«Kveldslandet» − 100 år seinare

GJESTEKOMMENTAR: Ser me i frykta for muslimsk innvandring ei sekulær endetidslære? Og går det mot slutten for Vesten, eller kan me vera optimistar?

Publisert: Publisert:
  • Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi, master i nasjonalismestudiar

Samanlikna med for 100 år sidan er det fredeleg i Europa og gode utsikter. I 1918 slutta første verdskrigen med ni millionar drepne og 20 millionar skadde soldatar. Foto: Francois Lenoir, Reuters/NTB Scanpix

Denne artikkelen er over ett år gammel

Sommaren for hundre år sidan – i 1918 – delte skyttargraver Europa som djupe sår i mold og gjørme. Den første verdskrigen hadde vart i fire år, som ein storm av blod og metall, og gjekk no inn i den avgjerande fasen der Tyskland gradvis vart pressa tilbake (freden kom først 11. november 1918; red.mrk.).

Dei tyske generalane hadde sett i verk ein dristig offensiv for å snu krigslykka, men den tyske nasjonen var utbrent lik ein febersjuk pasient – det var mangel på alt og rasjonering på det meste.

I dag er det vanekeleg å fatte kor ille fatt det var for Europa for 100 år sidan. Her søv eller held britiske soldatar frå kompani A i 11. bataljon i Cheshire-regimentet vakt i ei skyttargrav dei har erobra frå tyskarane utanfor Ovillers-la-Boiselle nord i Frankrike, på den såkalla Champagne-fronten. Foto: Imperial War Museums/Wikimedia Commons

Teorien om historiske syklusar

Samstundes sat tyskaren Oswald Spengler og skreiv på det monumentale historieverket med den dystre tittelen «Der Untergang des Abendlandes» (på norsk: «Vesterlandets undergang»), som kom ut sommaren 1918. Spengler utvikla ein teori om historiske syklusar, der sivilisasjonar vart sette som organiske livsvesen som vart fødde, blømde og visna bort i død. Denne historiske teorien var eigentleg ein diagnose av Spengler si samtid – i hendingane kring den første verdskrigen såg Spengler dødsdansen til den verda han kjende, og han meinte i dette å sjå inn ei evig og uunngåeleg historisk sanning.

Spengler var pessimist. Det var ingen ting ein kunne gjera for å stoppa undergangen. «Optimisme er feigt», skreiv han, og meinte med det at menneska som levde i dei siste tider av ein sivilisasjon, måtte akseptera denne lagnaden. Med denne pessimismen var Spengler med på ein gryande tradisjon som for første gong i moderne historie byrja tvila på om den vestlig-europeiske historia eigentleg bevega seg mot stadig og evig større framskritt – den kunne forvitra.

Ekko av Spengler i dag

Dette historiesynet har fått nye og høgttalande apostlar i Europa den siste tida. Ein av dei mest leste og diskuterte romanane frå 2015 var til dømes «Soumission» (Underkasting) av Michel Houellebecq. Boka ender med at Frankrike blir eit muslimsk diktatur fordi den franske kulturen er veik og dekadent. I fjor vår kom den britiske sakprosaboka «The strange death of Europe», som argumenterer med at den europeiske kulturen er i ferd med å ta sjølvmord. Dette er berre nokre av dei mest markante døma på det som alle sjølvsagt veit – mange menneske i Europa har ei kjensle av den europeiske kulturen sin død. Dødsårsak: stor muslimsk innvandring.



Dette går attende i tid. Den britiske politikaren Enoch Powell snakka på 1960-talet om «elver av blod» som ville følgja med auka innvandring til landet. Seinare kom «Eurabia»-teoriar til, der ein argumenterer for at den europeiske sivilisasjonen underkasta seg islam med innvandringa som følgde. Som me veit, brukte også Anders Behring Breivik slike teoriar for å støtta opp om terroren han utførte i 2011.

Spiren til dette kan ein finna i den islamske ekspansjonen på 700-talet. Muslimske hærstyrkar hadde i 732 gått vegen frå Gibraltar heilt til Poitiers i Frankrike, men vart slegne attende der av dei kristne frankarane. Mange har etterpå tenkt seg at om muslimane hadde vunne slaget der, så ville dei lett ha kunna teke det meste av Vest-Europa, som på denne tida var politisk veikt. I alle fall sidan denne tida har ideen om det vestlege Europa vore til, og vorte utvikla i brytinga mot dei muslimske «andre».

I hundrevis av år var det som definerte Europa først og fremst det kristne, og sjølv dei tidlege nasjonalstatane som i dag dominerer, hadde opphav i kristne idear om det utvalde folket. Tilmed under den kalde krigen lét Vesten sjeldan ein sjanse gå frå seg til å peika på at kommunistane ikkje berre var «kommunistar», men «gudlause kommunistar». Ein kunne høyra spotten i røysta når amerikanaren spytta ut denne absolutte vanæra. Men den var også utrykk for ei underliggjande endetidsfrykt, ikkje ulikt den ein ser ovanfor dei «ukristelige» muslimane i dag.

Ingen skyttargraver no

Er det den kristne forståinga av endetid og kamp mot vonde krefter som ligg til grunn i den moderne forståinga av Vesten sin undergang? Er det ein sekulær eskatologi me er vitne til her – ei lære om dei siste tider?

Den bør i så fall vera langt borte. Sommaren 2018 er det ingen skyttargraver som deler Europa lenger. Det er fredelig i Europa, og det er trulig her dei sterkaste demokratiske og rettslege institusjonane i verda finst. Det finst mørke skyer på horisonten også, det må ikkje nektast for. Men kanskje er det som kjenneteiknar vår sivilisasjon, nett det at den er dynamisk og tilpassingsdyktig? Når den europeiske sivilisasjonen i nyare tid har vorte stilt ovanfor det totalitære, har den overkome dette og kome styrka ut.

Dessutan – er det kanskje ein tanke å fokusera på det som ikkje går under? «The strange non-death of neoliberalism» (den underlege ikkje-døden til nyliberalismen) heiter ei fagbok frå 2012. Den viser korleis den uhemma kapitalismen stadig aukar forskjellane mellom folk, slik det òg vart utførlig dokumentert av økonomen Thomas Piketty i boka «Kapitalen i det 21. århundre» frå 2014. «The price of inequality» (ulikskapens pris) heiter ein anna bok, som peikar på at økonomisk ulikskap skaper store sosiale problem, og er grobotn for terror. Her har me ein jobb å gjera.

Les også

Tom Hetland: «Kva er det med Piketty?»

Oswald Spengler sitt namn på Vesterlanda og Europa er, direkte oversett, «kveldslandet» – frå det latinske «occident», som refererer til vesthimmelen der sola svinn. I vår del av kontinentet går sola aldri ned somme stader no om sommaren. Det ligg ei von i dette, noko håpefullt. Me som lever i kveldslandet og ser sola segla over himmelen, treng ikkje tru på undergang, me har lov til å vera optimistiske. Det er ikkje feigt.



Publisert: