Kjærleik og forakt hand i hand

GJESTEKOMMENTAR: Når spiritualitet og konspirasjonsteoriar flyt saman, kan kald forakt pakkast saman med varme ord om kjærleik.

Brått er fanatiske og til dels valdelege konspirasjonsteoretikarar og fredelege mediterande menneske på same lag. Foto: Dario Lopez-Mills, AP/NTB og Shutterstock/NTB

  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

I ein artikkel i nettmagasinet Fri Tanke fortel John Færseth om ein demonstrasjon mot smitteverntiltak i Oslo, 14. februar.

Blant dei i underkant av 200 demonstrantane er folk i alle aldrar og frå ulike miljø. Han skildrar «unge hippier med islender og dreadlocks», men nemner også kjende fjes frå Sian og leiaren for ytre høgrepartiet Alliansen, Hans Jørgen Lysglimt Johansen. Blanda drops.

Fleire av talarane på arrangementet kom elles med idéar som definitivt kan omtalast som konspirasjonsteoretiske:

Ein av dei, Are Hegrand, omtalte Stortinget som «den katolske kyrkja» og som «Roma sin forlenga arm».

Ein annan, Roger Hegerland, påstod at den britiske statsministeren Boris Johnson hadde tinga koronatestar alt i 2018, at alt var «nøye planlagt». Så snakka han om Vannmannens tidsalder, eit omgrep mange kanskje fyrst og fremst vil forbinda med nyreligiøsitet.

Mykje snakk om kjærleik og nærleik rann saman med ein kald forakt mot dei styrande. Mot slutten av arrangementet dukka den tidlegare TV-trim-stjerna Kari Jaquesson opp. Ho sa at det er mange i Norge som ikkje kan få seg til å tru at myndigheitene våre, at politikarane våre, folk som ser heilt normale ut, kan vera så vonde.

Pastell-QAnon

I desember skreiv yogalærar og forfattar Siw Aduvill ein tekst i tidsskriftet Harvest, der ho fortalde om korleis ho i sosiale media fekk servert konspirasjonsteoriar om koronaviruset, om vaksinar og om sataniske ritual. Aduvill peikte konkret på konspirasjonsteoriar frå QAnon-universet. Det er eit konspirasjonsteoretisk univers eg også tidlegare har skrive om her i Aftenbladet. Dessutan er det eit univers nemnde Hegrand har formidla idéar frå på sin eigen blogg.

QAnon i kortversjon? Ein hemmeleg insider i Trump-administrasjonen, kalla Q, vert påstått å ha teke i bruk nettforumet 8chan (seinare kalla 8kun) for å anonymt fortelja om presidenten sin kamp mot den såkalla djupstaten. Denne djupstaten er kopla til ein verdsomspennande, satandyrkande elite. Som mellom anna gjer seg skuldige i grufulle overgrep mot born.

For berre nokre dagar sidan spurte BBC om yogaen har eit konspirasjonsteoriproblem. Tilbake i november skreiv Insider Magazine om det same. Ja, jamvel Cosmopolitan har skrive om det som vert kalla «pastell-QAnon».

Mørket kom sigande

I Insider vart yogainstruktøren Jennifer Davis-Flynn intervjua. Ho fortalde at Instagram-feeden hennar byrja å endra seg i mars, idet andre i yogamiljøet uttrykte tvil om kor alvorleg covid-19 eigentleg er og stilte spørsmål ved nedstengingar og munnbindreglar, gjerne i kombinasjon med å peika på naturmedisin og meditasjon som botemiddel.

Så – i april – vart det mørkare. Då dukka konspirasjonsteoriane opp, at viruset eigentleg var forårsaka av 5G-teknologi eller at det var ein svindel. Brukarkontoar som tidlegare hadde publisert inspirerande bodskap, gjerne om lys og kjærleik, byrja å snakka om ei fælsleg underverd med overgrep mot born, om djevelen og om ein komande krig mellom det gode og vonde.

Insider Magazine syner til fleire døme. Yogainfluenseren Stephanie Birch skreiv om ein andeleg krig, og inkluderte omgrepa «Great Awakening» og «WWG1WGA» («where we go one, we go all»), båe klåre referansar til QAnon.

Buti Yoga-grunnleggjaren Bizzie Gold har på si side delt videoar om ein «satanisk agenda», der også stoffet adrenokrom vert nemnd. Det er ein kjemikalie som i QAnon-verda vert påstått å bli hausta frå hjernane til livredde born i samband med grufulle overgrep, og nytta som rusmiddel av dei sataniske elitane.

Gold fortalde elles Insider at ho ikkje rekna seg som tilhøyrande QAnon-miljøet, og meinte at det å knyta folk til miljøet var ei heksejakt.

Les også

Øyvind Strømmen: «Q-galskapen»

Kva er forklaringa?

Kvifor i all verda dukkar spinnville konspirasjonsteoriar om sataniske elitar opp i yogamiljø? I Harvest peiker Siw Aduvill på fleire forklaringar på det fyrste.

Ein av dei er at vaksinemotstand allereie har betydeleg sympati i miljøet, og at det har opna døra for konspirasjonsteoriar rundt både koronavaksinen og rundt sjølve viruset, mellom anna gjennom den virale videoen «Plandemic». Ein annan er at mistillit til helsemyndigheitene finn gjenklang i alternative miljø. Ein tredje at algoritmar på nettet skaper problem, du kan verta soge ned i eit kaninhol med stadig meir konspirasjonsteoretiske idéar.

Aduvill spør også om koronaen har radikalisert oss. «Koronaepidemien var som vind i segla og sende bølger av konspirasjonsteoriar over Atlanterhavet til Europa», skriv ho.

Det burde ikkje overraska, sjølvsagt. Både koronaviruset og koronatiltak kan skapa uvisse. Uvisse skapar mistru. Og mistru legg til rette for konspirasjonsteoriar. Men som Gabriel Fliflet skreiv i Bergens Tidende i november, etter å ha sett ein demonstrasjon mot koronatiltak der i byen: «Når luften fylles med uriktige beskyldninger og mistro, blir det mindre plass til den kritikken Erna Solberg faktisk fortjener.»

Dette gjeld også om konspirasjonsteoriane vert pakka inn i pastellfargar. Men det fører, om ikkje anna, til rare alliansar.

Les også: Ekspertene kaller koronavaksinen det største gjennombruddet i vaksinens 224-årige historie og et paradigmeskifte. Mens noen jubler, er andre skeptiske. Har vaksinemotstanderne grunn til å være skeptiske?

Publisert:
  1. Konspirasjonsteorier
  2. Qanon
  3. Gjestekommentar
  4. Øyvind Strømmen
  5. Yoga

Mest lest akkurat nå

  1. Går mot cupskrell: Straffebom, rødt kort og scoringer

  2. Deltavarianten har tatt over. Disse grafene viser hva som nå kan skje i Norge.

  3. Island stenger ned nok en gang

  4. Solskjær forlenger med Manchester United

  5. Spilte på lag med stjernene: Nå er han storscorer for lokal klubb

  6. Luftambulanseoppdrag på Skomakernibbå i Hjelmeland