Gåtefull utvikling: Kvifor lukkast ikkje fattige land?

GJESTEKOMMENTAR: Gapet mellom fattige og rike land skrik framleis etter gode forklaringar.

Utdanning er ein av fleire grunnleggjande faktorar som må til for at fattige land skal få god økonomisk utvikling. Her frå markeringa av eit nytt kull med studentar i Dar-es-Salaam i Tanzania nyleg, der UiS har vore med på å utvikle eit masterprogram i økonomi. Foto: University of Dar-es-Salaam

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Når klokka er åtte på morgonen, og du er pill roten i kroppen etter 15 timar reise og ei elendig natt på flyet frå Amsterdam bak deg, og akkurat har sett deg på neste og siste flyet til Dar-es-Salaam, når flyvertinna skal vise sidemannen korleis naudutgangen verkar, og han vil prøve sjølv, og nappar ut heile luka, slik at alle må forlate flyet, og ein teknikar må flygast inn frå eit anna land for å fikse luka, og du ser dagen breie seg langstrakt ut framom deg på flyplassen i Nairobi, og det blir mørkt inni deg og rundt deg og over alt elles...

Då er det berre å stålsette seg, for det mest uventa har nemleg ein tendens til å skje litt oftare i Afrika enn på heimlege trakter. Turen gikk til Tanzania, og oppdraget var førelesing ved University of Dar-es-Salaam Business School.

Men kva som gjer at enkelte land lykkast med slike investeringar, mens andre ikkje får det til, er framleis ei gåte.

Kjelder til rikdom

Etter 50 år som hovudsamarbeidsland for Noreg og storforbrukar av utviklingshjelp er Tanzania framleis blant dei aller fattigaste landa i verda. Som for mange andre land i Afrika er den evige utfordringa å omsette eit stort ressurspotensial innanlands til velferd og vekst for folk flest.

Forskjellar mellom fattige og rike land har oppteke økonomar til alle tider. Forskinga har gitt både meir og mindre opplagt innsikt, men framleis har ein ikkje ei fullgod forklaring på korfor enkelte land lykkast, mens andre land går ad undas.

For å vekse treng ein kapital og arbeidskraft, høyrer ein gjerne frå økonomane sitt hald. Forskinga på feltet har vidare vist at kapitalen blir meir produktiv med ein finanssektor som fungerer godt, og at utdanning normalt får arbeidskrafta til å kaste meir av seg.

Så må ein altså spare og investere for å skape vekst – i forsking, utdanning og infrastruktur. Men kva som gjer at enkelte land lykkast med slike investeringar, mens andre ikkje får det til, er framleis ei gåte.

I dei siste åra har kvaliteten på samfunnsmessige institusjonar fanga mykje interesse blant forskarar på området. Gode system knytt til lovverk, regulering, politiske prosessar og spelereglar sikrar betre vern om eigarrettar og betre generell tillit. Gode institusjonar kan difor løfte interessa for investeringar i bygningar og maskinar, utdanning og forsking.

Med svært mange stammar og språkgrupper var det difor truleg eit utviklingspolitisk sjakktrekk å sameine innbyggjarane i Tanzania rundt swahili som nasjonalspråk.

Samfunnet si overbygning

Dermed er ein eit skritt vidare. Men framleis kan ein trengje djupare. Det neste naturlege spørsmålet blir dermed kva det er som avgjer om eit land utviklar gode institusjonar. I jakta på dei djupe årsakene bak økonomisk utvikling har slike spørsmål teke økonomiforskarane over mot andre fagretningar, som historie, sosiologi og psykologi.

Til dømes har forskinga vist at røtene til rikdom og fattigdom kan gå heilt tilbake til kolonitida. I land med mykje sjukdom og vanskelege levekår, blei koloniseringa innretta mot sparsommeleg busetting og rask økonomisk utbyting. Til forskjell blei land som var meir gjestmilde for europearar signa med større busetting og innføring av europeisk organisering og levesett. Dette har gjeve forskjellar i økonomisk vekst som har vart heilt fram til moderne tid.

Forskinga har vidare vist at sosiale nettverk, tillit mellom menneske og andre kvalitetar av kulturell karakter har innverknad på evna til å utvikle og ivareta gode institusjonar. Store forskjellar i etnisk bakgrunn, religion og/eller ressurstilgang kan gje opphav til sosial konflikt, som igjen vil legge ein effektiv dempar på investeringar og utvikling.

Med svært mange stammar og språkgrupper var det difor truleg eit utviklingspolitisk sjakktrekk å sameine innbyggjarane i Tanzania rundt swahili som nasjonalspråk, med ei rekke gevinstar knytt til kommunikasjon, samhandling, sosial mobilitet og generell tillit. Eit felles språk gjer det enklare å utvikle både institusjonane og det politiske systemet.

Men framleis er politikken i Tanzania fullstendig dominert av eitt parti, med stor konsentrasjon av makt rundt eit person-orientert presidentskap. Og om det er noko forskinga på økonomisk utvikling er klar på, så er det at konsentrasjon av makt sjeldan er av det gode, og spesielt ikkje om ein står overfor store ressursbaserte inntekter.

Sentralisering av makt vil ofte gje redusert innsyn i staten sine finansar, svekking av kontrollsystema og betre høvet for sentrale politikarar til å sette sine eigne sugerøyr i pengestraumane. Og då er vegen for ukulturen kort til andre lag i statsadministrasjonen.

Så får håpet være at ein her har sådd eit og anna frø som kan spire på eiga hand når vår tid tek slutt.

Sjukdom og håp

Som kvite gribbar står dei og heng under trea i vegkanten, speidande etter passande byte i den tette trafikken langs innfartsåra mot Dar-es-Salaam. For trafikkpoliti på jakt etter tilleggsinntekter er safari-bilane spesielt ettertrakta, med passasjerar rike på pengar, men med så altfor dårleg tid. Her vankar det bøter i fleng, dei fleste for misfaring som aldri har funne stad.

Og sjåførane betalar utan krangel, for velfødde safari-turistar ventar ikkje på nokon. Ein 50-lapp om du ikkje treng kvittering, 150 kroner om du insisterer på dokumentasjon. Deling mellom kollegaer, ein skjerv til sjefen, og så er alle fornøgde. Men korrupsjonen er ein sjukdom som tærer på samfunnskapitalen og legg stein til børa for utviklinga i landet.

Når folk som oss kjem til land som Tanzania, så er det ikkje så vanskeleg å finne forhold som burde vore retta på. Då er det ei trøyst at undervisninga gjev meining, med konkrete resultat som venteleg kan gagne på sikt. Ein heil laurdag tok den storslåtte seremonien der tusenvis av nye kandidatar blei uteksaminerte frå Universitetet i Dar-es-Salaam.

Og der, midt mellom dei alle, var det første smålåtne kullet av kandidatar frå masterprogrammet me har vore med på frå Handelshøgskolen ved UiS. Så får håpet være at ein her har sådd eit og anna frø som kan spire på eiga hand når vår tid tek slutt.

Twitter: @Mohnitor

  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
  • Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her

Les også

  1. Klaus Mohn: Gje vekk Oljefondet?

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Klaus Mohn
  3. Tanzania
  4. Økonomi

Mest lest akkurat nå

  1. Ny studie på demens: – Funnene er oppsiktsvekkende

  2. Torvik beklager e-post: – Ikke rasistisk ment. – Kan oppleves rasistisk, sier professor ved VID

  3. «Dette går ikke, Viking. Berntsen kan ikke få en slik avskjed»

  4. Fjell­bygda nektet å dø. Nå har de store planer

  5. Hun ble brukt i reklame for Wizz Air. I dag kjemper hun mot selskapet i retten

  6. Hver kveld klemmer hun hode­puten til Maria og sier god natt til en datter som ikke lenger lever