Bildet på norsk skule
KOMMENTAR: Det er skulestart. Det er stortingsval. Det er kanskje håp om eit litt rausare syn på norske skulebarn.
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør
Det er sikkert rart å bli begeistra over formuleringar frå regjeringa som at «skolens brede formål og doble oppdrag må ligge til grunn for arbeidet med kvalitetsutvikling på alle nivåer i opplæringen». Men eg blei det nå. For viss ein drar det litt langt – og eg syns ein skal dra ting litt langt i august, når sommaren ennå sit igjen som ein varme i kroppen – så kan det kanskje bety litt meir luft og rom og plass til å vera barn i norsk skule. Og lærar.
Sånn det burde vera
For viss du er ein sånn ni–ti år og nettopp har begynt i femte klasse, så kan det godt vera at læraren din lar deg bevega deg litt innimellom, lar deg finna ut av ting saman med andre i klassa, lar deg spørja om ting, eller jobba på litt forskjellige måtar. Vi kan håpa på det. For det ville jo passa ganske godt for ein ennå nokså liten kropp.
Men sånn har ikkje folka i Utdanningsdirektoratet tenkt at det er. Eller burde vera. Og det er dei som sjekkar det der med kvalitetsutvikling i skulen. Det er dei som har ansvaret for nasjonale prøvar for alle femteklassingar i landet, for eksempel, noko vi har drive med sidan 2004, under skiftande regjeringar. Og dei tenkjer at viss ein skal finna ut om barna i starten av femte klasse har lært det dei burde ha lært så langt på skulen, så er det lurt å gjera det på ein heilt annan måte enn barna er vande til. Den rette måten, meiner Utdanningsdirektoratet, er at ungane må sitja heilt stille, ved sin eigen pult, ikkje snakka med nokon, og jobba konsentrert med lange tekstar, eller side opp og side ned med mattestykke, i nitti minutt.
Det er det ganske tullete å tru at ungar flest på den alderen skal vera gode til. Og dermed ein ganske tullete måte å testa kva dei kan på. Det er forresten berre lesing, engelsk og matte ein finn det verdt å kvalitetssjekka på den måten.
Resultatet?
Resultatet skal skulane bruka til å bli betre. Men testane blir også offentleggjorde, heilt ned til skulenivå. Tanken er at alle og kven som helst kan sjå kor flinke lærarane og rektor på den og den skulen er i å undervisa barna våre.
Det er det jo ikkje sikkert rektor og lærarane på den skulen bryr seg så mykje om. Det kan vera dei bryr seg heilt intenst om det, eller det kan vera dei tenkjer at dette er ikkje viktig for det vi driv med, vi veit at det ikkje gir eit godt nok bilde på alt vi står for.
Det kan uansett vera at dei ikkje vil utsetja elevane sine for store nederlag. Det kan vera dei ikkje vil dei skal oppleva å koma fullstendig til kort, og ikkje kunna koma seg ut av situasjonen. Dei må jo sitja der, i nitti minutt. Nå er ungar for så vidt ganske vande til å vera der vaksne seier dei skal vera, så dei har strategiar for å halda ut. Du kan gi opp. Stira ut i lufta og tenkja deg langt vekk, og venta på at dette skal vera over. Eller du kan svara så fort du berre klarer, koma deg gjennom det, utan å tenkja, så du kan sleppa ut til ein betre del av dagen. Det kan vera du kan meir både i lesing, rekning og engelsk enn det du viser då. Kanskje viser det berre at det med å sitja stille og gjera ein ting, heilt aleine, i nitti minutt, det har du ikkje lært deg ennå.
Så difor kan det vera at læraren øver klassa si opp i dette. Bruker mykje tid på det. Så det skal kjennast tryggare. Så følelsen av å ramla av ikkje skal ramma så mange.
Men då betyr det også at desse folka i Utdanningsdirektoratet, som meiner det er klokt å la niåringane sitja sånn, rett opp og ned i nitti minutt – eller seksti, viss det er engelsk – får lange fingrar langt inn i ein vanleg skulekvardag også. Ikkje fordi lærarane og rektor meiner det er viktig og riktig, det utdanningsdirektoratfolka driv på med, men fordi dei bryr seg om elevane sine.
Eit større bilde
Jo, det er viktig å kunna lesa og skriva og rekna. Jo, det er viktig at ein innimellom sjekkar om alle barn i Norge får den undervisninga dei skal få.
Men akkurat det der bildet av ein niåring, aleine, ved ein pult og mange lange tekstar i nitti minutt, det kan jo ikkje få lov til å leva som sjølve bildet på kva ein bryr seg om i norsk skule. På kva som er viktig. Og på korleis ein måler det som er viktig.
Det er difor eg blir begeistra av at det der med «skolens brede formål og doble oppdrag» skal med i alt, når ein nå skal leggja ny strategi for kvalitetsutvikling. Det doble oppdraget er både danning og utdanning. Og om regjeringsmakta skiftar, er dette ein av dei tinga venstresida faktisk har vore klare på – at ein skal sjå på heile dette systemet med kvalitetsvurdering, som nasjonale prøvar er ein del av.
For det er viktig med naturfag og musikk og mat og helse og kunst og handverk også. Det er viktig å forstå kva det betyr å vera del av eit fellesskap. Det kan du kjenna når alle syng. Eller når du hjelper den på laget ditt som slit mest, så alle blir ferdige. Eller når du må vera stille så alle kan høyra. Når du forstår litt av korleis det er å vera ein annan enn du er sjølv.
Slik at du, den dagen du er vaksen og kanskje jobbar i Utdanningsdirektoratet, eller er politikar, klarer å ta inn eit litt større bilde av kva som er viktig og korleis ein får det fram i lyset. Og kanskje til og med forstår meir av korleis det er å vera barn.
Valg 2021 - skole
– Leksebevisst skole, ja takk!
– Lovfest miljøterapeuter i skolen
Kva med å utdanna eigne lærarar for små skular?
Eg vil ha fagleg betre nasjonale prøver. Det vil visa eit rausare syn på elevane
Regjeringa har slått bensin på bålet i lærarkrisa
Rogaland best i landet: Slik får de flest mulig til å fullføre videregående
Mest lest akkurat nå
– Vi har alltid stilt opp for selskapet når det trenger det
Regjeringen griper inn med tvungen lønnsnemnd i oljestreiken
Ny rapport: Disse stedene i Stavanger er mest utsatt ved ekstremregn
Tok avskjed med Tor Martin (19) fra Hommersåk: – En gledesspreder
26-åring pågrepet i større narkotikasak på Jæren
Regjeringen griper inn med tvungen lønnsnemnd i oljestreiken, melder NRK