Når krafta kjem til kort

GJESTEKOMMENTAR: Med sterke og kryssande energi­interesser må ein ikkje la innsikt frå læreboka gå i gløymeboka.

Straumprisane når stadig nye høgder. Men den statlege støtteordninga treffer dårleg på fleire punkt, konstaterer Klaus Mohn, UiS-rektor og professor i økonomi.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Den største mønstringa av særinteresser i Noreg gjekk av stabelen i Arendal denne veka.

Arendalsuka speglar langt på veg den nasjonale politiske agendaen. Energi og elektrisitet fekk dermed stor merksemd, både i og utanfor programmet. Bakgrunnen er eit samantreff av sjokk og endringar som har rokka ved tilbod og forsyning av energi.

Behovet for elektrisitet

Rundt etterspurnad og forbruk har ein ikkje sett eit tilsvarande tilbakeslag. Tvert om tydar mykje på at behovet for elektrisk kraft – og særleg fornyeleg kraft – berre vil auke i åra som kjem. Mykje tydar difor på vedvarande høge prisar på gass, CO₂-utslepp og elektrisitet – i Noreg og i resten av Europa.

Med utbygginga av fleire eksportkablar dei siste åra, har auken i elektrisitetsprisar i Europa funnet vegen til Noreg. Me kan ikkje lenger rekne med eit prisnivå her heime som er særleg annleis enn i utlandet, i alle fall ikkje i Sør-Noreg. Prisauken i kraftmarknaden har gitt eit markant løft i verdien av norske vasskraftressursar, og ført med seg eventyrlege økonomiske resultat for norske kraftselskap.

Ettersom kraftproduksjonen i Noreg er eigd av stat og kommunar, skulle ein kanskje tru at alt dette var gode nyheiter for fellesskapen og folk flest. Men så enkelt er det ikkje. For dei som må betale, er norske hushald og føretak. Dei høge prisane rammar naturleg nok spesielt dei som har lite frå før, og så langt har politikarane ikkje lykkast i å sameine responsen med omsyn til inntektsfordeling, energisparing og klimautfordringa.

Ei kontantstøtte vil vere
vesentleg meir treffsikker
som fordelingspolitikk
enn støttepakkar.

Kontantstøtte gir best kompensasjon

Støtteordninga som er etablert for norske hushald, gir mest til dei som brukar mykje elektrisitet, og bidreg difor ikkje utjamning. Ordninga er heller ikkje eigna til å dempe prisauken i kraftmarknaden, ettersom støtta svekker motivasjonen til energisparing. Av same grunn er støtteordninga til hushald heller ikkje å rekne som god klimapolitikk.

Som alternativ har fleire økonomar tilrådd ei kontantstøtte til alle, eller eventuelt berre til hushald med låge inntekter. Ei slik ordning ville gje trengjande hushald større økonomiske musklar til å møte auka utgifter, men utan å ramme insentiva til straumsparing. Samstundes ville ei kontantstøtte vere vesentleg meir treffsikker som fordelingspolitikk. Og til slutt ville ei kontantstøtte som tek vare på motivasjonen til å spare straum, vere betre som eit ledd i klimapolitikken.

Det som no blir diskutert, er om staten skal trå til med støttetiltak også for næringslivet. Her er prisauken i kraftmarknaden naturleg nok ei tung bør for kostnadsnivået og lønsemda, og spesielt for føretak som brukar mykje elektrisitet. Næringsinteresser pressar nok på, ikkje minst under Arendalsuka. Og regjeringa er på glid.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Gratis varmepumpe til alle!»

Forsiktig med forsikring

Næringslivet bør i utgangspunktet drivast for eigars rekning og risiko. At staten skal trå til når marknaden sviktar, kan føre næringspolitikken på ville vegar. Implikasjonen er nemleg at staten skal dekke nedsiderisiko, utan å bli kompensert når tidene igjen blir betre.

Eit ferskt døme er den såkalla oljeskattepakken som blei innført som eit ledd i korona-pakken for to år sidan. Av same grunn skal ein vere på vakt om næringspolitikken nærmar seg forma av ei tevling i skjønnheit og sjarm mellom ulike vidløftige satsingar. Resultatet kan bli ein næringspolitikk som tek for mykje omsyn til næringslivet sine interesser, med for lite vekt på dei overordna samfunnsmessige utfordringane politikken skal bidra til å løyse.

Om staten skal dekke nedsiderisiko for næringslivet, utan å få den same delen av oppsida, så er det i realiteten tale om ei forsikring. Eit godt utbygd velferdssamfunn avgrensar statlege forsikringsordningar til arbeidstakarar og innbyggarar flest, og det er det gode grunnar til. At staten skal bruke finansiell kapasitet på forsikring av kapitaleigarane, er ikkje like uproblematisk.

Søkkrik stat og sterke særinteresser

I næringslivet argumenterer ein for at situasjonen er ekstraordinær og uhaldbar, men overtydinga let òg til å vere at dei høge kraftprisane er eit forbigåande fenomen. Akkurat dette er høgst usikkert. Statleg støtte som respons på varig kostnadsauke er uansett ei dårleg oppskrift på lengre sikt, ikkje berre for staten, men også for næringslivet.

Les også

Kronikk: «Statkraft forventar faktisk høy strømpris i fremtiden, mens andre påstår dagens priser er ekstraordinære»

Med ein søkkrik stat og sterke særinteresser risikerer ein at politikk og kapital blir retta inn mot å halde ved lag føretak og verksemder som ikkje lykkast i møte omslag i marknaden med verdiskapande omstilling. Slike verksemder har ikkje livets rett. Fordi særinteressene er sterke rundt dagens næringsstruktur, er risikoen at politikken difor vil hemme omstillinga, i staden for å fremme omstillinga.

Med dei store endringane i energimarknaden i Europa er det sjølvsagt vanskeleg å vite nøyaktig kva som er den beste politikken. Innsikt frå økonomisk teori kan likevel gi ein god peikepinn på prinsipielt nivå. Med forskingsbasert kunnskap frå uavhengige kjelder vil politikarane stå betre rusta mot press frå særinteresser og i utforminga av ein godt balansert politikk for energi og kraftmarknad i tida som kjem.

Sjølv om situasjonen i kraftmarknaden for tida er tøff, med store økonomiske konsekvensar og krysspress frå sterke interessegrupper, er det spesielt viktig at innsiktene frå læreboka ikkje går i gløymeboka.


Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert: