Kor lenge skal vi gjetast?

KOMMENTAR: Det er ikkje meininga ein skal bli rørt over at staten lar friske barn få bevega seg fritt. Ikkje i ein normal kvardag. Det er på tide vi lar normalen gjelda igjen.

Måndag kom beskjeden frå regjeringa, ved Ingvild Kjerkol: Dei flese av oss kan sleppa karantene. Barna også
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Frå natt til onsdag 26. januar er det slutt på karantenar for dei fleste av oss. Eg blei først barnsleg glad av den beskjeden. Og så blei eg ganske uroleg. For det er ikkje meininga at ein skal bli glad og takknemleg for at staten lar friske ungar få vera ute. For at staten lar dei bevega seg ganske fritt, få lov til å gå på skulen og greier, så lenge dei testar nasen sin kvar dag i 11 dagar med negativt resultat.

Nødvendig?

Har eg blitt så sjukt avhengig av staten i kvardagen min? Og finst det verkeleg gode grunnar til at staten skal ta kvardagen frå folk lenger? Det er ikkje nok at Espen Nakstad i Helsedirektoratet ennå er bekymra. I alle fall var han det for ei veke sidan. Nå er det ikkje lenger kapasiteten til sjukehusa han er bekymra for, – nei, det er det generelle sjukefråveret. At så mange av oss blir sjuke samtidig at kritiske funksjonar blir ramma.

Tysdag denne veka blei 18.542 av oss registrert smitta. Dei tala stig. 255 var samtidig innlagde på sjukehus. Søndag var 67 innlagde på intensivavdelingar. Ifølgje VG er det nesten ei halvering sidan toppen i desember. For sjølv om litt fleire totalt blir innlagde på sjukehus, krev færre og færre alvorlege tiltak, som respirator eller annan intensivbehandling.

Dei fleste vaksne er vaksinerte, over 90 prosent med minst to dosar. Risikogruppene er godt beskytta. Barn og unge får veldig mild sjukdom. Omikron spreier seg som eld i tørt gras, men sender svært få på sjukehus.

Alt for to veker sidan fekk regjeringa råd om å ta vekk karantenereglane for familiemedlemmer av ein smitta, og erstatta dei med testing. Men regjeringa ville venta, for å vera sikre på at alle kommunane hadde nok hurtigtestar, og styr på korleis dei skulle dela dei ut.

Dei meinte altså at det var riktig å halda heilt friske barn og unge heime på soverommet sitt, utan kontakt med venner, utan å få gå på skulen, i barnehagen eller på fritidsaktivitetar – i 11 dagar – for å vera sikre på at logistikken i kommunane med leveransar, lager og utlevering av hurtigtestar skulle bli god nok. Og blei fleire i familien smitta etter kvart, skulle karantene for dei ennå friske barna forlengast, om dei nå var fire eller åtte eller tolv år gamle.

Det er langt over alle støvelskaft. Ein fekk tiltaket «isoler friske barn og unge» til å stå i forhold til «kommunane må få system på hurtigtestane».

Kvifor?

Nå er den karantenen borte. I staden skal vi hurtigtesta oss når vi er i same husstand som ein smitta. La oss kalla han Jens (12). Kan du isolera Jens (12), held det at alle andre, også barna, hurtigtestar seg kvar dag i fem dagar etter siste kontakt med Jens. Viss ikkje Jens er heilt isolert, skal dei andre, mor, far og Sara (8), testa seg kvar dag i 11 dagar. Hent 33 hurtigtestar hos kommunen.

Der er vi. Men heller enn å bli rørande og barnsleg begeistra over at staten lar meg få lov til å bestemma litt meir over min eigen kvardag, er det kanskje verdt å be staten forklara seg: Kvifor skal vi fortsetja å testa oss? Kor lenge? Og kva med alle dei andre tiltaka?

Ifølgje epidemiologen Shabir Madhi i Sør-Afrika, er det ingen vits i å driva med testing av folk som ikkje kjenner seg sjuke for å bremsa omikron. For vi får gå ut frå at det er grunnen til at staten vil vi skal driva med det. Når omikron uansett spreier seg som ein skogbrann, seier Madhi, men ikkje overbelastar sjukehusa, har det ikkje noko for seg. Mørketala er for store.

Det amerikanske forskingsinstituttet IHME meiner Europa oppdagar 10–20 prosent av smitta med testregima sine. 80–90 prosent er mørketal. Då gjer ikkje intens testing av folk som kjenner seg friske nokon forskjell.

Nei, vi skal ikkje ha koronapass heller. Over 90 prosent av oss er fullvaksinerte. Skulle koronapass kunna forsvarast, måtte det vera viss det var ei gruppes fridom opp mot andres – viss uvaksinertes fridom sendte ungane heim på soverommet igjen, for at ikkje sjukehusa skulle knela. Sånn ser det ikkje ut til å vera. Dropp det!

Les også

Lotte Hansgaard: «På høy tid å åpne samfunnet»

Normalen?

Kva er riktig nivå av tiltak mot enkeltmennesket? Kva meiner FHI? 13. januar meinte dei i alle fall at heimekontor er noko staten godt kan fortsetja å påleggja folk, for det er eit nokså lite inngripande tiltak i folks liv. Nei, det er det ikkje. Det snur opp ned på kvardagslivet til folk. Privatlivet. Familielivet. Det er ikkje lite inngripande at staten driv med sånt.

I alle fall ikkje viss vi kunne klara å tenkja oss at utgangspunktet er ein normal kvardag. Ikkje ein kvardag med så mange tiltak at eg blir rørt når eitt av dei blir fjerna. Kva om politikarane hadde normalen som utgangspunkt, når dei lyttar på helsefolka i FHI og Helsedirektoratet?

Kva om staten framover må nøya seg med at sjukehusa rapporterer kor mange som er innlagde med korona, og kor alvorleg sjuke dei blir? Og elles må fjerna alle tiltak?

Så kan vi andre heller halda oss heime når vi blir sjuke. Rett og slett.

Les også

  1. Den einaste vegen ut av pandemien kan ikkje vera at alle må marsjera i same takt og sjå i same retning. For kven er vi då?

  2. «Det er grenser for kor mykje risiko vi kan fjerna, før vi blir ståande heilt stille. Og det gjeld ikkje berre koronarestriksjonar»

  3. «Vi skal ikkje bli vant til det. Ikkje denne gongen heller»

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Politikarane i Stavanger er litt bekymra for 6-åringanes digitale kompetanse. Javel?

  2. «Er det ingen vaksne heime blant dei som styrer helse-Norge?»

  3. Nullto­leranse når det gjeld rasisme blir ofte tomt prat. Men ikkje hos Viking­hordane. Ikkje i Viking. Ikkje på SR-Bank Arena

  4. Det finst jenter som i første vidaregåande må stilla seg opp i ein ring dersom dei vil bli med på ein russebuss

  5. Det er ikkje sikkert det er vits i å sjå til USA, viss ein vil skapa eit betre liv for barn

  6. At ulovleg ran­saking har skjedd system­atisk, er rys­tande

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. koronapandemien
  3. Ung
  4. Folkehelseinstituttet
  5. Helsedirektoratet