Fingrane av fatet, Staten!

KOMMENTAR: Staten vil måla livskvalitet heilt inn i sjela til folk. For så å bruka resultata til å skapa eit sunnare samfunn. Hjelpe meg!

Kanskje denne familien lever opp til statleg standard for eit sunt liv? Foto: Frank May, NTB Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Kor glad var du sist veke, på ein skala frå 1 til 10? Kor bekymra, nedfor, irritert eller engasjert? Kor mange venner har du − slike som vil stilla opp for deg når det er krise? Ingen? Meir enn fem? Er desse sosiale relasjonane dine støttande og givande, etter di meining? Og kor mye bidreg du sjølv aktivt til andres lykke og livskvalitet?

Staten vil vita dette. Livskvaliteten vår er nemleg ein viktig ressurs for Staten, og det er difor viktig å sjekka grundig om vi har det bra på alle måtar. Sånn at politikarar og styresmakter − altså Staten − blir betre i stand til å skapa eit sunnare og meir rettferdig samfunn. Difor har Staten, ved Helsedirektoratet, bestilt rapporten «Livskvalitet − anbefalinger for et bedre målesystem» frå fagtunge forskarar, som verkar ganske begeistra over det nye målesystemet dei har kome opp med.

Kva vil du, Staten?

«Hva vi tenker og hva vi føler har faktiske konsekvenser for hvordan vi har det og hva vi gjør», heiter det i rapporten.

Jo, jo, Staten. Men viss eg tenkjer og føler heilt feil i forhold til kva du meiner ein bør føla og tenkja i eit sunt samfunn, kva har du tenkt å gjera med det?

For du vil jo gjera noko med det. Sidan du skal samla inn nok data til at du kan identifisera både grupper som trivst betre enn andre og som lir meir enn andre, noko du meiner kan vera særleg nyttig for politiske formål. Informasjonen skal kunna brytast ned til både fylkeskommunalt og kommunalt nivå, sånn at du kan samanlikna ulike delar i landet. Dessutan vil du spørja om livssyn, religion og seksuell orientering, sånn at du kan trengja inn i korleis ulike slike minoritetar eigentleg har det med seg sjølv.

Statlege trivselstiltak?

Altså, Staten. Eg er redd for å stryka. Eg kan klara meg ganske fint så lenge du bare stiller eitt generelt spørsmål om eg har det bra, men eg har likevel såpass mye livsrufs i ei vanleg kvardagsveke at eg fort vil ha vore innom alle dei der kjenslene du nemner bare i løpet av ein dag.

Når du i tillegg har tenkt å stilla eit femledda spørsmål om kontroll og meistring i kvardagen, så blir eg skikkeleg nervøs. For eg er litt som piggsvinet Ludvig, engsteleg for at alt skal gå galt, når som helst, og letta når det viser seg ikkje å gjera det.

Av fritidsaktivitetar finn eg ikkje noko alternativ i målesystemet ditt som gjeld det å sitja heilt stille ganske lenge og bare sjå ut i lufta, sjølv om eg bestemt meiner ein dose tanketom stirring gjer meg til eit litt sunnare menneske. Trekkjer eg ned sunnheitsstatistikken din då? Dreg eg snittet ned for Stavanger, der eg bur? Kan Stavanger i tilfelle få lov til å be meg la vera å svara, så ikkje heile byen får statlege trivselstiltak tredd ned over øyrene, og ordføraren min må reisa heim frå møtet med deg i skam, sidan folket hennar ikkje scorar høgt nok på den statleg innførte lykkeskalaen?
For om vi svarar sunt nok, er det jo du som vurderer. Utan omsyn til om det er ein litt melankolsk, sjenert jærbu som vurderer kjenslene sine på ein gitt skala, eller ein intenst oppstemt bergensar.

Objektivt?

Nå er det jo ikkje bare kva eg sjølv meiner er bra du skal spørja om. Det er også kva du, Staten, via forskarane dine, meiner er objektivt ved livskvalitet. Ting som sosialt fellesskap, tryggleik, arbeid, helse og økonomi.

Jo, dette er viktige ting for å ha det bra. Eg ser du her meiner vi bør har fridom til å bestemma viktige greier på jobben, og rom for sjølvutvikling. Men eg kjenner folk som blir glade av å vita akkurat kva jobben inneber, og som håpar dei kan sleppa fleire endringar og meir sjølvutvikling. Er det feil? Er det usunt? Vil du setja inn tiltak?

Må alle spretta rundt og vera glade og engasjerte og involverte og i utvikling, ha full kontroll over kvardagen, og i det minste gå på gudsteneste ein gong i veka viss dei ikkje joggar? Og viss ei stakkars bygd eller ein bydel tilfeldigvis har for mange melankolikarar med i undersøkinga, må heile nabolaget då påtvingast eit statleg bestemt sunt liv?

La det vera

Du ser det, Staten, at eg syns slett ikkje du skal stikka den nå temmeleg snusfornuftige nasen din opp i alle ting i liva til folk. For det første fordi du nektar å ta høgde for at folk er forskjellige. For det andre fordi du hevdar å kunna tolka kor bra vi har det, viss du bare får vita nok. For det tredje fordi du er heilt ukritisk til statleg styring og kontroll heilt inn i sjela på folk.

Nei, det er sikkert ikkje sånn meint. Jo, tanken er sikkert til det beste for oss alle. Men du skal faktisk ikkje driva og samla inn kor glade, einsame, triste, frie eller bekymra vi kjenner oss, leggja til sivilstand og økonomi og barn og gjeld og formue og yrke og utdanning og bustad og tru og graden av kontroll over kvardagen, bryta det ned til informasjon om grupper, både geografisk og sosialt, og så bruka det til å laga det du meiner er eit sunnare samfunn. Det går ikkje. Ta deg ei pæra! Ta mange, forresten, og del ut til både Helsedirektorat, Folkehelseinstitutt, Bent Høie og dei i Helse- og omsorgsdepartementet og forskarane som har laga rapporten!

Men sidan eg nå først har deg her: Eg var jo ganske irritert i går. På ein litt usunn måte, etter det eg vil tru er statleg standard. Det var fordi eg las den rapporten. Så viss du bare kunne hiva den? Viss det nå er sånn at du verkeleg vil ha eit sunnare samfunn?

Les også

  1. Fattigdomslykke? Verkeleg?

  2. – Ta meg i handa på det

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  2. – Bønn til Stor­tinget: Vedta rus­reforma!

  3. «Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!»

  4. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

  5. «Styrings­iveren til Høgre kan stykka eit barn opp i små­bitar»

  6. «Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Politikk
  3. Demokrati
  4. Helse