Lova om habilitet skaper impotente folkevalde

Kommentar: Politikarar som sit i styret for heileigde offentlege selskap, kan ikkje delta i handsaming av desse selskapa i folkevalde organ. Det er heilt absurd.

Formannskapet i Time praktiserer andre reglar for inhabilitet enn nabokommunane. Frå venstre rundt bordet, Anne Brit Ree, Ap, Lars Enevoldsen, Ap, Sverre Risa, KrF, skjult Bjarne Undheim, Sp, rådmann Trygve Apeland, ordførar Reinert Kverneland, H, formannskapssekretær Tone Storesætre, Staale Grude Haaland, H, Hanna Kverneland, H, Petter Lorentz Stabel, Frp, og Anne Helen Eide, MDG.
  • Egil Ø Nærland
    Egil Ø Nærland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Stortinget skjerpa i 2009 lova om habilitet for politikarar som er leiar eller medlem av styret eller bedriftsforsamling for offentleg heileigde selskap.

Med verknad frå 1. november 2011 vart folkevalde med slike verv i praksis gjort inhabile og impotente når viktige saker skal avgjerast av kommunane sine øvste organ, formannskap, bystyre/kommunestyre.

I fleire tilfelle gjeld det saker med omfattande strategiske og økonomiske konsekvensar.

Den siste veka har eg lytta til formannskap i fire kommunar, i alle har spørsmål om habilitet kome opp. Med ulikt resultat til same sak.

Les også

Frykter at det blir forbud mot gris og kyllingproduksjon i Norge

7 av 13 var inhabile

I Sandnes ga lova seg eitt heilt spesielt utslag:

7 av 13, eit fleirtal av politikarane, måtte setja seg på utvisningsbenken då formannskapet skulle avgjera om Sandnes kommune skulle vidareføra avtale med Greater Stavanger, eit partnarsamarbeid mellom 16 kommunar.

Greater Stavanger er hundre prosent eigd av Forus Næringspark AS, eit heileigd selskap av kommunane Stavanger (49,007 prosent), Sandnes (49,007 prosent) og Sola (1,987 prosent).

Ordførar Stanley Wirak og varaordførar Pål Morten Borgli samt fem frå så vel posisjonen som opposisjonen måtte på benken.

Ordførar Stanley Wirak, Ap, og Tor Magne Seland, H, var mellom de sju som var utviste frå formannskapet då Sandnes skulle avgjera ny avtale med Greater Stavanger eller ei.

Dei er medlemmer eller varamedlemmer til styret i Greater Stavanger, og dei er medlemmer eller varamedlemmer til styret i Forus Næringspark AS.

Viktig aktør, viktige val

Greater Stavanger er ein viktig aktør for kommunane sine strategiske næringsplanar samt diverse prosjekt.

For Sandnes kommune blir det ei økonomisk utteljing på snart 39 kroner per innbyggjar, rundt 3 millionar kroner årleg. I tillegg ligg det i korta at kommunen kjøper tenester. Den årlege kostnaden vert i sum mellom 7 og 8 millionar kroner.

Alt må inn i økonomiplanen, og avtalen forpliktar i fire år.

Dette er ordføraren, varaordføraren og fem andre medlemmer av formannskapet ekskluderte frå å meina noko om eller vera med og avgjera.

Les også

Raser mot pelsdyrforbud: – Regjeringen skaper gjeldsslaver

Saka skal til kommunestyret, men også der vert gjengen sett på gangen - etter lova.

Ulik praksis

Alle dei fire kommunane, Klepp, Time, Hå og Sandnes er medlemmer av Jærrådet saman med Gjesdal.

Denne gongen hadde formannskapa oppe ei sak om vidare drift og tilskot til Jæren Produktutvikling, eit heileigd kommunalt føretak. Saka var først handsama i Jærrådet.

Her gjekk ordførarane og varaordførarane i Sandnes og Hå frå som inhabile, ordførar og varaordførar i Time og Klepp, tok del i diskusjon og røysting.

Det same gjorde MDG sin representant i formannskapet i Time, Anne Helen Eide, sjølv om ho faktisk er den einaste som i sin sivile jobb har samarbeid med Jæren Produktutvikling eller Gründerarena Jæren som dei kallar seg.

Forstå det den som kan.

God tanke, feil følgje

Tanken bak endringa som Stortinget vedtok i 2009, var å hindra rolleblanding og interessekonflikt.

I aukande grad såg ein at kommunane oppretta kommunale og interkommunale selskap, og i aukande grad opplevde ein at styreverv i desse selskapa vart gitt til offentleg tilsette tenestekvinner og menn, mellom anna for å effektivisera.

Det er forståeleg og naturleg at reglane for habilitet vart kraftig skjerpa for tilsette som mellom anna kan påverka si eiga stilling ved ulike aksjonar i kommunale selskap, men det var meiningslaust å ta med dei folkevalde i same slengen.

I utvisningsboksen

Så kan ein argumentera med at folkevalde veit dette og har visst det frå før valet både i 2011 og 2015, at dei lett kunne vald andre enn til dømes dei som sit i formannskapet til ulike styre i ulike kommunale og interkommunale selskap.

Etter mitt syn er det feil at ikkje dei fremste poltikarane skal sitja med handa på rattet i dei viktigaste, heileigde selskapa. Det kunne snart ført til uklare avgjerder og ping-pong spel mellom selskapa og dei øvste politiske organa.

Stortinget må snarast ta tak og sørgja for å reversera paragrafen om dei folkevalde til slik han var før vedtaket i 2009.

Inntil vidare får ordførarar og varaordførarar med fylgje finna seg i å sitja i utvisningsboksen - kor absurd det enn er.

Publisert:
  1. Greater Stavanger
  2. Jærrådet
  3. Reinert Kverneland
  4. Pål Morten Borgli
  5. Stanley Wirak

Mest lest akkurat nå

  1. SUS ber om hjelp fra pen­sjonister og andre med helse­utdanning

  2. Hun var livredd da drosjen svingte av motorveien. Så møtte hun Tom Rune

  3. Innfører gult nivå på skolene i Stavanger

  4. Partneren har vært utro med en kollega – kan ekte­skapet reddes?

  5. Arrangerer digitalt julebord, hjelper likevel lokal restaurant

  6. Fire grep som får mer ut av varme­pumpen din. Og tre ting du ikke bør gjøre