Meiningsmåling seks dagar før valet: Rogaland finn seg sjølv

GALLUP: Ei veke før valet har rogalendingane funne seg sjølv att. Høgre er største parti, Arbeidarpartiet er ein trygg nummer to.

Publisert: Publisert:

Iselin Nybø (V) lever eit utrygt stortingsliv etter måndagens val ifølgje Aftenbladets nye meiningsmåling. Olaug Bollestad kan bli åleine på tinget for KrF frå Rogaland. Foto: Geir Søndeland

Denne artikkelen er over to år gammel

SV og Venstre ligg begge og vakar rundt eit mandat kvar, SV for tida fremst og inne på direktemandat.

Meiningsmålinga som Infact har gjort for Aftenbladet og Haugesunds Avis sist veke viser at me snakkar ikkje om noko politisk jordskjelv i fylket ved dette valet heller. I mars-målinga hadde Ap fem stortingsmandat mot tre i dag, og Høgre rauk på ein solid smell. Det hadde vore oppsiktsvekkande.

Les også

Måling: Her er Rogalands nye lag på Stortinget

Les også

Direkte verdidebatt fra IMI-kirken

Les også

Sjokkmåling i Rogaland - MDG suser inn på Stortinget

Fakta frå september-målinga er enkle og ikkje til å mistolka: Arbeidarpartiet har ein ørliten framgang i høve til stortingsvalet 2013. Høgre har ein markant tilbakegang målt mot 2013, sjølv om Erna Solberg, Bent Høie og dei enno er størst.

Stø veg for Frp

Aller best vil eg meina at Framstegspartiet gjer det. Å kapra drygt 17 prosent oppslutning, mot snautt 19 prosent i 2013, er ein honnør til våre lokale mørkeblå statsrådar som Ketil Solvik-Olsen og Solveig Horne.

Dette er etter fire år i regjering og med tung slitasje for Norges blåaste ansvarlege parti, eit parti som aldri før hadde vore i posisjon og der Siv Jensen overtok leiarverv og ansvar etter ein rimeleg humørsjuk og aldrande partieigar Carl Ivar Hagen.

No kan sjølvsagt Frp-motstandarane og -hatarane seia at dette handlar om framandfrykta og den såkalla integreringsminister Sylvi Listhaug sitt retoriske spel på angst og hat.

Les også

Hadia Tajik tror Rogaland kan avgjøre stortingsvalget for Ap

Les også

Kommentar: Sakene, ikkje personane, tel mest for statsministerduell og regjeringsval

Les også

Nok en måling med Ap under 30-tallet

Det kan fort handla meir om at folk flest set pris på fridom, mindre reguleringar, betre vegar, noko mindre skatt og avgifter og at dei til og med godtek ein samferdselsminister som bygger ut på full gass med tabumerka bompengar som fundament for fire eller seks felt motorveg.

Samstundes har Horne vore med på å gje regjeringa eit anstendig ansikt der det elles er lett til dømes å undra seg over vår relativt ferske justisminister.

I Rogaland står i alle høve Frp fjellstøtt. Derimot er eit resultat på under 25 prosent i vårt lyseblå heimfylke ikkje noko å skriva heim om med stor tyngde for Høgre, men partiet har framleis fire mandat og er solid størst og vil ha leiarskapen på Rogalands-benken på Stortinget.

Under radaren

Under radaren har SV vakse og vakse i Rogaland sidan i fjor haust. Partiet har hatt utjamningsmandat i Rogaland siden februar i år, ifølgje partibarometra i Aftenbladet.

No er partiet ifølgje denne målinga inne med direktemandat for Solfrid Lerbrekk.

Den såg eg ikkje koma så seint som for tre år sidan. Men SV-leiar Audun Lysbakken har funne ei vinnarsak med kampen mot forskjells-Norge, samstundes som veljarane tydelegvis heller vil dytta Ap mot venstre enn mot høgre.

Taparane i Infact-målinga er først og fremst Kristeleg Folkeparti og elles Venstre. Begge ligg an til å mista eit mandat kvar. Men i denne målinga har faktisk Iselin Nybø/Venstre over 4,1 prosent i Rogaland og manglar berre om lag 1800 røyster på å få direktemandat. SV er nærast å mista sitt direktemandat, viser utrekningar frå valprogrammet Celius.

Les også

Ap mister mandat, men er fortsatt foran Høyre i Rogaland

Les også

Ny elendig måling for Høyre

Les også

August-barometer: Støre og Ap slit, men vinn likevel

Nedbrote på kjønn og alder ser me at Ap står sterkast mellom kvinner og oss mellom 45 og 64 år. Frp står sterkast hos menn og er jamt fordelt på alder. Høgre har overvekt av mannlege sympatisørar og knapp overvekt hos dei mellom 30 og 44 år.

Mellom MDG og Venstre

Utjamningsmandat er ikkje medrekna i denne målinga. Men på landsbasis kan kampen om utjamninga og sperregrensa (4,0 prosent) fort stå om ein kamp mellom Anna Kvam (MDG) og Iselin Nybø (V). Skulevala som vart publisert fullt ut tysdag kveld viser at MDG har ein medvind i ryggen som Venstre manglar.

No er det slik at skulevala aldri har vist endeleg resultat av det endelege valet, men ofte gjev eit vink om kva vind vegen bles. Det lovar ikkje så godt for Iselin Nybø. MDG og Venstre slåst på same miljøfeltet. Men Venstre kan naturlegvis vona på taktiske røyster som vil berga både Høgre-statsminister Erna Solberg og eit borgarleg fleirtal.

Til samanlikning er det om lag 7000 røyster bak kvart stortingsmandat frå Finnmark, drygt 17.000 røyster bak kvart mandat frå Rogaland. Tips frå ei gamal Venstre-avis: Ein stemme til Venstre kan gje ei heilt anna utteljing enn ein stemme til Høgre i Rogaland dersom du er ute for å sikra borgarleg fleirtal. Problemet er at borgarleg fleirtal synest som eit svært uvisst omgrep i kjølvatnet av Nydalen-avtalen og dei fire åra etterpå.

Sjølve slagmarka

Men Vestlandet er uansett nær å vera den avgjerande slagmarka på valdagen, slik vitjingane frå Erna Solberg og Jonas Gahr Støre i Stavanger bekrefta sist måndag.

Min tidlegare sjefredaktør Tom Hetland hadde ein innsiktsfull kommentar om stoda på Vestlandet på den politiske nettstaden pollofpolls denne månaden, der konklusjonen hans var at fylkesmålingane sprikar og at ingenting er avgjort før valnatta.

Utan å vera for konspiratoriske kan me fastslå følgjande: Dersom Infact-målingane for VG, Aftenbladet, Haugesunds Avis og andre aviser jamt favoriserer Ap og Senterpartiet mellom anna på grunn av målinga mot 2015, slik til dømes valentusiastane på pollofpolls.no har dokumentert, så kan det gå mot eit tilnærma katastrofeval for Jonas Gahr Støre i fylket vårt 11. september 2017.

Ifølgje denne vår eventuelt høgst Ap-venlege måling, ligg han og Ap hakk i hæl med Høgre. Ei Respons-måling bestilt av Høgre frå sist veke, publisert 1. september, gav til samanlikning Høgre 31 prosent og fem mandat på Rogalands-benken.

Omrekna ut frå dagens meiningsmåling og den relative forskjellen på Infact og dei andre byråa i 2017, vil Ap i tilfelle bikka ned mot 20 prosent i Rogaland på valdagen. Det er vanskeleg å tru, men så likar me Solvik-Olsen også.

Publisert: