Kvifor skriv me eigentleg hyttebøker?

Etter kvart som familien har vokse og hyttebøkene er blitt fleire, har denne felles skriftskatten til storfamilien, fått større verdi både for meg og andre familiemedlemmar.

Å skriva hyttebok er for meg både ei plikt og kos. Gjennom mine handskrivne hyttekrønikar håpar eg etterslekta kan få glede av å få vita kva me åt til middag vinterferien 2003, og kor langt minsteguten hoppa på ski påsken 2018.

Publisert: Publisert:

Eller kanskje ikkje? Eg får ofte høyre at krusedullane mine er uleselege for andre enn meg sjølv, så kanskje all denne skrivinga er fånyttes. Men så enkelt er det nok ikkje, for å skriva hyttebok må jo bety noko, sidan me enno er tusenvis som trekkjer fram ei skinninnbunden bok med tråd i, og set oss til med kulepenn eller blyant i handa, gjerne med ein kaffikopp innan rekkevidd. Analoge som aldri elles, er dette det næraste mange av oss kjem meditasjon.

Les hele saken med abonnement