Kan ei avis avgjere eit politisk val?
GJESTEKOMMENTAR: Ein heilt spesiell situasjon i byen Liverpool i England har gitt oss ein test på korleis ei avis kan påverke haldningar.
- Bård Vegar SolhjellTidlegare stortingsrepresentant og statsråd for SV


Ved det britiske parlamentsvalet nyleg, dominert av brexit-spørsmålet, gjekk dei konservative fram og Labour sterkt tilbake. Med nokre unntak. Liverpool og byregionen rundt, ofte kalla Merseyside, var eit viktig unntak. Labour forsvarte alle sine mandat der, og heldt på dominansen i byen som har blitt eit politisk unntak i Storbritannia.
Enno tydelegare var dette i sjølve brexit-avrøystinga, der Liverpool og regionen rundt stemte langt meir positivt til EU enn ein kunne forvente. Det er denne situasjonen som har fått forskarane Florian Foos frå London School of Economics og Daniel Bischof frå Zurich Universität til å studere kvifor haldningane til EU er overraskande positive i akkurat denne byen.
Forklåringa deira startar med ein fotballkamp.
Provoserte av The Sun
Hillsborough-tragedien er den verste ulukka på eit fotballstadion i England. 96 Liverpool-tilhengjarar vart trampa og klemde i hel under semifinalekampen mellom Liverpool og Nottingham Forest i den engelske FA-cupen 15. april 1989, i Sheffield. Meir enn 3000 menneske blei slopne inn på ein tribune med plass til om lag 1600. Trengselen som følgde førte til at mange blei kvelte av oksygenmangel, medan andre døydde etter at eit gjerde gav etter og mange menneske fall oppå kvarandre. Dette var fotballklubben Liverpool FC sin svartaste augeblink. Ei menneskeleg tragedie for ei rekkje familiar.
Fire dagar etter tragedien publiserte den store britiske tabloid-avisa The Sun ei framside med tittelen «The Truth» («Sanninga»). Framsida var basert på lekkasjar frå politiet, og det vart sett fram harde påstandar om at Liverpool-tilhengarar provoserte fram bråk, slo til politifolk og rana dei døydde etterpå. Denne historia fekk lenge prege debatten og tragedien. Liverpool-fansen og dei etterlatne reagerte med avsky og eit ofseleg sinne mot artikkelen.
Det tok mange år før politiet og styresmaktene tok på seg ansvaret for tragedien. I 2012 konkluderte Hillsborough Independent Panel med at ingen Liverpool-tilhengjarar hadde skuld i ulykka, og peika i staden på at styresmaktene hadde gjort forsøk på å dekkje til fakta. Dåverande statsminister David Cameron gjekk med ein gong ut og beklaga, og det gjorde også politisjefen og leiaren i fotballforbundet.
Men folk i Liverpool tilgav ikkje The Sun. Aldri. Tvert imot, kort tid etter tragedien vart det sett i gang ein boikott av avisa i Liverpool-regionen. Det daglege salet av The Sun gjekk ned frå om lag 55.000 aviser til 12.000 eller enno lågare (avisa gir ikkje ut tal, dette er anslag). Boikotten står framleis ved lag, aktivt støtta av fotballklubben.
Frå The Sun til Daily Mirror
Kva har så dette med brexit å gjere? Jo, The Sun er og har vore sterkt EU-kritisk. Ofte harselerande og karikert, direkte negativ. Den avisa mange i Liverpool skifta ut The Sun med var Daily Mirror, ei relativt EU-positiv avis. Med andre ord har vi ein slags test på korleis det gjekk i eit storbyområde der varig innverknad frå ei EU-negativ avis vart gjort om til EU-positiv innverknad.
Det er dette dei to akademikarane har sett på.
I 1989 var 34 prosent av veljarane i Merseyside-regionen var for å forlate i EU. Dette talet var 9 prosent høgare enn i demografisk samanliknbare område rundt om i landet (altså byområde med tilsvarande sosial og aldersmessig profil). Liverpool-folk var altså langt meir EU-kritiske enn andre. I 2004 var dette snudd, folk i Merseyside var 4 prosent meir EU-positive enn liknande område. I åra mot brexit vart heile landet meir EU-kritisk, medan Liverpool skilde seg enno meir ut ifølgje forskarane.
Ved brexit-avrøystinga var eit knapt 51 prosent fleirtal for å bli i EU i Merseyside, og eit enno sterkare fleirtal i Liverpool by med 58 prosent. Korleis stod det no til med tilsvarande område, med lik demografisk profil? Dei var om lag 10 prosent meir euroskeptiske enn Merseyside-regionen. Dei to forskarane estimerer at regionen hadde hatt eit 60 prosent for å gå ut av EU om det ikkje var for «avis-effekten».
Resonnementet deira er at innverknaden frå ei avis ikkje er direkte, men langsam og gradvis. Det er ikkje slik at folk i Stavanger plutseleg skiftar parti dersom Aftenbladet seier dei bør. Derimot kan haldningane bli gradvis påverka over vinklinga ei rekke av oppslag og historier over lang tid, til dømes til å bli meir positive til oljenæringa, ein bestemt fotballklubb eller kva som helst eigentleg. Det er dette dei meiner har skjedd i Liverpool – å skifte ut ei av avis med ei anna påverka mange menneske sitt syn på EU over tid.
La meg straks ile til å seie at det er umogeleg å vite sikkert at dette skjedde. Forskarane kallar då også sin eigen metode for kvasi-eksperimentell. Sjølv om dei har forsøkt å kontrollere for val av parti, sosial bakgrunn og det faktum at Liverpool har fått pengar frå EU, er det umogeleg å ta omsyn til alt som skjedde før og under denne perioden.
Professor i journalistikk Roy Greenslade er blant dei som har kritisert dette. Det er heller ikkje direkte overførbart til eit anna område. Kanskje ville folk i ein anna by skifta ut The Sun med ei anna EU-negativ avis?
Skremmande, om det er rett
Uhyre interessant er det like fullt: Dels fordi det er sjeldan ein kan teste på denne måten, dels fordi funna stemmer med den intuisjonen mange har om The Sun sin innverknad. Skremmande er det også, om det er rett. For kva vil vi utvikle oss til i løpet av nokre tiår med ekkokammera på Facebook som viktigaste medium?
God jul, kjære lesar! Og gratulerer med cup-gull til Viking, samt at de har ei god og balansert kvalitetsavis i regionen!
Twitter: @bardvegar