Krigen i Ukraina kan få stor verknad for klima­politikk og omstilling

GJESTEKOMMENTAR: Krig skapar gru og elende, men òg uvisse rundt energiforsyninga – og dermed klimapolitikken.

Russland leverer 40 prosent av all gass til Europa – gjennom krigsherja Ukraina. Kva om krigen gir bråstopp i leveringa? Her frå Volovets i Vest-Ukraina, før krigen.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det skulle ha vore ei god tid. Berre vinter og vakkert vêr – og silkeføre i Sirdal. Dei første vårteikna i låglandet har likevel eit bekmørkt bakteppe. Det er krig i Europa. Bileta frå Ukraina fyller oss med sjokk, vantru og fortviling. Tragedien rammar millionar av menneske, med angst og elende, heimløyse og flukt, vald og død. Krig er ei grufull greie som legg øyde det som var, og opnar uro og uvisse om det skal kome.

Mobilisering og motstand

Her og no er ingenting viktigare enn å gje hjelp til dei som er råka. Den snarlege responsen blant folk flest og politikarar er retta mot å avgrense skadeomfanget for enkeltmenneske og familiane deira. Samstundes gir ein støtte og mobiliserer til motstand, av moralsk, militær og politisk karakter.

Ein kan ikkje anna enn å la seg imponere over motstanden frå den politiske leiinga og folk flest i Ukraina. Store delar av verda står saman i fordømminga av det russiske regimet sine krigshandlingar.

Situasjonen har elles samla Europa om ein felles fiende, og den internasjonale oppsluttinga er sterk om eit breitt sett av harde sanksjonar. Sjølv om målet er å ramme Putin og det russiske regimet, og ikkje russarar flest, er det ikkje til å unngå at sanksjonane vil merkast tydeleg også i breie lag av folket.

Uro rundt energiforsyninga

Mot eit slikt blodig bakteppe kjennest det nær sagt upassande å tenke på korleis krigen mellom Russland og Ukraina er knytt til energisituasjonen i Europa, og kva krigen kan få å seie for energi- og klimapolitikken i åra som kjem. Med enorme globale utfordringar knytt til klimautfordring og energiomstilling kjem ein likevel ikkje unna at krisa kan få konsekvensar for ei rekke energirelaterte politikkområde.

Noreg og Russland delar skjebne som betydelege eksportørar av olje og gass. Men Russland er vesentleg større. Kvar dag går det åtte millionar fat råolje frå Russland ut på verdsmarknaden. I tillegg kjem raffinerte oljeprodukt tilsvarande tre millionar oljefat. Om lag 40 prosent av gassforbruket i EU kjem frå Russland, og dette gjer landet meir enn dobbelt så stort som Noreg i EU sin gassmarknad.

Ei sak er at olje- og gassprisane stig når risikoen aukar rundt Russland som stabil energileverandør. Når olje- og gassprisane stig, blir mykje anna dyrare. Og om levekostnadane går opp over heile fjøla, så går det òg mot renteauke. Høgare lånekostnadar vil redusere disponibel inntekt for folk flest, bremse investeringsaktiviteten og legge ein dempar på aksjekursar og bustadprisar. I sum gir dette større risiko for eit omfattande internasjonalt økonomisk tilbakeslag.

Internasjonal strid vil for­styrre og forpurre ein sam­ordna respons mot den globale opp­varminga.

Omvelting i energipolitikken

Krigen i Ukraina reiser samstundes ei rekke tankekors for energisikkerheit og klimapolitikk. Ei grunnleggande problemstilling er korleis styresmaktene i Europa skal sikre energiforsyninga på lenger sikt, om ikkje Russland lenger er til å stole på. I første omgang ser ein etter andre kjelder til forsyning av olje og gass. Når det gjeld olje, er det stort sett Midtausten og USA som peikar seg ut som alternativ, og dette vil truleg auke påtrykket for meir oljeproduksjon på land i USA.

Når det gjeld naturgass, er debatten allereie i gang om korleis Noreg eventuelt skal møte eit større behov for norsk gass i Europa. På kort sikt produserer ein det ein kan, og spørsmålet blir dermed om ein skal legge til rette for meir leiting og feltutbygging på lenger sikt. Andre alternativ for gassforsyninga er Nord-Afrika og import av nedkjølt flytande naturgass (LNG), igjen frå Midtausten og USA. Etter som røyrgass har avgrensa kapasitet, vil nok importen av LNG på kort sikt få det største påtrykket om auke.

Via energimarknaden kan krigen i Ukraina få potensielt store verknadar for energi- og klimapolitikken både i og utanfor Europa. Som stor produsent av fossile brensel kan Russland ha økonomiske interesser i å bremse denne omstillinga.

Krigen i Ukraina har dessutan gitt næring til rivaliserande interessekonfliktar mellom fossile brensel og fornybar energi i den energipolitiske debatten. Dette underminere einsrettinga i klimapolitikken.

Øydelegg for klimapolitikken

På lenger sikt tydar mykje samstundes på at styresmaktene i EU må tenke på korleis ein kan gjere seg mindre avhengig av fossile brensel. I dette perspektivet kan krigen i Ukraina dermed bidra til å akselerere energiomstillinga, auke utbygginga av fornybar energi og jamvel bremse nedlegginga av kjernekraft.

Attom uroa i dag har klimautfordringa eit alvor og omfang som spenner over heile verda. Opprusting og militarisering er ei utfordring, ettersom forsvaret i alle land til saman står for seks prosent av klimagassutsleppa i verda. For klimapolitikken er det likevel viktigare at samarbeid og koordinering på tvers av land ein føresetnad for å lykkast.

Internasjonal strid vil forstyrre og forpurre ein samordna respons mot den globale oppvarminga. Spesielt gjeld dette krig og konflikt mellom dei store maktblokkene i verda. Dette er ikkje berre øydeleggande på kort sikt, men vil òg auke skadepotensialet frå klimaendringar på lenger sikt.

Her ligg endå ein grunn til å gjere alt som står i vår makt for å legge striden til side, og igjen ta fatt på samarbeidet.

Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert: