Sats på stråmannen i den politiske debatten!

KOMMENTAR: Manglar du ekte meiningar å argumentera mot for å skåra politiske poeng? Då er det berre å finna på noko meiningsmotstandarane dine aldri har hevda eller gjort.

Publisert: Publisert:

Har nokon sagt at folk bør føla på «julebordskam»? Nei, ikkje før Frp fann på ordet. Foto: Frå Frp’s Facebook-side

  1. Leserne mener

Visste du at IKEA har avskaffa jula – og begynt å kalla julefeiringa for «vinterfest»?

Visste du at overformyndarane i MDG vil at folk ikkje lenger skal kunna eta tradisjonell norsk julemat utan å kjenna på skam?

Visste du forresten at miljørørsla går inn for å nedvurdera menneskeverdet, fordi dei er så glade i dyr?

Heldigvis lovar KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad å kjempa med nebb og klør mot at det blir innført eittbarnspolitikk i Norge. Visste du ikkje at dette er eit brennheitt tema i den norsk politikk?

Retorisk grep

Dette er fire eksempel frå dei siste par vekene på det ein innan retorikken kallar ein stråmann. Altså at du tillegg meiningsmotstandarane dine motiv og meiningar dei ikkje har. For så å argumentera mot dei:

30. januar la Frp’s Per-Willy Amundsen ut ein Facebook-post der han «som folk flest» gleda seg til å feira tradisjonell, norsk jul: «Men det gjør ikke IKEA. De inviterer oss til å pynte til såkalt «vinterfest». Svensk politisk korrekthet kjenner ingen grenser, den bør snarest få offisiell status som parodi på seg selv. […] Hva med deg, holder du «vinterfest» eller skal du feire jul i desember?»

Problemet er berre at IKEA ikkje har avskaffa jula. Dei har tvert om mange juleprodukt, som ein del av vinterkolleksjonen. Men Amundsen har altså, via stråmann, gitt inntrykk av at den svenske politiske «korrektheita» nå har kome til Norge.

Ribbeforbod?

16. november la Frp ut ein Facebook-post med eit bilete av eit saftig stykke juleribbe og denne teksten: «Ikke engang julebordet vil overformynderne i MDG la folk få ha i fred. Vi mener at folk må kunne spise god og tradisjonell julemat uten å føle på et eneste gram av skam. Er du enig? Lik og del!»

Hadde MDG uttalt at folk som vil ha tradisjonell julemat skulle føla på skam? Nei. Men Oslo kommune hadde invitert til eit julebord der standardmenyen var vegansk – i tråd med at kjøtforbruket i Oslos kantiner skal halverast. Dei som vil ha tradisjonell juletallerken, eller kveite, treng berre gi beskjed på førehand, så får dei det.

Ja, og så har du KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad, som stod for førre vekes mest famøse politiske utspel, der han sausa saman Kinas eittbarnspolitikk, aktiv dødshjelp og bioetikk. Kva dette hadde med MDGs politikk å gjera? Veldig lite. Men Ropstad klarte, via stråmann, å hamna veldig mykje i media.

Ikkje sant

Alt dette kunne jo vore interessante politiske debattar. Om norske bedrifter plutseleg avskaffa jula for å vera politisk korrekte. Om eit politisk parti ville forby tradisjonell norsk julemat. Om tunge politiske krefter argumenterte for å nedvurdera menneskeverdet og innføra eittbarnspolitikk i Norge.

Problemet er at det ikkje er sant.

Det interessante spørsmålet er korleis noko som ikkje er sant kan skapa så mykje bruduljar, så mykje merksemd og setja dagsorden i den norske politiske debatten.

Eller. Eigentleg er det ikkje så rart. Særleg om ein kastar blikket over Atlanteren og til USA, der falske nyheiter, «alternative fakta», konspirasjonsteoriar, rykte og direkte løgner har blitt Donald Trumps metode.

Då Fred Shapiro ved Yale-universitetet i USA i desember 2018 skulle kåra årets topp ti-sitat, slik han hadde gjort dei 13 siste åra, hamna Trumps personlege advokat Rudolph Giuliani på topp. I ei utveksling med NBCs Chuck Todd sa Giuliani: «Sanning er ikkje sanning» («Truth isn’t truth»).

– Eg trur kanskje den mest slåande utviklinga i tidsanda er den dramatiske nedgangen i respekt for sanning i politikken. […] Eg meiner det er eit veldig representativt sitat for tida me lever i, sa Shapiro til Washington Post.

Ikkje nytt

Det er ikkje noko nytt at ein bruker stråmenn, rykte og løgner i politikken. Ein treng berre hinta om noko, i ettertid seia at ein spøkte, som då Trump sa at Barack Obama var grunnleggjar av IS. Eller ein kan påstå at Obama blei fødd i Kenya, og ikkje på Hawaii.

Poenget er: I den augeblinken dei har sagt noko høgt, same om det berre er tull, finst det der ute, i folks minne. Dermed har du lukkast i å skapa eit inntrykk som kan vera svært vanskeleg å viska ut, sjølv om det er feil.

Eitt av dei mest kjende døma – noko av det første kommunikasjonsfolk og spinndoktorar lærer – handlar om USAs 36. president, demokraten Lyndon B. Johnsen. Historia er fortalt av den legendariske gonzo-journalisten Hunter S. Thompson: Då Johnson sleit i kampanjen for å bli senator i 1948, bad han kampanjeleiaren sin starta ein ryktekampanje om at motstandaren hans – ein grisebonde – likte å ha seg med svina sine.

«Me kan ikkje påstå det. Du veit jo at det ikkje er sant», sa den sjokkerte kampanjesjefen.

«Sjølvsagt er det ikkje sant! Men få den jækelen til å nekta for det!» svarte Johnson.

Ifølgje Thompson vann Johnson senatsvalet med mindre enn 100 stemmers overvekt. Der blei han sitjande til han blei John F. Kennedys visepresident. Så blei han president.

Publisert: