Det smilande maktskiftet

KOMMENTAR: Når du denne veka ser det smilande norske maktskiftet, hugs kuppforsøket i USA 6. januar og at velfungerande demokrati er unntaket.

Erna Solberg (H) ut. Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) inn. Sure miner? Absolutt ikkje.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Planen min er å vera på Slottsplassen i Oslo torsdag. Ikkje som ein av dei stolte, dresskledde og nyslåtte statsrådane som akkurat har vore inne hos Kongen. Heller ikkje fordi eg skal på jobb som journalist.

Tvert om. Familien er på ferie. Men når me først er i hovudstaden den dagen Norge får ny regjering, var det unison stemning i heimen: Å sjå dei nyslåtte statsrådane koma ut på slottsplassen er ein norsk attraksjon på linje med Frognerparken, Kon-Tiki-museet og Holmenkollen – minst.

På verdsbasis er det faktisk unntaket å leva i eit fullverdig demokrati.

Udramatisk

Eit norsk maktskifte er noko av det mest udramatiske som finst. Det skjer så saumlaust og sjølvsagt at dei færraste av oss i det heile tatt reflekterer over kor eineståande og fantastisk det er. Dei aller, aller fleste av oss har aldri opplevd noko anna enn at Norge er eit velfungerande, liberalt demokrati. Der statsministrar og regjeringar kjem og går, etter frie og godt organiserte val. Det kan sjølvsagt bli temperatur og konflikt, både i valkampar og elles, men den politiske kampen blir altså gjennomført med ord og argument, ikkje kuler og krut.

Så når nye makthavarar tek over, skjer det ikkje fordi nokon har blitt styrta eller fordi nokon har invadert maktas bastionar og fjerna dei tidlegare makthavarane med fysisk makt. Nei, i Norge står den avtroppande statsråden smilande – om enn kanskje med ei vemodig tåre i augekroken – og tek imot den påtroppande statsråden. I år altså den ideologiske og politiske motstandaren frå valkampen. Og så gir den avtroppande frå seg nøkkelkortet – og kanskje ein blomsterkvast og ein klem – og ønskjer den påtroppande velkomen og lukke til. Så smiler og ler den påtroppande like høfleg og hjarteleg og takkar den avtroppande for innsatsen, før vedkomande så set seg i statsrådsstolen.

Rundt dei står toppane i embetsverket og smiler. Dei jobba lojalt og partipolitisk interesselaust for det avgåande regimet, og dei skal jobba like lojalt og partipolitisk interesselaust for sine nye sjefar og deira politisk kurs.

Det er så vakkert at det er til å få tårer i augo av.

Unntaket

Men nettopp fordi dette er blitt så naturleg for oss, er det lett å gløyma at dette er alt anna enn sjølvsagt. På verdsbasis er det faktisk unntaket å leva i eit fullverdig demokrati. Ifølgje The Economist Intelligence Unit (EIU), som kvart år oppdaterer sin demokratiindeks, levde berre 8,4 prosent av verdas befolkning i eit fullverdig demokrati i 2020.

I staden for at det blei slik mange av oss trudde etter Berlinmurens fall i 1989, nemleg at det liberale, vestlege demokratiet skulle breia om seg over heile verda, har det gått motsett veg. Demokratiet er i tilbakegang, globalt sett, og har vore det lenge. 2020 var eit spesielt dårleg år, blant anna på grunn av strenge koronatiltak. Året baud samla sett på den lågaste globale demokratiskåren sidan EIU begynte å måla i 2006. Over ein tredel av verdas befolkning levde i fjor under autoritært styre.

Kva land ligg på topp på EIUs demokratirangering? Norge.

Langt unna?

Det kan vera lett å tenkja at diktatur og dårleg fungerande demokrati er noko ein driv med i land langt, langt borte, som i Nord-Korea, Kina, Cuba eller Kongo. (Det offisielle namnet på Kongo, som ligg nest sist på EIUs demokratirangering, er – ironisk nok – Den demokratiske republikken Kongo. Nord-Korea ligg aller sist på indeksen. Offisielt namn? Den demokratiske folkerepublikken Korea.)

Men me treng dessverre ikkje reisa veldig langt for å finna manglande demokrati. Norge deler grense med enorme Russland. Etter det nylige «valet» nå i haust, konkluderte Aftenbladet på leiarplass at Russland nå er eit diktatur. Den uavhengige stiftinga Freedom House konkluderer i sin landsrapport for 2021 med at Russland er «not free». Vladimir Putin har festa grepet sitt om Russland, og har fått laga reglar som gjer at han kan bli sitjande med makta til 2036. Det bør bekymra oss, som nærmaste nabo.

Våre venner?

Så kan ein tenkja at demokratiske utfordringar er noko ein driv med i andre land enn dei som står Norge nært ideologisk og alliansemessig. Men det er altså då me – dessverre – må tenkja på USA. Lenge var vår viktigaste allierte i vest den store, globale leiestjerna for demokratiske rettar og fridom. I 2021 konkluderer Freedom House med at USA er eitt av dei 25 landa på verdsbasis som har gått mest tilbake på fridomsindeksen dei siste ti åra. Tilbakegangen starta før Donald Trump, men hans systematiske forsøk på å underminera demokratiske institusjonar gav den negative kurva ein ekstra, historisk knekk.

Tenk at ein sitjande president i USA kunne prøva å omgjera valresultatet i verdas viktigaste demokrati! At han framleis spreier dei falske påstandane om at han vann valet! At store delar av det republikanske partiet – som ligg an til å få makt i Kongressen igjen allereie til neste år – tilsynelatande støttar han i dette synet! Og at alt dette skjer etter det valdelege, dødelege åtaket på kongressen 6. januar! Det er nesten ikkje til å tru!

Alt dette må du ha i bakhovudet neste gong du klagar på norsk politikk og norske politikarar. For på dette feltet lever du i verdas beste land.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Det smilande makt­skiftet

  2. Blant dei som har stått fremst i kjefte­køen, er dei som nå skal ta over makta

  3. «Mangfald» er det nye moteordet – også i kulturlivet. Men korleis får ein det til utan å enda i den reine parodien?

  4. «Er det verkeleg val­kampen som får deg til å bestemma kven du skal stemma på?»

  5. Kulturjobbar er visst ikkje som andre jobbar

  6. «Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller»

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Solberg-regjeringen
  3. Demokrati
  4. Stortingsvalg
  5. Donald Trump