Pøbels lange armar

KOMMENTAR: Klart Erling Braut Haaland kan symbolisera håp, trass og kraft. Men alt det kan også drukna når mannen på veggen blir for stor.

Bles verkeleg jærbuar heltane sine opp til dette?
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Kommentator
Publisert: Publisert:

Når toget ditt stoppar på Bryne, om du skal av eller vidare, til og med om det ikkje stoppar i det heile tatt, vil du bli fanga av Erling Braut Haalands lange armar. Med vengespenn berre ei ørn kan måla seg med, med knytt neve i metall, sprenger overkroppen hans seg frå asfalten og oppover den gamle meieriveggen. Neven når langt over taket, armane frå vegg til vegg. Det er laga av Pøbel. I fleire omgangar, på nettene. Det er støtta av Bryne Næringsforening.

Pøbel seier sjølv han er opptatt av å laga kunst om tida vi lever i. Då måtte vel eit bilde av Erling Braut Haaland bli gigantisk? Han er sannsynlegvis den mest kjende nordmannen i verda akkurat nå, han tener fleire svært gode årslønner på ei vanleg veke, ufattelege pengekrefter står bak, ufattelege mengder fans også.

Jærbuen

Han er jo jærbu. Braut Haaland, altså. Som nokså liten fortalde han læraren sin, som nå er ordførar i Time, at han skulle bli fotballproff. Som faren. Så skule var ikkje så viktig for han.

Han blei det han ville. Det finst ei sånn ånd på Jæren, om at du kan gå dine eigne vegar, du kan klara finna fram sjølv. Du kan arbeida med ditt, gjera som far din, skaffa deg eit godt liv, uansett korleis du klarte deg på skulen. Samtidig er det nesten hundre år sidan Bryne fekk gymnas. Rogaland offentlege landsgymnas, heitte det då. Det skulle sikra at landsens ungdom også kunne få tilgang til bokleg kunnskap og utdanning, sjølv om du ikkje var fødd inn i ein familie som stod slikt nært. Men kor hardt du arbeidde, stod uansett høgast. Høgare enn kva du arbeidde med.

Håp, trass, kraft og arbeid. Det er klart Erling Braut Haaland kan symbolisera slikt.

Gatekunst kan også bli
autoritær og nedlatande.

Giganten

For meg ser likevel det enorme bildet merkeleg framandt ut på meieriveggen på Bryne. Bles jærbuar verkeleg heltane sine opp til dette? Til noko så gigantisk? Eg trudde det ennå var ein stad der det er viktig å vera likemenn. Vita og visa at den eine er avhengig av dei andre. Men det er kanskje rein nostalgi. Kanskje er det berre di eiga kraft som nå er verd å applaudera, sjølv på Jæren.

Den enorme dimensjonen, den knytte neven som når over taket på det gamle meieriet, minner meg om ganske mektige tradisjonar frå andre stader og tider: Svære, ruvande menn på sokkel. Litt sånn småflaut i våre vanlege byar, reine maktdemonstrasjonar i andre. Også Saddam Hussein heva neven, også Lenin ruvar over det meste. Og mildare – også Diego Maradona brukte handa til eigen fordel, under kvartfinalen i VM i 1986. Han kalla det «Guds hand».

Dei som laga sånne svære menn på sokkel, gjorde det i maktas teneste. «Her folkens, her er den største. Han skal ikkje rokkast ved.» Kva blir det når ein lagar svære menn på svære vegger? Ein protest på alt det? Eller ein ny maktdemonstrasjon?

For Pøbel har jo også blitt mektigare. Gatekunst kan ta seg retten til å vera det sterkaste innslaget av kunst i våre liv, anten vi vil det eller ikkje. Den kan ta plass på vegger og stader som alle ser, som er alle sine, som er ein del av kvardagen vår. Som du ikkje kan velja vekk. Gatekunst kan også bli autoritær og nedlatande.

Pøbel er ennå anonym, han jobbar på nettene, det svære Haaland-bildet har blitt til litt etter litt. Det triggar oss som jobbar i media. Viss vi kan få vita litt, røpa litt, få tilgang, få vera dei som er med, som veit, som publiserer først. Jo fleire augeblinkar, jo fleire nyheitssaker. Han varslar avduking, han drar i hjartestrengene våre, Aftenbladet rykker ut og sender direkte når Haalands ansikt og knyttneve blir avduka til kongeleg trompetfanfare.

Les også

I natt ble en ny hånd i fotballhistorien heist opp på taket over Bryne

Koronakjærastane, eit steinkast unna, men på ein heilt annan stad.

Steinkastet

Alt det er berre eit steinkast unna Pøbels eigen «The Lovers» – koronaverket vårt. Plassert på ein heilt annan vegg, i jernbaneundergangen. Synleg, men berre når du er nært på. Dei elskande er ikkje kjende profilar, plasseringa ikkje prangande. Bildet er fylt av trass og håp, for kven som helst, for alle.

Noko Pøbel sjølv seier ligg i bildet av Erling Braut Haaland – guten som hadde ein draum, sette seg eit mål, og gjorde draumen verkeleg.

Det er få ting vi treng meir akkurat nå enn håp. Det er til alle tider få ting barn og unge treng meir enn håp. Bortsett frå ein trygg plass å høyra til. Og kjærleik.

Jo, det er berre eit steinkast mellom «The lovers» og Erling Braut Haaland-veggen. Men det prangande og påtrengande i Braut Haaland-bildet plasserer det likevel milevis frå den mørke jernbaneundergangen og korona-kjærastane. Over til å bestemma for alle kven som er størst, kven som ikkje skal rokkast ved. Kven som skal visast fram for alle, alltid.

Kunsten har drive med slikt til alle tider. Når kunsten blir vellykka, vil makta gjerne sola seg litt i glansen. Pøbel og Næringsforeninga har bestemt kva Bryne skal visa fram. Og i kva målestokk. Det er ein på alle vis ruvande Haaland.

Det er håp og kraft plassert i eit ungt menneskes suksess, smurt så svært utover at ein kan bli liten av det. Og mista andre ting av syne.

Pøbel vil laga kunst om vår eiga tid. Det var kanskje akkurat det han gjorde nå.

Les også

  1. Verdens mest omtalte fotball­spiller er fra Bryne. Men penge­galoppen bør bekymre alle som liker fot­ball

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Sprengningsuhell ved Auglendstunnelen – sørgående felt vil være stengt hele natta

  2. Fra i dag blir det ny nettleie. Slik kan du påvirke strømregningen

  3. I pausen på basketballkampen kom ideen. Nå kan mobiltelefonen bli hjertestarter

  4. Slik får de strandsonen til å fremstå privat. Her kan du gå og ikke gå i sommer.

  5. – Før var Randaberg et lite bondesamfunn, nå er vi en moderne og urban landsby

  6. Egil Ingve Larsen er død