Stavanger internasjonale festival for ufarlige ytringar

KOMMENTAR: Mandag kjem fjorårets mest kontroversielle teaterstykke til Stavanger. Likevel vil eg hevda at både «Ways of Seeing» og Kapittelfestivalens omfattande program er ganske harmlause greier.

Publisert: Publisert:

Onsdag startar årets Kapittelfestival, med «Kropp» som tema. Men allereie mandag kjem eit oppspark, når «Ways of Seeing» gjestar Rogaland teater. Foto: Leif Gabrielsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

«Ways of Seeing» er teaterstykket som skapte kontrovers heilt opp til statsministerens nivå. Det er teaterstykket som førte til ein justisministers fall. Er det mulig å hevda at både stykket - og festivalen som inviterer det til Stavanger - eigentleg er ganske harmlause greier?

Vel, i motsetnad til dei fleste andre, har eg sett «Ways of Seeing». Det store mysteriet etter å ha sett stykket, er kvifor dette blei ei stor sak. Forklaringa ligg ikkje i teaterstykket sjølv, men i at dåverande justisminister Tor Mikkel Waras kone gjorde dette til ei stor sak. Hadde ikkje ho blåst det opp, ville «Ways of Seeing» endt slik dei fleste smale, meir eller mindre politiske stykke på frie scener som Black Box ender: i mørkret, for dei spesielt interesserte, utan samfunnsmessige konsekvensar.

Kunst eller politikk?

«Ways of Seeing» er politisk teater. Eller kanskje like gjerne politisk aktivisme, framført som teater. Utfordringa med å laga politisk kunst, er at det fort blir overtydeleg og ganske banalt. «Ways of Seeing» har interessante element og historier, men stykket går etter mitt syn også i denne fella. Skaparane har eit tydeleg utgangspunkt godt ute på den politiske venstresida, og målet er å kartleggja «nettverkene som har interesse av å gjøre Norge til et mer rasistisk samfunn», som skaparane skriv. Det heile blir ganske så konspirasjonsteoretisk, og det styrkar ikkje saka eller den offentlege samtalen når argumentasjonen tidvis blir erstatta av reine skjellsord mot ein del politikarar og finansfolk, som blir karakteriserte som «rævhol», «rasistar» og «crazy».

«Ways of Seeing» blei noko heilt spesielt, gjennom omstende som låg langt utanfor skaparanes kontroll. Gjennom å bli løfta ut av black boxen bidrog stykket til å reisa viktige diskusjonar om (kunstnarisk) ytringsfridom, overvaking og politiske nettverk - sjølv om dei færraste hadde sett stykket. Sånn sett levde «Ways of Seeing» opp til mange kunstnarars våte draum: Å bli relevant. Å bli diskutert. Å få konsekvensar. Men det skjedde altså gjennom å bli kontroversiell.

Les også

Ways of Seeing: Kontroversielt teater til Stavanger

Ut av navlen?

Litteraturfestivalar drøymer også om å nå ut. Men vil årets Kapittelfestival - som har «Kropp» som tema, og blant anna skal diskutera litteraturens politiske kraft - koma utanfor sin eigen navle? Eg har mine tvil. Eg er redd dette blir nok ein kulturfestival som liknar på nok eit møte i meinigheita. Det blir garantert triveleg, sikkert smart, kanskje tankevekkande, men ein snakkar til sine eigne frå ein ganske ufarleg ståstad.

Danske Carsten Jensen er blant hovudgjestene på årets Kapittel. Han skal både snakka om klimakrise, flyktningkrise, populisme, ytringsfridom, solidaritet, Vesten, reiselitteratur og ein forfattars eventuelle politiske ansvar. Foto: Jon Ingemundsen

Om eg skulle plassert årets Kapittelprogram på den politiske høgre-venstre-aksen, ville det landa ein stad på den velmeinande og varme venstresida. Her er, i tillegg til det reint litterære, programpostar om omskjæring og undertrykking i Somalia, om tekstilarbeidarar i Kambodsja sett frå Fremtiden i våre hender, kritikk av det patriarkalske arabiske samfunnet, miljøkrisa, kroppspress, flyktningekrise og populisme.

Problemet - sett frå venstre

Populismen er altså på full frammarsj, eit skremmande og interessant fenomen som absolutt bør diskuterast for å prøva å forstå. Men me får ikkje møta nokon populistar på Kapittel. Høgrekreftene skal analyserast, frå venstre, utan at me får høyra dei sjølv snakka. Klassekampen, Fremtiden i våre hender og Amnesty er med, men ingen frå borgarlege Minerva, Civita eller Skaperkraft. Kor er dei liberalistiske, dei liberale, dei konservative, dei kristne eller dei borgarlege stemmene?

Rødts nye bystyremedlem i Stavanger, Mimir Kristjansson, skal snakka om den nye boka si - og diskutera forfattarars eventuelle politiske ansvar på Kapittel. Foto: Fredrik Refvem

Kropp, samfunn, migrasjon - og kunsten - skal, som vanleg i kulturlivet, analyserast frå eit perspektiv dei fleste i salen og på scenen allereie er ganske samde om. I dette perspektivet er me dei solidariske og snille som tenkjer og seier dei rette orda, mens «dei andre» - dei som ikkje er til stades - er kalde og harde. Det er tilfeldigvis også «dei andre» som har makt - eller som har stemt dei fram til makt. Men her er, som vanleg, ingen representantar for makta på litteraturfestivalprogrammet. Ingen til å forklara eller forsvara politikken me skal vera kritiske til. Ingen frå makta til å høyra kritikken, og dermed eventuelt justera kursen.

Sjølv kjem me som festivalgjengarar til å gå nøgde heim, fordi me fekk høyra så mykje klokt og innsiktsfullt - så mykje som stemmer me det me allereie meiner sjølv, her me står i den trygge konsensusen. Me får stadfesta våre eigne haldningar, ikkje utfordra dei.

Popvenstre

Me er mange som skal vera med på Kapittel - eg er ein av dei, Aftenbladet ein av samarbeidspartnarane. Men er me mangfaldige? Er me ikkje tvert om ganske like, heile gjengen? Litt sånn popvenstre? Velmeinande, politisk korrekte, trygge - og fullstendig ukontroversielle? Vil det i det heile tatt bli ytra ein einaste motstrøms setning på årets Kapittel - og då meiner eg altså noko anna enn det du kan forventa på litteraturfestival?

For det er altså ikkje modig eller kontroversielt å vera kritisk til Sylvi Listhaug eller «høgrekreftene» på litteraturfestival. Vil nokon argumentera for ein streng og restriktiv innvandringspolitikk (som det med unntak av SV og Rødt er full politisk konsensus om på Stortinget)? Vil nokon seia at den beste måten unge kan unngå å mista kontroll over nakenbileta sine på nett, er å slutta å ta nakenbilete av seg sjølv? Vil nokon hevda at #metoo gjekk for langt?

Les også

Anonyme sladderhistorier må ikke få lov til å forurense det nye ytringsklimaet som #metoo har skapt.

Les også

Slutt å ta Snapchat-bilder av tissen din, Tiril!

Ein av pillarane for Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom - som er Kapittels offisielle namn - er nettopp ytringsfridomsperspektivet. Men poenget med ytringsfridommen er altså å gi rom for mangfaldet, for å kunna seia det som er upopulært, farleg og motstrøms. Dei ufarlege, velmeinande ytringane «alle» er einige om lever allereie godt. Dei treng ingen festival.

Publisert:

Les også

  1. Her er den nye sjefen for Kapittel-festi­valen

  2. Kåring børster støv av lokale forfattere

Mest lest akkurat nå

  1. SAS-kaptein fløy til Stavanger med promille – dømt til fengsel

  2. – Du skal ikke ha kniv fra Ikea, sier far

  3. Tesla målt til 221 km/t: Eieren får førerkortet beslaglagt inntil mai neste år

  4. For farlig å dykke i elva nå, håper på lavere vannstand

  5. 17 flygninger til Norge med koronasmitte

  6. Auglendstunnelen åpner lørdag

  1. Stavanger
  2. Kapittelfestivalen
  3. Litteratur
  4. Bøker
  5. Kommentator Jan Zahl