Slangen ved brystet – kva hatet og hetsen i sosiale medium kan føra til

GJESTEKOMMENTAR: Hat og hets utgjer eit trugsmål mot ytringsfridomen. Og ei fåre. Men fyrst og fremst er dei uttrykk for at nokre skulle ha hatt tilsnakk frå mor.

Publisert: Publisert:

På grunn av grov hets og hatretorikk varsla statsminister Solberg med denne teksten at ho måtte stenga for at utanforståande kunne skriva fritt på facebookveggen hennar. Men i kommentar­­feltet til denne teksten òg heldt svineriet fram. Foto: NTB scanpix og skjermdump frå Facebook

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Fyrst i desember sat eg på bussen, på veg til jobb, og vart fylt av kvalme. Eg las nemleg på Erna Solberg sin facebookvegg, og i kommentarfeltet hagla ukvemsorda mot statsministeren. Der kunne eg lesa at ho er ein landssvikar. Ho dreiv med rævslikking for å få ein godt betalt FN-jobb, stod det, og ho vart også samanlikna med Vidkun Quisling. Ein mann meinte det var på tide å bomba Stortinget.

Nokre dagar seinare skreiv statsministeren at ho forventar at folk heldt seg til alminneleg folkeskikk. Rasisme og grove krenkningar kjem til å bli sletta, skreiv ho.

Og i kommentarfeltet? «Hun ber om at norske folk avretter politikere som er så korrupte som henne», svarer ein kar. Ei kvinne seier at Erna Solberg vil gå inn i historia som «vårt lands forræder». Ei anna legg til at Gro Harlem Brundtland er landsforrædar, og ber Solberg om å ikkje verta ein til.

Eg er kanskje ikkje overraska. Eg har lese kommentarfelt før. Eg har sett hetsen velta fram mot fleire politikarar og samfunnsdebattantar. Dette er ikkje nytt under sola.

Ytre høgre, men ikkje berre der

Slik vender ein lokal folkevald for Frp seg til statsministeren i den regjeringa Frp er med i. Foto: Skjermdump frå Facebook

Ein av dei som retta landssviksskuldingar mot Erna Solberg på Facebook – rett nok på sin eigen facebookvegg – var nestleiaren i Arendal Frp, Maurith Julie Fagerland. «Dere behandler folket – og landet – som dritt og velger kun å se egen vinning!», skreiv ho. «Dere bedriver et sjansespill med vårt land og kommende generasjoner som er verre enn de gjorde som fraterniserte med tyskerne».

Frp sin innvandringspolitiske talsperson, Jon Engen-Helgheim sa til Dagbladet at han ikkje tok det så veldig tungt. «Vi må slutte å gå etter folk på grunn av ord og vendinger», sa Engen-Helgheim. Smak på det: Dette er ei ufarleggjering av det å kalla statsministeren ein landssvikar. På Facebook har Engen-Helgheim rett nok omtala slike skuldingar som «useriøst, uriktig, kunnskapsløst og ufint».

For nokre år sidan, etter 22. juli, var det dei som framheva anonymiteten i kommentarfelta som problemet. Som forklarte hets, hat, konspirasjonsteoriar og grov rasisme med at anonymiteten gjorde at folk kunne lira av seg kva som helst. Kommentarane eg viser til over er alle skrive under med det som – iallfall tilsynelatande – er fullt namn.

Ein kan også sjå kva kjelder dei nyttar for raseriet sitt. Blant kjeldene som dukkar opp, er den høgreradikale nettavisa Resett, den statssponsa tenketanken – som nyleg også omtala seg positivt til å gå laus på religionsfridomen og å forby islam, og også den amerikanske «islameksperten» Bill Warner, som eigentleg er fysikar, og som også dukkar opp i kjeldelista i Hege Storhaug si bok «Islam – den ellevte landeplage». Kjeldene avslører – i akkurat dette tilfellet – at det er ytre høgre som har herja på Erna Solberg sin facebookvegg. Tidleg i desember var Erna Solberg sin facebookvegg rett og slett eit godt døme på korleis relativt marginale stemmer kan dominera i eit sosialt medium.

Men lat det no vera pinleg klårt: Svinsk retorikk mot politikarar kjem ikkje frå berre den kanten, og har meir enn berre ein politisk farge. Engen-Helgheim har sjølv fått meldingar frå ein lokalpolitikar i SV, Eirik Nilsen, som kalla han eit svin, eit utyske av ein rasist, samanlikna han med Hitler og sa at han hadde «null verdi som menneske». På sin eigen Facebook-vegg får Nilsen jamvel skryt for dette.

Les også

Jarl Wåge: «Sjokkerande hat mot muslimar og Ap, – Sylvi Listhaug er den store frelsaren»

Verre er det at landssvik-skuldingar og oppfordringar til vald kan bli lesne av nokon som tek dei på alvor.

Folkeskikken følgde ikkje etter

Kanskje er det ein av facebookvenene mine, me gjekk på gymnaset saman, som kjem nærast. Han skriv at folk manglar eit filter når dei kommenterer på nett. At dei ikkje tenker over at heile verda kan lesa det dei skriv, der dei sit heime i si eiga stove. At dei rett og slett ikkje innser kor offentleg dei faktisk opptrer. Sosiale medium har gjeve oss nye kommunikasjonsformer, nye måtar å snakka saman på. Men folkeskikken har kanskje ikkje følgt etter?

Nokre har meint at eg eigentleg helst skulle halde kjeft om dette. At eg burde rapportert nokre av dei verste kommentarane til Facebook, kan hende, og elles latt det gå forbi i det stille. På eitt vis kan det sjølvsagt vera freistande ikkje å gje merksemd til ein høglytt minoritet som roper til oss at dei er ein del av ein taus majoritet. Men på den andre sida: Når det å vera politikar betyr at ein må vera budd på hets, er det eit samfunnsproblem. Når hetsen veltar fram, får det nokre stemmer til å tagna, noko som er eit reelt trugsmål mot ytringsfridomen. Når sjølv statsministeren sin facebookvegg vert ein kanal for både konspirasjonsteoriar og reine valdsfantasiar, ligg det ei fåre i dette. Det er dei som vert oppglødde av slikt.

På ytste høgrekant er det sjølvsagt dei som trur at ståheien er eit uttrykk for at dei vinn fram, og at det no – for å sitera ein langt ferskare kommentar, også den frå statsministeren sin facebookvegg – berre gjenstår å få stilt Erna Solberg for riksrett og å få dømd henne for landssvik. Verre er det at landssvik-skuldingar og oppfordringar til vald kan bli lesne av nokon som tek dei på alvor.

Dette er ein slange du som er sint i sosiale medium ikkje vil ynskja å ha næra ved brystet.

Les også: «Facebook er staden du kan halda deg med dine eigne og hata andre, eller vera taus. Og vi som trudde det skulle bli så fint.»

Publisert:

Les også

  1. Nå skal Stavanger-politikerne lære om nettvett

  2. Hilde Øvrebekk Lewis: «Menn som hater»

  3. Natasja Askelund: «Demokratiet tåkelegges og utvannes – nå er det grunn til å være redd»

  4. Audhild Skoglund: «Sosiale medier som karriereknuser»

Mest lest akkurat nå

  1. To nye tilfeller av koronasmitte i Sandnes

  2. Stavanger-kvinne blir tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester»

  3. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  4. Flere tidligere toppolitikere kjemper om samme lederjobb i Stavanger

  5. Skyting utenfor Det hvite hus – Trump avbrøt pressekonferanse

  6. 80 syklister og elsparkesyklister bøtelagt i Oslo

  1. Sosiale medier
  2. Hatkriminalitet
  3. Erna Solberg
  4. Gjestekommentar
  5. Øyvind Strømmen