Greta Thunberg har Asperger og selektiv mutisme, likevel er ho den helten verda treng no

GJESTEKOMMENTAR: Årets helt så langt er svenske Greta Thunberg. Ein heilt usannsynleg helt.

Publisert: Publisert:
  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, nestleder i styret i Fritt ord

22. september 2018: Greta Thunberg i skulestreik for klimaet – heilt åleine. Seinare har ho fått med seg skuleungdom over store delar av verda. Er det det som skal til? Foto: Jessica Gow, TT Nyhetsbyrån/NTB scanpix

  1. Leserne mener

Nokre heltar er fødde til å bli nettopp heltar, som ein keisar eller konge. Andre får ei rolle eller ei stilling som krev det av dei, som ein general eller opprørar. Men overraskande nok, mange av heltane vi kjenner til gjennom historia skapte sin eigen lagnad. Deira livshistorie er om mogleg enno meir interessant å lese, fordi det ofte var umogeleg å vite på førehand at akkurat denne personen skulle stå fram og påverke verda: Mozart eller Madame Curie, Martin Luther King eller Madonna.

I enno større grad er det tilfelle med den svenske sekstenåringen Greta Thunberg, som no er blitt ein helt for millionar ungdomar over heile verda. Og for stadig fleire av oss vaksne.

Ein svensk 16-åring har på eit halvt år, og på første forsøk, klart å overgå tiår med arbeid frå vaksne.

Sjefen for Det internasjonale pengefondet, Christine Lagarde, fekk høve til å helse på Greta Thunberg under elitesamlinga Word Economic Forum i Davis i januar. Foto: Gian Ehrenzeller, AP/NTB scanpix

Sette seg ned

I august 2018 bestemte ho seg for å sette seg ned på gata framfor det svenske parlamentet. Heilt åleine, og utan ein organisasjon eller eit apparat i ryggen. Det skulle vere ein dag i veka ein kort periode fram til det svenske valet i september. Med ein tusj-teikna plakat ville ho dreie svensk politikk mot å bli meir i tråd med Parisavtalen. Har nokon hatt ein meir sjanselaus idé nokosinne?

Vel, først fekk ho med seg nokre vener, deretter fleire ungdomar. Svenske medium og organisasjonar vart interesserte. Sidan har ho nådd ut til heile Sverige, mykje av Europa og viktige delar av verden elles. Berre nokre månadar etter ho først sette seg utanfor parlamentet, talte ho til FNs generalsekretær og klimatoppmøtet i Katowice i Polen. Og i januar til World Economic Forum i Davos. På rekordtid vart ho ein helt og superkjendis blant ungdom. Mange barn og unge i Noreg veit godt kven ho er, nett som dei kjenner til ein kjend artist eller TV-stjerne. Ho er den direkte årsaka til klimastreiken som Natur og Ungdom står bak her i Noreg, og som 40.000 norske ungdomar deltok i.

Klimastreiken den 15. mars (datoen i det meste av verda var ei veke før den i Noreg) var ifølgje den amerikanske organisasjonen 350.org den største globale aksjonsdagen for klima nokosinne. Om lag 1,6 millionar ungdomar deltok, i byar som London, Berlin, Washington D.C., Sydney, Cape Town, Seoul og Tokyo.

22. mars fylte fleire hundre hundre ungdomar gatene og Arneageren i Stavanger til klimastreik i skuletida. Emma Bugge Gjerdevik frå Natur og Ungdom heldt opningstalen. Foto: Jarle Aasland

Les også

Hundrevis samlet til klimastreik i Stavanger

Les også

Se bildene fra klimastreiken

Ein svensk 16-åring har på eit halvt år, og på første forsøk, klart å overgå tiår med arbeid frå vaksne. Kven er ho, eigentleg? Før ho blei verdskjent, var Greta ein relativt vanleg niandeklassing på Bergshamra skule utanfor Stockholm. Ho er dotter av ein skodespelar og ein operasongar, som er godt kjende på den svenske kulturscena – men ikkje som klimaaktivistar. Dei har fortalt at dei prøvde å snakke ho frå å skulke skulen for klimaet, utan at det rokka ved hennar sterke overtyding.

Spesielle eigenskapar

Greta er på mange vis vanleg, på andre vis uvanleg. Ho har eit uvanleg kunnskapsnivå for ein 16-åring, og eit uvanleg sterkt og bestemt engasjement. Ho snakkar engelsk betre enn dei fleste vaksne skandinavar. Og ho har ei evner til å overtale som overgår dei fleste politikarar.

For nokre år sidan vart ho diagnostisert med Asperger syndrom og selektiv mutisme. Ho snakkar ope om dette, i tv-program og sosiale medium. Selektiv mutisme gjer at ho berre snakkar når ho meiner det er heilt naudsynt. Personar med Asperger er, ifølgje ho sjølv, særprega ved at dei «ser det meste i svart/kvitt, er dårlege til å lyge og ikkje likar å delta i det sosiale spelet som vi andre er så glade i».

Kanskje har dette vore ein ressurs for ho i denne samanhengen, noko som har gjort ho i stand til å stenge ute andre sine reaksjonar og gå vidare med sitt eige prosjekt. For kor mange tenåringar har det i seg å starte ein global kampanje heilt åleine? På ei stor prisutdeling i Berlin, framfor kjente skodespelarar og artistar, gjekk ho rett på og konfronterte dei med eigen livsstil og forbruk.

Kanskje vil barn og unge i framtida lese i historiebøkene om #FridaysForFuture.

Vår tids sekstiåttarar?

Både i Noreg og i andre delar av verda, vaks det fram eit opprør bland barn og ungdomar. Det er dei som skal leve i den framtida vi no skapar, og dei som vert hardast ramma av dei vala vi vaksne tar.

Kanskje er dette vår tids 68-opprør, generasjonsoppgjeret som endrar verda. Kanskje vil mobiliseringa tvinge fram nye tankesett, nye handlingar og ei ny kjensle av hastverk. Kanskje vil barn og unge i framtida lese i historiebøkene om #FridaysForFuture, hashtaggen dei klimastreikande brukte for å nå fram til omverda med bodskapen om at deira framtid står på spel.

Som Bob Dylan ein gong song – i ei anna tid, for eit anna oppgjer:

Come mothers and fathers, / Throughout the land / And don't criticize, / What you can't understand / Your sons and your daughters / Are beyond your command / Your old road is / Rapidly agin'. / Please get out of the new one / If you can't lend your hand / For the times they are a-changin’.

Kanskje får han rett igjen, meir enn 50 år seinare.

Og det heile starta med ein heilt usannsynleg helt – ein svensk niandeklassing, oppgitt over dei vaksne, åleine framfor parlamentet i Stockholm. Jenta med det sterke motet, og den heilt umoglege ideen.

(Fredag 12. april fikk Greta Thunberg og Natur og Ungdom Fritt Ords Pris 2019. Artikkelforfattar Bård Vegar Solhjell er nestleiar i styret til Stiftelsen Fritt Ord. Red.mrk.)

Twitter: @bardvegar

Publisert: