumt.

Herrebrøden er redd land som Sverige, for eksempel, får ein fordel. Dei har ikkje hatt same praktiske påkjenninga. «For de norske kan det hele tiden snike seg inn tanker, og det kan være veldig skummelt,» seier Herrebrøden.

Litt ute?

Det blir litt mykje, NRK. Litt nærsynt. Ein ting er at viss det er noko vi kan vera sikre på, er det at norske topputøvarar blir godt tatt vare på, og får mental hjelp, viss dei treng det. Ein annan ting er at dette også er folk som er gode på mental trening, og som heilt sikkert har tenkt ein tanke eller to om at ting kan oppstå som er utanfor din eigen kontroll. Ein tredje at det er ikkje vanskeleg å kjenna sympati med dei.

For dette er det veldig, veldig mange ute blant alle dei som NRK nå har tenkt å samla framfor alle slags skjermar, som sjølv har erfart. Kjent på kroppen. Kjenner nokon som har kjent på kroppen. Det finst topptrente musikarar som mista ein sjeldan sjanse til å byggja seg opp internasjonalt då koronaen stengde oss inne, det er ho som har fått yrket sitt øydelagt av seinvirkningar etter korona, ho hadde seks års utdanning, ho dreiv for seg sjølv, nå har ho vore svimmel og kvalm i eit heilt år. Det er barna som ikkje fekk sagt farvel til ein dødssjuk morfar, som måtte sjå gravferda hans på ein skjerm heime på kjøkkenet, det er han som testa positivt kvelden før 18-årsdagen sin, det er ho som har utvikla anoreksi, han som fekk så lang pause i heilt nødvendig rehabilitering at helsa hans aldri blir som den var. Kanskje aldri så god at han får delta i vanleg, sosialt liv igjen. Det er dei som har mista sine, det er skulejenta som måtte isolerast frå mor i fleire månader, for mor kunne døy, dersom ho blei smitta.

Vi er ikkje toppidrettsutøvarar. Men vi er publikummet. Og alle kjenner til sånne historier, alle kjenner nokon som har fått livet, helsa, utdanninga eller yrket sitt stoppa av koronaen. Alle kjenner nokon som er merka. Det er ikkje noko vi treng å snakka om heile tida, det er ikkje noko vi treng å overgå kvarandre i. Det er meir sånn at det ligg der som ein streng. Ei felles erfaring. Og ein respekt for at ein ikkje er aleine om dette, at ein deler historie og tap med mange, mange andre.

Det hadde vore fint med ein sånn streng i NRK også. Den treng ikkje syngja høgt om alle oss andre, det blir for dumt. Men den kunne kanskje klinga med. I måten ein porsjonerer dette ut på, orda ein bruker, kor langt opp på krisemålestokken ein går.

Vi treng å forstå at Dagsrevyen og sporten i NRK kan gjenkjenna eit bilde på verkeleg liv, også når det skjer blant langrennsutøvarane våre.

Sånn. Det var alt.

Publisert: