Dronning i stort og smått

GJESTEKOMMENTAR: Dagane har vore intense for oss som er over gjennomsnittet opptekne av det britiske kongehuset. Ikkje før hadde me markert 25-årsdagen for Dianas tragiske død, så døydde du, dronning Elizabeth.

Dei som levde liva sine lengst unna ditt, var kanskje dei som såg mest opp til deg. Fattige som fylte heimane sine med kongelege nips og sende deg gåver og kort i posten. For dei var du eit nøklehol å gløtte gjennom.
Publisert: Publisert:

Og eit kvart hundreår seinare er gatene i London igjen fulle av folk, tårer og blomar. Ekssvigerdotter di rann over av kjensler, du var langt meir tilknept og stiv i overleppa, men folket vil tydelegvis ha begge deler. Kjensler og tryggleik.

Dagen du døydde vil nesten alle minnast kva dei dreiv på med, sjølv om det var inkjevetta og trivielt. Ei dronning sin død set hakk i folk sine liv. Kongehus er spinndyrt tull, meiner somme. Men me er mange som elskar spinndyrt tull. Du er det mest og minst kongelege eg veit om.

Du minte meg om bestemora mi. Dei same kvite permanentkrøllane, det snille, kloke fjeset, sjølv om du sikkert ikkje hekla og melka kyr. Som ein standhaftig tinnsoldat stod du i det, alt saman.

Jesusbildet på veggen

Då Diana døydde, fødde eg. Då eg fekk vita om din død 25 år etter, åt eg ein burgar i sentralredaksjonen til Aftenbladet, medan eg venta på båten. Dødsmeldinga fekk fart på det unge vaktlaget. «Push!», «push!», var ordet dei brukte, for dette nyhendet måtte ut til folket så raskt som råd.

Korkje dei unge journalistane eller eg hadde sett nokon annan monark i Storbritannia i vår levetid, men til slutt gjekk sola ned over di regjeringstid. No sit me med store auge og ser nedstøva ritual vakna til live att, 70 år etter at dei sist var i bruk.

Folks fascinasjon for deg er full av paradoks. Du var ei dame med lite utdanning, store handvesker og klede i knallske fargar. Du elska hundar, hestar og Gud. Svært frå andre kunne koma unna med å vera så ukule i vår tid. Men du kunne.

Me er mange som treng noko traust og klippefast. Du er jesusbildet me gløttar opp på før me sovnar. Eg blir alltid roleg av å tenkja på deg ved peisen med ein kopp te, to–tre hundar og ein statsminister.

Kjendisar kjem og går i vår tid. Du var alltid der, frå du blei ein av dei første globale kjendisane, som ung og filmstjernevakker dronning. Framtoningen var alt me fekk sjå, for du gav aldri intervju, baud ikkje på deg sjølv, slik moten er i dag, med ein styrtsjø av taletrengde kjendisar i alle kanalar.

Ei gåve frå ei kvinne til ei annan, som blei vist til ei tredje kvinne. Kofter som kunne varma to kongelege kvinner som kanskje fraus på så mange vis i dei kalde steinslotta i England.
Det er nok av sorger å stappa
inn i dronninggråten vår
i desse urolege tider.

Det høge og det låge

Heile livet hylla du deg inn i ein dåm av verdig og taus mystikk, sjølv om rykta sa at du åt cornflakes til frukost kvar einaste dag. Never complain, never explain. Eit snev av måtehald i all kongehusets overflod, før du opna slottet for James Bond og bjørnen Paddington, og viste verda at du hadde ei humoristisk åre bak det milde pudderfjeset.

Som dronning og kvinne stod du i spennet mellom det opphøgde og det heilt nære. For du har også vore fødande, barselkvinne, mor, svigermor og bestemor. Du var opphøgd, men også midt blant oss i krimskramset vårt, heilt inn på utedoen var du med oss. Sjølv har eg eit krus pryda med bilde av Charles og Diana på hytta. På den vil dei alltid smila lukkeleg.

Eg har lurt på korleis det er ikkje å eiga sitt eige fjes. Å sjå ansiktet sitt bli slengt over diskar på myntar og setlar. Å sjå seg sjølv smila frå alt mogleg billeg nips og naps. Dei som levde liva sine lengst unna ditt, var kanskje dei som såg mest opp til deg. Uføretrygda og fattige som fylte heimane sine med kongelege nips og sende deg gåver og kort i posten. For dei var du eit nøklehol å gløtte gjennom, mot ei praktfull verd å drøyma seg bort i. Og du svikta ikkje. Du heldt stilen med blytung krone, lilla silke, edelsteinar og hermelin. Du svikta heller ikkje då du gjekk kledd som ei bondekone med skaut og høgstøvlar på Balmoral.

Eg, som millionar andre, har ei kjensle av å kjenna deg, sjølv om det ikkje stemmer. Du gav oss ei oppleving av eventyr som ikkje finst. Du heldt din del av kontrakten, og reiv aldri av papiret.

Les også

Forteljinga om då dronning Elizabeth fekk ei heimestrikka kofte på Torget i Stavanger

Du fekk ei kofte på Torget

Du fekk ei kofte av ei spøtakone frå Jæren då du vitja Stavanger i 1981. Litt seinare ville Diana også ha. Du må ha vist fram det vakre plagget til svigerdotter di. Du og ho har kanskje stått saman og beundra det intrikate maskearbeidet?

Norge og Stavanger hadde hosta opp prominensar og eksellensar i hopetal, men kanskje var det kofta du hugsar best frå besøket ditt? Ei gåve frå ei kvinne til ei anna, som blei vist til ei tredje kvinne. Kofter som kunne varma to kongelege kvinner som kanskje fraus på så mange vis i dei kalde steinslotta i England.

Her sit Ingeborg Søland med kofta som Diana skulle få. I 1981 fekk dronning Elizabeth ei kofte med same mønster. Bildet er tatt i 1984.

Me såg deg i di uforstyrra ro, men barna dine sine eskapadar gjorde deg likevel meir menneskeleg, spesielt då du erklærte 1992 for eit «annus horribilis». Kongelege gjer det same som oss, berre på ein meir omstendeleg, kjedeleg og langsam måte, blir det sagt. Monarkiet er eit pompøst teaterstykke vi andre projiserer våre liv inn i. Millionar av menneske vil gråta under gravferda i London, mange fattige vil bæra plastkroner. Dei gret litt for deg, men likevel truleg mest for seg sjølve, for det er nok av sorger å stappa inn i denne dronninggråten vår i desse urolege tider.

Det er ein hårfin kontrakt mellom folket og kongehuset. De set berre så lenge me vil ha dykk der. Du kjende det då Diana døydde, at folket skal ein lytta til. Dermed har de ver så god å leva liv som det går an å drøyma seg bort i. Gi oss eventyret somme av oss treng. Kan du seia det til sonen din, før du dreg for godt?

No skal eg få meg dronningkrus også. Den skal stå ved sida av krusa med dei to som i ei perfekt verd skulle vore konge og dronning av Storbritannia i dag, Charles og Diana.

Publisert: