Nyt sjømaten – utan skam!

GJESTEKOMMENTAR: Som nordmenn flest, et eg mykje sjømat om sommaren – men kva kan vi ete utan skam no i desse miljøtider?

Publisert: Publisert:

No kan vi igjen ete scampi – om vi passar på at han er miljøsertifisert. Mykje av scampien i butikkane er det no. Foto: NTB scanpix

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond

Eg veit ikkje med dokker, men sommaren for meg blir ikkje det same utan sjømat. Det er noko med lukta som med ein gong får meg til å gløyme rapportane eg må lese og arbeidet eg må gjere, og som får meg til å slappe av og kjenne på sommarlukka.

Det eg derimot kan greie meg utan i sommar, er skam. I det siste kan det verke som om mange trur at det er skamma som skal redde verda. Flyskam skal rettleie oss til å ta meir berekraftige transportval. Kjøttskam blir etterlyst etter Brennpunkts dokumentar om svineindustrien. Og du las kanskje mi førre gjestespalte her i Stavanger Aftenblad, kor eg tok avstand frå oljeskamma.

Eg trur nemleg ikkje skam er vegen å gå for å motivere oss til å bli meir miljøvenlege. Det vi treng er informasjon og inspirasjon. Vi treng rett og slett at det blir tilrettelagt for gode miljøval i kvardagen. Det gjeld også for sjømaten vi puttar på grillen.

Havets tilstand

Då FNs naturpanel i mai la fram sin omfattande rapport om statusen for naturmangfaldet i verda, vart mykje av det vi har frykta om fiskebestandane bekrefta: 93 prosent av dei er anten overfiska eller fullt utnytta. Havet har mista nesten 40 prosent av mengda liv – og det berre sidan 1970.

For mykje av livet i havet er situasjonen kritisk. Ein av dei viktigaste grunnane er rett og slett at vi hentar opp for mykje fisk og sjømat.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Dyrene dør, og det er vår feil»

Likevel, for den jamne forbrukar er det svært vanskeleg å skulle ta innover seg desse enorme problema. Når vi puttar varer i handlevogna på veg heim frå ein slitsam dag på jobb, og prøver å velje middag for svoltne – og nokre gonger kresne – ungar, er det ikkje alltid at vi kan ha forvaltingspraksis for dei ulike fiskeartane lengst framme i pannebrasken. Og kven klarar eigentleg å hugse på korleis det står til med makrellbestanden for tida, og kva for arter som er inne og ute av miljøsertifiseringsordningane sidan sist?

Scampi – ein miljøversting?

Ta scampien, til dømes. For nokre år sida vart det retta mykje søkelys mot dei store miljøutfordringane rundt forvaltninga av denne store, gode og svært populære tropiske reka. Oppdrett av scampi er mange plassar med på å utrydde mangroveskog og forureine miljøet. Ville tropiske reker vert også overfiska, og fangstmetodane knuser ofte korallrev.

Mange eg pratar med har fått med seg dette, men har likevel ikkje fått med seg at dei ikkje lenger nødvendigvis må holda seg unna scampien når han står i butikken eller på restauranten. No kan ein altså igjen ete scampien – om ein passar på at han er sertifisert. Det er ikkje rart om du blir forvirra.

Sjømatguiden

Det er difor vi har utvikla Sjømatguiden – for å gjere det enklare for deg som vil ta grønare val i ein stressa kvardag. Konseptet er enkelt: Har du mobilen med deg på butikken, kan du gå inn på Sjømatguiden og søke på det du vurderer å ete. Om ein art er merka som grøn, veit du at han er fiska på ein måte som ikkje skadar miljøet, at han kjem frå ein bestand som er i god forfatning og at forvaltninga er god. Er han rød, bør du styre unna. Den gule kategorien er for dei som er litt meir i gråsona. Desse er eit greitt val av og til, men du bør ikkje ete dei for ofte. Makrellen er dessverre no merka med gul. Målet er sjølvsagt at alle artar etterkvart oppnår grøn status.

Så kva har skjedd med scampien? Grunnen til at du ikkje lenger alltid må styre unna, er at det finst både oppdrett og fiskeri etter scampi som er miljøsertifiserte. For sjømat er det to sertifiseringsordningar vi i WWF Verdens naturfond lenar oss på – ASC og MSC.

ASC-sertifisering sikrar at produkt frå oppdrett er i samhøve med strenge miljøstandardar. Denne er ein truverdig, global sertifisering som opererer med full openheit. MSC er ei sertifiseringsordning for berekraftig fiskeri, altså villfisk fanga ute i havet på ein god miljømessig måte. Til dømes må fangstmengdene vere berekraftige slik at bestandar kan bli verande produktive og sunne, og områda fiske gjerast i må ha vedtekne forvaltningsplanar som stadfestar at det ikkje kan brukast fiskereiskap som skadar livet i havet.

Når du då finn scampi i frysedisken med eit av desse merka på, betyr det at du trygt kan putte han i handlekorga utan at det er med på å bidra til øydelegging av naturen. Og heldigvis – ganske mykje av scampien du finn på den norske marknaden er no faktisk sertifisert.

Ver heller stolt!

Det er nok ikkje skamma som kjem til å redde miljøet. Derimot kan god og tilgjengeleg informasjon kanskje ta oss eit lite stykke nærare. Med Sjømatguiden ynskjer vi i WWF mest av alt at du skal kunne nyte grillmaten i sommar utan å måtte lese deg opp på bestandstal og forvaltningspraksis. Utan sjømatskam, men med stoltheit over å vere med å bidra til å redde verdshava.

Så kva skal eg gjere med scampien i sommar? Han er god på grillen, men aller best i ein litt sterk karri med kokosmjølk, koriander, sitrongras og grønsaker som paprika, sukkererter og vårlauk. Server gjerne med ris til.

God appetitt, – og god sommar!

Twitter: @bardvegar

Publisert:

Les også

  1. Vi vet at Dyreparken og Kongeparken kan tilby fornøyelse. Men hvem er best på mat?

  2. Sofies brev fikk Sola kommune til å snu

  3. - Situasjonen er fortvilet

  4. Tolv småis du kan spise med god samvittighet.

  5. Hva får vi for mye og for lite av i kostholdet? Dette er rådene.

  6. – Norske oljearbeidarar fortener ei takk, også frå oss som arbeider med miljø

  1. Gjestekommentar
  2. Bård Vegar Solhjell
  3. Bærekraft
  4. Mat og drikke
  5. Miljø