– Eg trudde aldri eg skulle ønskja meg danske tilstandar i norsk innvandringspolitikk. Men nå gjer eg det

KOMMENTAR: Eg trudde aldri eg skulle koma til å ønskja meg danske tilstandar i norsk innvandringspolitikk. Men nå gjer eg det.

Publisert: Publisert:

AP-politikerne Masud Gharahkhani og Jonas Gahr Støre har signalisert en strengere linje i innvandringsspørsmålet. det har vekket debatt og engasjement - begge veier. Foto: Roald, Berit / Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Ap har lenge sete på sidelinja i innvandringspolitikken. Dei kunne valt å entra banen med alvorleg tale og gode initiativ til modige, samlande løysingar på eit felt som aldri kjem til å gå heilt opp.

I staden har dei nå begynt å springa rundt og ropa seg håse om at dei eigentleg er akkurat som Frp. Noko som igjen får Frp til å tvihalda på eigarskapen dei har kara til seg på feltet, først og fremst med småleg og vulgær ordbruk.

«Snakket om at vi kan hjelpa så mange fleire viss vi bruker pengane der dei alt er, kan fort bli rein og kynisk ansvarsfråskriving der alle europeiske land kollektivt snur ryggen til.» Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Og det var det.

Det er faktisk alvor

Det er her Danmark dukkar opp. Ved Socialdemokratiet, Aps systerparti.

Dei inviterer til tverrpolitiske løysingar. Dei ønskjer seg breie forlik for å skapa ro og tyngde på innvandringsfeltet. Dei vil ha like svære og levedyktige kompromiss om dette som dei har om folkepensjonen og gratis helsehjelp til alle.

Og dei vil ha slutt på at partia enkeltvis bruker innvandring til å scora billege, kortsiktige poeng for å skaffa seg veljarar eller ta dei tilbake frå andre parti.

Dei oppfordrar kort og godt til å leggja vekk partiprestisjen og retorikken, og gå opent inn i diskusjonane for å finna det dei kallar ein «rettferdig og realistisk» innvandringspolitikk for Danmark. I eit forlik som kan bidra til å gi feltet ei politisk retning i lang, lang tid.

Menneskesmuglarar har tatt nøklane

Det er ikkje sikkert ein treng vera einig i kva danskane definerer som realistisk og rettferdig. Her er fallgruvene og dilemmaa mange. Men eg skulle ønskja at dei store partia også i Norge ville leggja vekk den billege og til tider reint vulgære retorikken, og heller prøva å finna løysingar.

For folk druknar i tusenvis på farefulle reiser over Middelhavet. Ein må som kjent koma seg inn i det gjeldande landet før ein kan søkja asyl. Dermed sit menneskesmuglarar med nøklane til ei ny framtid i Europa for flyktningane.

Avtalen EU har gjort med den tyrkiske presidenten Erdogan er i praksis også ein handel med menneskeliv. For Erdogan tolkar det nok som at han kan tura fram som han vil mot kurdarane, så lenge han held skansen for heile Europa mot flyktningstraumen.

Ein kan like lite la Erdogan sitja med nokon nøkkel i den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen, som å la menneskesmuglarar gjera det.

Ta nøklane tilbake

I Danmark føreslår ein å gjera det umuleg å søkja asyl på dansk jord. Det må skje før, i store flyktningmottak i nærområda.

Frankrikes president Macron er blant dei som er i gang med eit slikt arbeid. Og i den nye regjeringserklæringa føreslår regjeringspartia at Norge koblar seg tettare på desse europeiske prosessane.

Det er FNs kvoteflyktningar ein skal ta i mot, dei FN reknar som ekstra sårbare, det er einslege kvinner, homofile, religiøse minoritetar, politiske aktivistar, barn. Det er menneske som er i stor fare i nærområda.

Europeiske land må saman ta nøklane tilbake for å hjelpa desse ut og gi dei ein ny start.

Samtidig må ein arbeida internasjonalt og gjensidig forpliktande om å betra forholda i nærområda.

Også her må ein nøkkel vera sterke, langvarige og gjensidige forpliktingar for alle EU-land, og for alle oss som samarbeider med EU-land.

For snakket om at vi kan hjelpa så mange fleire viss vi bruker pengane der dei alt er, kan fort bli rein og kynisk ansvarsfråskriving der alle europeiske land kollektivt snur ryggen til og definerer flyktningkrisa i verda som over så snart vi slepp å sjå dei ved våre grenser.

Kan EU klara dette? Kan Frankrike og Tyskland gå i bresjen?

Klarer dei ikkje dette, er vi ikkje det Europa vi meiner det er så viktig å halda i hevd. Og klarer ikkje vi her i landet å vera med på det, må Ap straks stryka «human» frå ramsa si om innvandringspolitikk, og regjeringa «ansvarleg» frå si.

Liv og framtid

Innvandringspolitikken i alle europeiske land gjeld folks liv og framtid. Eg skulle ønska vi hadde politikarar med mot til å snakka om det på ein måte der nettopp det alltid veg tyngst. Tyngre enn å bruka billege ord for å ta eigarskap til å vera strengast, slik Frp har gjort, og Ap hoppar opp og ned for å gjera. Det er eit snuskete spel.

Og mens ein nasjonalt og internasjonalt prøver å laga bindande avtalar som både sikrar at dei som FN meiner må bergast ut, blir berga ut utan hjelpa av menneskesmuglarar, og at nærområda får si marshallhjelp i stor monn og lang nok tid, utan at kjeltringar som Erdogan får herja på − ja, mens politikarane driv med det, må dei samtidig tora fiksa det som er himmelropande galt innanfor eigne grenser.

Mot

I Norge må vi umiddelbart stoppa å senda folk i retur til Afghanistan. Det var kanskje forholdsvis trygt den gongen ein begynte med det. Nå er det livsfarleg. Så stopp!

Gi oktoberbarna amnesti. At vi lar einslege barn under 18 sitja her, aleine i eit framandt land, og vita at dei vil bli sendt ut i det ukjende den dagen Norge meiner dei er 18, er ein avskyeleg politikk. Det er statleg barnemishandling med lova i hand. La dei få bli!

Det same gjeld dei få gamle damene regjeringa gjerne vil ha til å reisa ut. La dei bli!

Så får de heller endra reglane etterpå, viss de meiner det trengst. Andre land, som for eksempel Storbritannia, har fleire gonger brukt amnesti når noko har køyrt seg fast. Det er ikkje naivt. Det er ansvarleg.

Vi har framleis den største flyktningkrisa sidan andre verdskrig. Ta ansvar! Nei, ikkje begynn med å ropa om kven som eigentleg alt tar mest ansvar og i lengst tid har hatt mest rett.

Vis heller mot!

Publisert:

Les også

  1. «Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»

  1. Innvandring
  2. Asyl
  3. Afghanistan