God musikalsk jul!

GJESTEKOMMENTAR: Utan tradisjonar, inga jul. Men også tradisjonar oppstår, eller endrar seg. Her er mitt bidrag til fornying av dei musikalske juletradisjonane – om du skulle ønske det.

  • Bård Vegar Solhjell
    Bård Vegar Solhjell
    Musikkentusiast
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Juletradisjonar er ingen spøk. Dei er viktige for oss, og bind saman familiar og samfunn i denne sentrale høgtida. Musikk er del av desse tradisjonane. Frå «Glade jul» via «Romjulsdrøm» til Mariah Careys versjon av «All I want for Christmas». Det blir til at vi høyrer på dei same songane, jul ut og jul inn. Ja, ikkje berre blir til, vi vil helst ha dei same songane. Nett som vi vil ha den same julemiddagen, julefilmen, juleskituren og julepynten.

Likevel: Historiene (eller mytane) kjem jo frå ein stad? Vi er jo ikkje fødde med ski på beina, juletre i stova og Chris Rea på høgtalaren? Tenk gjennom det, – tradisjonar har jo oppstått. Legenda om «Glade jul» seier at den vart skriven av ein desperat prest med øydelagt kyrkjeorgel og framført i Austerrike 1. juledag 1818. Min favorittjulesong, «Det lyser i stille grender», med tekst av Jakob Sande, stod som eit dikt i heftet «Jul i Sunnfjord» i 1931. Etter krigen vart den tonesett, og vaks sakte, men sikkert til ein av våre mest kjende julesongar. «Do they know it’s Christmas?» oppstod då den avdanka musikaren Bob Geldof såg bilete frå sveltkatastrofen i Etiopia i 1984 og ringte rundt til popstjerner for å få dei med på hjelpeprosjektet «Band Aid».

Og sjølv om eg elskar tradisjonane, opplever eg også eit behov for å teste noko nytt, kanskje sånn ut i romjula. Ein ny rett, eller ny musikk.

Her er mine 24 bidrag til di forsiktige musikalske julefornying:

1. Elvis – «Blue Christmas»: Vi startar med kongen, som har gjort denne melankolske juleklassikaren udøydeleg.

2. Sufjan Stevens – «It’s Christmas! Let’s be Glad»: «Let’s be glad, even if your life is bad», syng denne populære amerikanske skrangle-artisten, som ei slags trøyst.

3. Donny Hathaway – «This Christmas»: Sløy soul som snik seg innpå deg, frå ein relativt ukjent artist.

4. Marvin Gaye – «Purple Snowflakes»: Sløy soul frå sjølve kongen av sløy soul.

5. The Knife – «Christmas Reindeer»: The Knife har vore ein viktig svensk elektronika-duo, ofte med eit skjær av mystikk rundt seg. Så også her.

6. Dean Martin – «Baby, It’s cold outside»: Altså, om du kan handtere den relativt meetoo-aktige teksten, er det ein flott og klassisk melodi bak det heile.

7. The Fall – «Hark the Herald Angels Sing»: Eit av verdas raraste og finaste rockeband, leia av avdøde Mark E. Smith med sin umiskjenneleg snakke-vokal, har også spelt inn sin julesong.

8. Smashing Pumpkins – «Christmastime»: Eit dominerande rockeband frå 90-talet med si lett melankolske julehelsing.

9. The Ramones – «Merry Christmas»: Det leiande amerikanske punk-bandet frå slutten av 70-talet er lett å kjenne att i denne låta. For deg som vil ha litt punk-jul.

10. Band Aid – «Do they know it’s Christmas»: Og nettopp på 80-talet kom denne gigant-hitten, til inntekt for dei svoltramma i Etiopia og forløpar for Live Aid. Teksten er i dag berre komisk, men songen er fin og julete.

11. John Lennon/Yoko Ono – «Happy Xmas (War is Over)»: Når vi først er i gang med klassikarane, er dette nok ein vakker julesong med eit engasjement i botn.

12. John Cale – «A Child’s Christmas in Wales»: John Cale stifta Velvet Underground saman med Lou Reed, og laga seinare denne julesongen bygd på Dylan Thomas’ berømte barnebok.

13. The Futureheads – «Christmas was better in the 80s»: Kanskje er eg litt svak for denne fordi eg vagt minnest at jula var litt betre på 80-talet.

14. David Bowie og Bing Crosby – «Little Drummer Boy/Peace on Earth»: Bileta av dei to superstjernene som småpratar og syng saman ved pianoet er klassiske, så også plata som kom ut av det.

15. Half Men Half Biscuit – «All I want for Christmas is a Dukla Prague away kit»: Merkeleg låt av eit merkeleg ukjent band, som likevel har snike seg innpå meg og blitt ein alternativ favoritt.

16. Galaxie 500 – «The Snow is Falling»: Dette bandet har noko overjordisk i lydbiletet sitt. Denne får meg til å føle at det snør ute.

17. Shane MacGowan og Kirsty MacCall – «Fairytale of New York»: Mange meiner denne glad-triste historia er den aller beste moderne julesongen. Den er vanskeleg å komme unna før jul, heldigvis.

18. Steve Earle – «Christmas in Washington»: Vakker og trist countrymusikk, frå han mange i Norge også kjenner som mannen bak Henning Kvitnes signatur-låt «Guttær».

19. Alexander Lindbäck – «Santa is Real»: Og sidan vi først snakkar trist. Uendeleg trist og fin julesong frå relativt ukjent norsk artist.

20. Tom Waits – «Christmas Card from a Hooker in Minneapolis»: Det kunne faktisk bli enno tristare. Denne kan få deg til å grave deg ned, men også røre deg og lytte.

21. Julian Casablancas – «Christmas treat»: Vokalisten i The Strokes stå-på-rock kan passe til vorspielet på ein romjulsfest.

22. Nils Bech – «O helga natt»: Ein av dei mange tinga tv-serien «Skam» gav oss var denne. Eg får frysningar berre eg tenkjer på den.

23. Hanne Hukkelberg – «Tenke på en venn»: «Konen på torget» er ho oppført som på plata. Ho syng så sårt, så sårt. Ein gong spurte eg Hukkelberg om det. Då fortalt ho at ho hadde hatt så veldig vond og sår hals under innspelinga, at ho knapt kunne synge. Høyr det vakre resultatet!

24. Low – «Just like Christmas»: Denne skal ha blitt skriven i ein turnébuss mellom Stockholm og Oslo. Eg må høyre den minst ein gong kvar jul, elles blir det ikkje jul for meg. Du bør ikkje gå gjennom livet utan å ha høyrd den.

Twitter: @bardvegar

Publisert: