Einsam og åleine? Gode arenaer for samhandling er avgjerande

GJESTEKOMMENTAR: Fleire enn nokon gong bur åleine, og einsemda aukar. Sjølvsagt kan ein vere åleine og ikkje einsam, men einsemda til åleine-buande ser ut til å ha blitt forsterka av koronaen.

Einsemda aukar mest i yngre aldersgrupper.
  • Marte C. W. Solheim
    Marte C. W. Solheim
    Førsteamanuensis, leiar for Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er 80 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Å vere åleine er herleg, så lenge det er sjølvvalt. Det er soleis noko anna enn å vere einsam, for då saknar ein kontakt med andre menneske. Denne kjensla kan òg vere sterkt framme i lag med andre, for det handlar om å ha nære, givande relasjonar. Dette har vore utfordrande gjennom pandemien, med avgrensa sosial kontakt, der fleire av oss nok har kjent oss som statistar i 90-talsfilmen «En ny dag truer», der hovudpersonen, ein vêr-reportar, vaknar til den same dagen igjen og igjen.

Aukande tendens

Det snakkast mykje om at fleire og fleire bur åleine. Tal frå 2021 viser at vi har passert ein million åleine-buarar i Noreg. Samstundes tek fleire til orde for at vi vert meir einsame, og Statistisk sentralbyrå (SSB) vektlegg at dette er forsterka under korona-krisa.

Samanlikna med andre land er den generelle einsemda i Noreg lågare enn i dei fleste andre land, men det kan tyde på at det er ein samanheng mellom å vere åleine-buande og einsemd. Før korona-pandemien var det verken norske eller internasjonale studiar som tyda på generell auke i einsemd i samfunnet, og forskarane måla soleis eit meir positivt bilete, men peikte på ein auke blant ungdom. Studiar gjennomført i 2012 og 2020 synte at auka var særleg stor blant åleinebuande under 35 år.

Det er usikkerheit knytt til samanlikninga, noko SSB tek høgde for, og dei kan ikkje rekne som umogleg at einsemda i samfunnet har vorte meir utbreidd i løpet av desse åtte åra, uavhengig av korona-pandemien. Samstundes vektlegg dei at det er grunn til å tru at einsemda er enno meir utbreidd i dag enn den var i starten av korona-krisa.

Yngre meir einsame

Eit døme på dette er data innsamla av Norsk koronamonitor frå Opinion, der dei oppgjev at fire av ti nordmenn sa at som følgje av pandemien kjende dei seg for tida einsame. Her ser vi at einsemda er merkbar i alle aldersgrupper, men særleg framtredande hjå dei yngre, der eit fleirtal er einsame (ein ser òg at fleire enn før bur åleine, opp 0,5 prosentpoeng frå 2020 til 2021), og einsemda har auka mest i aldersgruppa 16–29 år, der 22,4 prosent bur åleine.

I tillegg er einsemda høgast blant nordmenn som bur åleine, og omtrent ti prosentpoeng høgare hjå befolkning med innvandrarbakgrunn.

Tre av fire nordmenn seier dei saknar meir kontakt med andre menneske (noko som er 21 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet for fjoråret). Nora Clausen i Opinion seier at på trass av at vi saknar meir kontakt med kvarandre i år enn i fjor, så er det teikn på at toppen vart passert i februar. Det kan hende at frykta for muterte virus gjorde at nokre tenkte at ein ikkje sakna meir kontakt då, trass alt.

Flyktningane som kjem no, må få oppleve at det finst gode arenaer for samhandling.

Arbeid og sosial kontakt

Med den pågåande krigen i Ukraina, er millionar menneske på flukt i det som vert omtalt som den største flyktningstraumen i Europa sidan andre verdskrig. I skrivande stund vert norske kommunar bedne om å busetje 35.000 flyktningar i 2022 (UDI har varsla at det kan bli snakk om 60.000). Ein oversikt over førespurnaden på kommunenivå syner at det er venta 750 ukrainske flyktningar til Stavanger, 360 til Sandnes, 110 til Sola og 165 til både Gjesdal og Time, samt til fleire av kommunane rundt. Det er mange menneske som skal busetjast og direktør i Integrerings og mangfaldsdirektoratet, Libe Rieber-Mohn, seier at skal vi lukkast, er rask busetnad heilt avgjerande.

I dette ligg det at dei som kjem, kjem seg raskt inn i arbeid og utdanning. Her må fellesskapet setjast i fokus, og at dei som kjem, vert tekne i mot på ein god måte – dei må få oppleve at det finst gode arenaer for samhandling.

Einsemd og økonomien

Vi veit at sosiale band er viktige ikkje berre for helsa, men også for produktiviteten. Internasjonalt har Chaira Burlina og Andrés Rodríguez-Pose nyleg gjennomført ein studie på tvers av europeiske regionar, der dei gjer eit poeng ut av å skilje mellom det å vere einsam («lonely») versus det å vere åleine («alone»). Dei finn at ein større del av menneske som bur åleine, medverkar til å drive økonomisk vekst – om dei held seg aktive i arbeid og er viljuge til å bygge nettverk og samhandle med andre.

Samstundes førespeglar dei to at samanhengen mellom einsemd og økonomisk vekst er avhengig av hyppigheita av møte mellom menneske. Her er dei innom det dei kallar ein «sweet spot» for interaksjon – eit slags optimalt gjennomsnittleg nivå av samhandling på veke-basis.

Det er nemleg mykje magi å finne i gode møte mellom menneske.

Det handlar om å bli sett og samhandle med andre menneske, det vere seg i oppgangen i blokka der ein bur, på arbeidsplassen, skulen, eller på leikeplassen for å nemne noko. Det handlar om å ha nære, givande relasjonar til andre.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Sju av ti vil ta fjerde vaksinedose

  2. Hvordan vi taklet følelser og frykt under pandemien

  3. 22 millioner kinesere ute av korona-karantene

  4. Ny koronatest kan vise hvor god beskyttelse du har

  5. FHI vil trolig ikke anbefale ny vaksinedose til dem under 45 år

  6. Pfizer vi selge medisiner til fattige land uten profitt

  1. Korona-viruset
  2. Gjestekommentar
  3. Ensomhet
  4. Psykisk helse
  5. Marte C. W. Solheim